ERSTATNING ER IKKJE NOK
Ei ny mappe i POT (no PST) sitt hysj-arkiv er opna, og innhaldet var av ein
slik karakter at offeret har fått 30 000 kroner i erstatning. Det er
Dagbladet som melder dette 27. desember d.å. Denne gongen er det avisa sin
eigen konserndirektør, John Arne Markussen, det gjeld. Han vart ulovleg
overvaka i 1970- og 80-åra. Mappa inneheldt stenografisk referat av ein
telefonsamtale han som journalist hadde med redaktøren i ei samisk avis.
Fortida hans som medlem i Norges Kommunistiske Ungdomsforbund var også
registrert.
Høyr her, justisminister og PST: Desse småpengane til ofra for slik
lovstridig politisk overvaking er ikkje nok! Ofra må, kollektivt og
individuelt, få ei orsaking for den kriminelle trakasseringa som dei har
blitt utsett for.
Dei ansvarlege for desse ugjerningane må straffast. Vi må få ei bindande
forsikring om at slik overvaking av lovleg politisk og yrkesmessig verksemd
ikkje får gjenta seg.
Kjell Underlid
Medlem av Bevegelsen for sosialisme (BfS)