KAN EG FÅ EIT FORSKOT?
Fleire norske politikarar går no inn for ei opptrapping av PST (tidlegare
POT) og ei skjerping av politisk overvaking. Det er som dei alt har gløymt
Lund-kommisjonen sin beinharde kritikk av den overvakinga som har pågått dei
siste 50 åra (og vel så det). Justisminister Dørum gjekk særs langt i å
trykke overvakingspolitiet til sitt bryst, og love dei ekstra ressursar, i
eit debattprogram på TV2 onsdag 17. mars.
Underteikna fekk nyleg utbetalt kr. 20 000 for ulovleg politisk overvaking.
Mappa viser at det heile starta då eg skreiv eit lesarinnlegg i ei lokalavis
i Sunnfjord mot USA si napalm-bombing i Vietnam på 1970-talet.
Når "liberalaren" Dørum no vil trappe opp overvakinga av oss som ikkje
meiner det same som han, reknar eg med at vi lyt tole meir av dette i tiåra
som kjem. Det vil nok komme nye krav om økonomisk erstatning for ulovleg
overvaking i framtida.
Kan eg få be om eit lite forskot alt no, hr. Dørum?
Kjell Underlid
Bevegelsen for sosialisme (BfS)