AMERIKANSK RETTSLØYSE


I samband med USA si krigføring i Afghanistan vart eit stort antal personar

deportert til Guantanamo-basen på Cuba. Der har dei i lang tid vore

internert, utan noko rettsvern. Dei første av desse fangane er no blitt

sleppte fri, og forteljingane deira om opphaldet er grufulle. Dei har blitt

torturerte på ulike måtar, mellom anna slått og sparka. Amerikanarane hyra

inn prostituerte kvinner som poserte nakne framfor dei unge muslimske

mennene, som sto lenka i cellene sine.


Kva meiner statsminister Bondevik og utanriksminister Petersen om slike

alvorlege brot på menneskerettane? Og kor lenge skal alle vi andre finne oss

i slik framferd frå vår NATO-allierte utan å protestere?


Kjell Underlid

Medlem i Bevegelsen for sosialisme (BfS)