Årsoppgjer i EUs reknskap:


Alarmerande forhold kjem fram.



Det er tid for reknskap. Så også for EU-systemet. Årsberetninga for 2002 er

lagt fram. Igjen finn revisorane det nødvendig å peike på store svakheitar i

reknskapen. I ei påteikning skriv dei at dei ikkje kan lese ut presise

aktiva og passiva i EUs reknskap. Konkret betyr det at reknskapet ikkje gjer

rede for kva EU eig eller skuldar på reknskapstidpunktet. Kort sagt: Det

manglar pengar. Fleire år etter at revisorane peika på problemet første

gongen, vert framleis milliardar borte frå EU-kassa kvart år. Framleis er

det nokre som har sugerøyr ned i kassa, og framleis viser EU liten evne til

å gjere noko med dette.



Heilt konkret gjeld det 1,18 milliardar euro, eller nesten ni milliardar

kroner- som måtte skrivast inn under bedrageri eller uregelmessigheitar, då

Kommisjonen gjorde opp reknskap for 2002. Antalet anmelde tilfelle av

bedrageri steig med 13 %, og dei beløp det var svindla for, steig med meir

enn ein tredjedel, 35,8 %, frå året før. Strukturfonda er det området der

flest pengar manglar. Kommisjonen meiner 4,5 milliardar kroner er blitt

borte under bedrageri og uregelmessigheitar. Pengane er forsvundne i alt frå

enkeltsaker til dei store linjer; alt frå eksport av oksekjøt til enkelte

land og til overordna linjer for korleis Eus anti-bedrageriavdeling, OLAF,

skal fungere og bruke denne avdelingens pengar.



For eksempel blir EUs anti-bedrageriavdeling kritisert for å bruke eigne

reknskapsår, frå midten av året til midten av neste, mens reknskapsår for

stort sett alle andre følgjer kalendarår. Dette gjer kontroll vanskeleg

fordi sammenlikning blir vanskeleg. I tilllegg endrar samme avdeling

oppstillingane i tabellane sine, som igjen gjer det vanskeleg for

parlamentarikarar å sammenlikne frå år til år. Og sjølv om Kommisjonen

eksplisitt har bedt om å få oversendt oversikt ein gong pr. kvartal frå

anti-bedrageriavdelinga, så er dette ikkje gjort. Det er samtidig slik at

den aller viktigste saka som den samme anti-bedrageriavdelinga er bedd om å

sjå på det siste året, nemleg den store Eurostat-bedrageri-saka, ikkje i det

heile er tatt med i avdelinga si beretning.



Denne typen forhold og revisjonspåtegningar ville fått alvorlege følgjer for

eksempel i ei privat verksemd. Hvis ei bedrift ikkje kunne fastslå kva det

eig eller skuldar på reknskapstidspunktet, ville reknskapet ikkje bli

godkjent. Og journalistane kunne kaste seg over historien. Til dette

kommenterte då også den engelske avisa The Times 25. november 2003 at "No

sensible investor would invest in a public company, the directors of which

were accused of presiding over fraud and corruption, and the operating

practice of which were a byword for incompetence and structural failure..".


"Same as last year"


Når EU-revisorane i Revisjonsretten i Luxembourg sender slik melding, seier

erfarne EU-jounalistane kun: "Samme som siste år". For faktum er at kvart år

har Revisjonsretten klaga over EUs uheldige reknskapssystem. Retten nemner

at Kommisjonen planlegg endring, som skal tre i kraft i 2005. Dei seier

samtidig at "denne planen er for ambisiøs". Kommisjonen innrømmer, i følge

rapporten, at den reknar med å overholde ein del av krava frå

Revisjonsretten, mens resten "muligens vil kreve ein lengre tidshorisont.


Løftebrot


Mange i Norge har kanskje i minnet at i 2000 måtte den gamle Kommisjonen i

EU gå av på grunn av bedrageri-saker. Då den noverande Kommisjonen i 2000

avløyste den gamle, proklamerte den nye leiaren, Romano Prodi, at det no

skulle bli "null toleranse" overfor juks. Briten Neil Kinnock blei innsett

som kommisjonær for personale og administrasjon med oppgåve å rydde opp.

Revisjonspåtegningane sidan då viser at dette ikkje er gjort.


Kva manglar?


For reknskapet for 2000 sa Revisjonsretten at det var ein "mangel på

bestemte opplysingar, som er nødvendig for å berekne det økonomiske

resultatet".



Og i vurdering av reknskapet for 2001 heitte det mellom anna (vi siterer):

"Retten understrekar at dei fleste forbehold er saker som regelmessig kjem

att. Størstedelen av desse svakheitane skuldast Felleskapets reknskapsystem,

som ikkje er laga for å gi sikkerheit for at dei forskjellige delene av

fellsskapets aktiva er tatt med i reknskapet. Retten meiner at det hastar

med ein djuptgåande aksjon i Kommisjonens avdelingar for å handtere den

risiko som følgjer av manglane i reknskapssytemet".



Slik passerer reknskapet i EU. Dette er viktig å vite også for norske

borgarar.


Kjelder:


http://europa.eu.int/eur-lex/pri/en/oj/dat/2003/c­_28620031128en00010324.pdf

"Det ny Notat", 12.12.03, og 12.03.04.


Tromsø Nei til EU

v/leiar Anna Margrete Flåm

Øvre Markvei 23, 9011 Tromsø e-post: Anna.Margrete.Flam@unn.no