Tala frå valet er ikkje enkle å få tak i. Eg bygger delvis på Thomas Hjortshøj i dansk ”Information”, som trass i si kritiske innstilling til Milosevic, gir mange konkrete og nyttige opplysningar om valet og konsekvensane av det. Dei fleste har vel fått med seg at valvinnaren var Seseljs ”Radikale Parti” med 28%. Milosevics sosialistparti SPS blir også rekna blant vinnarane med 8% - trass i at dei har hatt over 25% ved tidlegare val. Det særeigne ved dei to partileiarane er at dei sit som fangar ved NATOs særdomstol i Haag. Dit vart dei utlevert av den forrige statsministeren Djindjic, leiaren for DOS - i strid med jugoslavisk konstitusjon og med serbisk høgsterett, og mot den daverande presidenten Kostunicas vilje. Til saman fekk dei to fangane 35% - nesten tre gonger så mykje som regjeringspartiet DOS med 12%! Dette skjedde trass i at dei fleste avisene og nesten alle radio- og TV-stasjonar er under kontroll av DOS. Så sterk kontroll med media hadde aldri Milosevic i si velmakt. Etter mordet på Djindjic i fjor vår har det i praksis vore unntakstilstand i landet. Like fullt blir DOS i våre media kalla ”eit demokratisk parti” i motsetning til dei som vann det (udemokratiske?) parlamentsvalet. Det hører med til historia at også Kostunica er ein av vinnarane i dette valet med 18%. Han og partiet hans rauk uklar med Djindjic i forrige periode. Det førte til at heile partigruppa vart kasta ut av parlamentet. Nå er Kostunica tilbake med 50% høgare tilslutning enn DOS. I tillegg har eit anna parti som støttar DOS klart sperregrensa, slik at dei i alt rår over 24%. Men for å få fleirtal i parlamentet må dei både få med seg ”monarkistpartiet” til Vuk Draskovic (8%), og SDS, partiet til den gamle rivalen Kostunica. Det siste kan bli vanskeleg, for Kostunica er ein ærekjær person. Sorg og sinne pregar mange vestlege kommentarar til det serbiske valet; i enkelte aviser som svenske Aftonbladet utartar det til rasisme. Andre aviser, som Aftenposten og Dagbladet, vedgår for første gong at Milosevics gode forsvar under ”rettssaka” i Haag har gjort inntrykk - først og fremst på serbisk opinion, som har kunna følgje saka i dei få gjenverande frie TV- kanalane - men også på eit langt breiare europeisk publikum.
|
Heller ikkje får vi vite at USAs regjering har fått lov til å sensurere ”rettssaka” i Haag. Da øverstkommanderande for NATOs folkerettsstridige bombekrig, Wesley Clark, skulle vitne før jul, krevde USA at vitnemålet skulle vere delvis hemmeleg. Dei krevde også at Milosevic ikkje skulle få stille spørsmål til vitnet, slik han har rett til etter reglementet. Den unge kvinnelege advokaten Tiphaine Jackson frå Canada slår fast at USA var redde for å bli utspurt om desse sakene:
2. USA støtta UCK i krigen. Det er ei kjent sak at Al Qaeda har hatt samarbeid med UCK, og at dei hadde (har?) treningsleir i Kosovo. 3. Korfor bomba Clark/NATO den jugoslaviske TV-stasjonen akkurat da dei skulle intervjue Larry King i CNN? Korfor bomba dei den kinesiske ambassaden? Korfor bløffa Clark media om det passasjertoget i Kosovo som NATO bomba og drap eit hundretal menneske? Slikt svekkar både NATOs domstol og dei politikarane i Serbia som har stått på pinne for USA. Derfor vil USA og NATO oppleve fleire baksmellar i tida framover. Hartvig Sætra |