Rasistisk asylsøkar-behandling.



    Erna Solberg vil avvise asylsøkarar frå land der ”forholda er normale”. Ho snakkar om ”grunnlause søknader” frå slike land.

    Eg vil ikkje ta standpunkt til dette som generell påstand. Men mange vil reagere med avsky ved å finne at Kroatia står på lista.

    Under andre verdskrig vart Kroatia styrt av eit blodig nazi-regime som opent uttalte at dei skulle gjere slik med den serbiske befolkninga i landet: ”.... omvende ein tredel, jage ut ein tredel, og drepe ein tredel”. (Ustasja-leiaren Ante Pavelic). Dei overoppfylte det siste, og drap omlag 600 000 serberar i ”Balkans Auschwitz” - Jasenovac. (Karlheinz Deschner: Med Gud for fascistene, Pax 1971).

    Da Kroatia vart ein sjølstedig stat i 1992, kom det kroatiske nasjonalistpartiet på ny til makta. I følgje pressa, f.eks. Dagbladet 16.6.97 og Bernt Hagtvet i Aftenposten 13.6.97, har det nye styret i Kroatia legalisert naziflagget, nazi-helsingar og -songar. Ante Pavelic er rehabilitert, og mange gater i Zagbreb har fått namn etter nazi-forbrytarar. Etter eit mellomspel med eit litt mindre nazistisk styre - som ikkje endra på noko som helst - har Tudjmans parti på ny vunne valet i landet nå i 2003.

    Det har vore nokså stilt om Kroatia i norske media - muligens fordi NTB har svært Kroatia-vennlege rapportørar. Ein av dei hevda i ein sirkulærartikkel at det berre var 30 000 som vart drepne i Jasenovac. Han hadde gått på ”historieseminar” hos det kroatiske regimet.

    Dei som følgjer med i internasjonale alternative media, vil vite at Europas verste etniske reinsing etter andre verdskrig skjedde i Kroatia i nittiåra. SOS Rasisme opplyser 5.9.99 at over 900 000 serberar har blitt etnisk utreinsa frå dagens Kroatia, og dei fleste sit i flyktningleirar i Serbia under kummerlege forhold - bl.a. fordi dei får svært lite hjelp av internasjonale hjelpeorgan. Årsak? At dei er serberar.

    Mange av dei har blitt utsett for tvilsame rettssaker i Kroatia, og har rømt frå dette. Det siste er at NRK og andre norske media har brennemerka ein serbiske flyktning frå Kroatia på bakgrunn av ein slik dom Men domstolen i Haag har avvist denne dommen - den lar dei rasistiske juksepavane i norske media vere å opplyse om!

    I 1999 vart 1100 serberar deporterte av Bombevik I. Og media var med få unntak tause. Nå skal altså serbiske flyktningar enda ein gong stå i gapestokken her i landet, og bli avvist på grunn av sitt etniske opphav.

    Ennå er det rett å bruke namnet Bombevik på ein statsminister som lar si regjering utvise flyktningar ut frå rase og nasjonalitet.

    Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


For å vite noe mere om Bevegelsen for Sosialisme. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NETTAVIS for Bevegelsen for Sosialisme.