OPPDRETTSFRI SONE


Bergens Tidende har 29. september ein reportasje om nokre hytteeigarar i Os
kommune som protesterer mot at dei får hytteidyllen øydelagt av eit stort
oppdrettsanlegg. For nokre månader sidan sto det eit lengre lesarinnlegg i
same avis frå ein mann som kunne fortelje at hans barndoms fjord i ytre Sogn
var ramma av ei økologisk katastrofe som følgje av eit oppdrettsanlegg der.
Det er heller ikkje lenge sidan den vidgjetne Vestlands-forfattaren og
kulturpersonlegdommen Norvald Tveit i eit stort portrettintervju rasa over
det monsteret av eit oppdrettsanlegg som låg plassert rett utanfor huset
hans. Underteikna skildra stoda i Høydalsfjord-området i Flora kommune i eit
innlegg som sto på trykk i fleire aviser for nokre år sidan. Eg peika her på
mange uheldige verknader av oppdrettsverksemda for miljøet i fjorden der.

Dei norske fjordane er eineståande i verda og dei er blant dei fremste
turistattraksjonane som landet vårt har. Oppdrettsanlegga øydelegg for
turistnæringa, for småskalafiske, for hyttefolk, friluftsfolk og ikkje minst
for fastbuande langs kysten. På landejorda er det strenge reguleringar og
restriksjonar for oppføring av bustader og næringsbygg. Men nokre meter
utanfor fjæresteinane er det nær sagt fritt fram. Dette må det bli ein slutt
på. Hytteigarane i Os, og alle andre som vert plaga av at oppdrettsnæringa
tek seg til rette, treng støtte. Det må mobiliserast til ei folkerørsle mot
denne vandalismen. Det trengst samfunnsmessige reguleringar av
oppdrettsnæringa. Om ikkje den noko tafatte Bondevik-regjeringa kan gjere
noko med dette, lyt vi setje vår lit til ei ny sentrum-venstreregjering.

Eg er ikkje næringsfiendtleg og Noreg treng verdiskaping. Men vi kan ikkje
lenger leve med slike misforhold. Flytt oppdrettsnæringa til havs - det
heiter jo "havbruk" - eller på land. Alle norske fjordar må bli oppdrettsfri
sone!

Kjell Underlid
Medlem i Bevegelsen for sosialisme (Bfs)