Kåre Willoch har skrive ein kronikk i Aftenposten om "Etnisk rensing som politisk metode". Kronikken er på mange måter eit framifrå og motig politisk dokument. Han peikar ganske riktig på at etnisk reinsing stammar frå tidenes morgon, og at sigersmaktene etter 2. verdskrigen brukte det flittig mot den tyske befolkninga i Tjekkoslovakia, Polen og andre austauropeiske land, i ein grad som ein ennå ikkje har nådd på Balkan.
I den samanhengen kan det vere nyttig å minne både KW og andre om at det berre var ein einaste nazi-stat som slapp etniske forflyttningar, og det var den verste av dei alle: Kroatia. Trass i omfattande massakrar mot den serbiske befolkninga - massakrar som best kan samanliknast med Holocaust - vart ikkje grensene for det nazistiske Kroatia endra under Tito. Det vart snarare serberane som vart forflytta, ikkje kroatene. Kvifor? Det kan vel knapt undre nokon at serberane gir svaret: Tito var sjølv kroat!
Dei serbiske områda i det nåverande "Stor-Kroatia" var Krajina (70% serberar), Vest og Aust-Slavonia ( vel 50%). Men den serbiske overvekta var langt større før krigen 1940-45 enn i 1990. Det sørga flittige kroatiske massemordarar for, blant anna i "Balkans Auschwitz", Jasenovac, der omlag 500 000 serberar vart myrda. (jfr. den opposisjonelle historikeren Vladimir Dedijer, og Jahn Otto Johansens bok om Ustasja).
Da Kroatia vart godkjent av Tyskland som eigen stat i 1991, skjedde det på årsdagen for Hitlers innmarsj i 1941, med dei samme grensene som nazi-staten, med samme flagg og myntfot, og med "rehabilitering" av ei rekke gamle krigsforbrytarar.
La oss forestille oss kva som ville skjedd, dersom ein del område med eit fleirtal av jøder vart innlemma i ein halvfascistisk stat med hakekorsflagget som symbol. Ville vi ha reagert dersom dei hadde tatt makta og jaga ut det befolkningselementet som stod i ledtog med dei nye, fascistiske styresmaktene, og myrda enkelte av dei? Svaret gir seg sjølv. Og det avslører det kvalmande hykleriet i Vesten når det gjeld konsekvensane av den forhasta anerkjenninga av Kroatia.
Eg har ikkje registert at Kåre Willoch har tatt dette inn over seg. I staden henger han seg på den generelle demoniseringa av serberane og Milosevic. Dette blir grundig avkledd i Audun Øfstis kronikk i Dagbladet 03.05.99. Han påviser, uten seinere å bli motsagt av verken Håkon Lund eller KW, at serberane ikkje har slåst for ekspansjonistiske planar. Tvert om har den serbiske kampen heile tida gått på motstand mot krymping av det serbiske området.
Det er dei andre partane, spesielt kroatene, som har ekspandert med vestens hjelp. Før bombekrigen starta 24. mars i år, var faktisk fleirtalet av dei etnisk utdrevne i tidlegare Jugoslavia serberar, 750000 i Serbia og eit ukjent antall i Srpska. Dette er kjennsgjerningar som KW stenger ute.
Å stenge kjennsgjerninger ute, kan ein angre på i ettertid. Både KW og underskrivne gjorde det i åra etter opprettinga av staten Israel. Inst inne visste vi at den prosessen endte i ei gedigen etninsk reinsing, slik KW heil korrekt peikar på. Men av misforstått lojalitet til jødane let vi oss dupere av den systematiske demoniseringa av palestinarane i norske media. Den gongen hadde Yassir Arafat like dårleg klang i dei fleste norske øyne, som Milosevic har i dag, - sjølv om eg ikkje er blind for visse trekk som taler til Arafats fordel.
Er du ikkje redd for, Kåre Willoch, å gjere den samme feilen overfor serberane som du ein gong gjorde overfor palestinerane? Vil du ikkje svare meg, bør du i alle fall svare på Øfstis veldokumenterte kronikk i Dagbladet.
Hartvig Sætra.