Ny fase i saka mot Slobodan Milosevic.
Den NATO-styrte og fiansierte krigsforbrytar-domstolen i Haag (ICTY) går nå
inn i ein ny fase. Bevisføringa mot Slobodan Milosevic er slutt. I mai
startar prosedyrane.
Har norsk opinion reflektert over korfor vi har hørt så lite om denne
bevisførselen?
Med dei voldsomme emosjonane som ein har forsøkt å utløyse mot Milosevic her
i landet, skulle ein tru at kvar einaste småting som kunne tale i hans
disfavør, ville få gode oppslag i media. Men det er uhyre lite vi har fått
høre.
Årsaka er klar: Saka har fungert betre i Milosevics favør enn til og med
hans sterkaste støttespelarar hadde rekna med. Også underskrivne trudde
lenge at delar av anklagen mot Milosevic var reell. Men fleire moment som
lenge såg ut til å vere beinharde og handfaste facts i "bevis-rekka", har
systematisk smuldra opp:
Eg trudde opphavleg på "Racak-massakren". Men den finske legekommisjonen
fekk etter to års munnkorg lov av NATO til å fortelle kva dei eigentleg
hadde sett på kyrkjegarden i Racak: Folk som var falne i kamp, samla for å
visast fram for media.
Eg frykta at det var sant at omlag 10 000 albanarar var massakrert i Kosovo
under krigen i 1999. Året etter torpederte NATOs spanske legekommisjon
denne myten. Dei konstaterte at omlag 3000 var døde, dei fleste falne i
kamp. Mange av dei 3000 var serberar.
Eg trudde Milosevic hadde kommandoen over både politi og serbiske
militsgrupper. Men dei sistnemnde var Seselj sitt ansvar. Tysk etterretning
har sabla ned myten om den såkalla "Operasjon Hestesko", som skulle "nagle"
Milosevic til etnisk utdriving. Dei få serbisk-leidde massakrane som er
påvist, vart sett i verk av Seseljs militsia.
Den største bløffen - at serberane kjørte kolonnar av "frysebilar med lik"
inni Serbia under krigen, vart etter kvart grundig avsanna av NATO sjølv.
Og da Serbias pro-NATO-statsminister Djindjic hadde fått ein av Miliosevics
nære medarbeidarar til å "tilstå" at han kjente til ordrar om massakrar,
gjekk det meir galt enn nokon gong: Mannen hoppa av forklaringa framfor
dommarane i Haag, og sa at han var torturert av serbisk politi til å vitne
mot Milosevic. Likevel sendte domstolen mannen tilbake til fengslet i
Serbia, og til dei som hadde toturert han der.
Dette hende så seint som sommaren 2003. Omtrent samtidig sa anklagaren,
Carla del Ponte, at "innan 10. oktobver i år skal vi ha funne solide bevis
for Milosevics skyld". Den 10.10. kom og gjekk, men vi hørte ikkje meir.
Heller ikkje ved overgangen til prosedyrene hører vi meir frå del Ponte om
dette.
Aller svakast står påstandane om at "Milosevic var skuld i ugjerningane i
Bosnia". For det var Milosevics motstandarar, partiet SDS, som hadde makta
der. Blant politikarane i Beograd var det i første rekke Djindjic som var
venn og partifelle av Karadzic. Derfor tør ikkje NATO arrestere Karadzic:
Han ville avsløre at det nettopp var NATOs yndlingar i Beograd som støtta
opp om den serbiske militsen i Bosnia, og pressa Milosevic til å halde fram
med å sende materiell. Til slutt slo likevel Milosevic handa av Karadzic ved
Dayton-avtalen.
Korleis kunne denne saka ende så parodisk for NATO, som jo har bukta og
begge endane i ICTY?
Fenomenet har forbløffa dei delane av Europa der ein får eit tilnærma riktig
bilde av denne prosessen. Milosevics personlege status blir enda meir
overraskande når vi veit at han har nekta å akseptere ICTYs "forsvarar", og
har ført saka si sjølv heile tida, trass i ein alvorleg hjertesjukdom.
Nå ventar likevel alle at Milosevic blir dømd, uansett korleis saka går. Det
er investert altfor store ressursar i saka frå Vesten til at ein kan
akseptere ei påtaleunnlating eller liknande. Det ville føre til enda
sterkare ytringar der opinionen slår fast at Jugoslavia-krigen var i strid
med folkeretten.
Ein slik debatt har vi i dag gåande omkring "masseøydeleggingsvåpna" som
skulle rettferdiggjere Irak-krigen - men som ikkje fanst. Dermed vil det
påståtte legitime grunnlaget for krigen smuldre opp.
Det er langt sterkare grunnar til å føre ein slik debatt her i landet om
Jugoslavia-krigen. Men den debatten tør ingen ta. Ikkje media, som
demoniserte mannen over alle rimelege dimensjonar (media i Europa gjer
sjølvkritikk, men ikkje her). Ikkje dei politiske partia, da alle er
medskuldige frå Hagen til Halvorsen. Ikkje dei intellektuelle, som i flokk
og følgje gjekk på den profesjonelle PR-straumen frå Ruder&Finn og
Knowlton&Hill. Ikkje forskarane - som veit meir enn dei fleste, men kvier
seg for å skille seg ut og bli "politisk ukorrekte" i denne saka.
Dette veit også NATO, som er oppdragsgjevar for ICTY. Å dømme Milosevic skal
for dei fungere som middel til å frikjenne NATO for krigen i 1999. Akkurat
den gevinsten er for fristande til at "domstolen" kan følgje normale
rettsvilkår i denne saka.
Hartvig Sætra