Noam Chomsky om krigen mot Serbia.



Språkprofessoren Noam Chomsky har i meir enn tretti år vore USAs fremste opposisjonelle i utanriksspørsmål.
Han tar opp krigen som ein del av "verdsordninga", og hovudtesen er at denne bombinga ikkje har humanitære eller demokratiske formål, men er eit ledd i etableringa av "Pax Americana", dvs. USAs verdsherredømme.
Chomsky spør:
  1. "Korleis skal akseptable og rettferdige reglar for ei "verdsordning" utformast?

  2. Korleis kan desse prinsippa brukast i tilfellet Kosovo?"

Han tar det ufråvikelege utgangspunktet at slike prinsipp må bygge på FN-resolusjonar og avgjerder i (den påtenkte) Verdsdomstolen. Han vedgår at det kan oppstå spenningar mellom FNs konvensjonar om menneskerettar (CP- og ESC- konvensjonen), og ein eventuell rettspraksis som oppstår på grunnlag av FN-vedtak. I den samanhengen er begrepet "humanitær intervensjon" sentralt. Dette begrepet er brukt av NATO om Kosovo, og støtta av konservative amerikanske juristar. Dersom dette skal gjerast til eit universelt begrep, vil det ha enorme konsekvensar.

C. peikar på at USAs forhold til både FN og Verdsdomstolen er lurvete. Landet seigpiner organisasjonen økonomisk, og betaler berre så vidt at dei ikkje mistar stemmeretten. Og dei har tatt atterhald om at ein Verdsdomstol ikkje kan dømme amerikanske borgarar for krigsbrotsverk!

Han peikar på det sjølvsagte i at NATOs sjølvtekt vil legalisere også andre statars inngrep i andre land, f.eks. at Iran kunne intervenert i Bosnia på ei tid da Vestmaktene ikkje ville dette, og da forholdet til Iran var iskaldt.

Han samanliknar Kosovo-konflikten med ein annan konflikt som vi hører lite om: Colombia. Dimensjonane av drap, både frå gerilja-sida og frå styresmaktene, er omtrent den samme. Her deltar USA i ein såkalla "krig mot narko-bandar", som i reraliteten hjelper den nokså suspekte presidenten mot geriljaen, og til å utføre massakrar og etnisk reinsing.

Han samanliknar også med Tyrkia, og finn , ikkje overraskande, at overgrepa både i form av massakrar og etnisk reinsing er langt større enn i Kosovo.

Også der står USA på overgriparens side.

Og det vil ikkje vere urimeleg dersom ein annan stat, med "humanitær intervensjon" som påskot, grip inn for å stoppe overgrepa frå statsmaktene i begge land, f.eks. Brasil i Colombia eller Russland i Kurdistan. Dei vil ha nøyaktig samme legalitet som NATO i Kosovo.

Han trekker også inn USAs bombing av dei uavhengige statane Laos og Kambodsja under Vietnam-krigen. Den einaste "grunngjevinga" USA hadde for bombinga, var at vietnamesiske gerilja-soldatar gjømte seg i området. Bombinga skapte ein humanitær katastrofe i desse landa, langt større enn det som skjer i dagens Kosovo. Dersom ein skulle følgt NATOs "logikk", hadde Sovjetunionen og Kina den gongen full rett til å bombe Washington DC for å få slutt på det!

Å bruke "humanitær intervensjon" som påskot for å starte krig, er ikkje nytt. Både Japans invasjon av Mandsjuria, Mussolinis av Etiopia og Hitlers innmarsj i Sudetenland blei grunngitt på den måten. Vi kjenner vel alle i dag den reelle grunngjevinga for desse invasjonane!

Dersom dette blir for "dårleg selskap" for USA, kan ein peike på Vietnams invasjon i Kambodsja for å stoppe Pol Pot. Men denne invasjonen var delvis grunngitt med at Pol Pot først gjekk inn i Vietnam med tropper, slik at momentet om legalt sjølvforsvar også kan brukast i dette tilfellet. Men for ettertida blir vel denne invasjonen brukt som "prototyp" på ein akseptabel humanitær invasjon.

Men korleis reagerte omverda da dette skjedde? Både USA og alle allierte fordømte invasjonen, trass i at den fjerna eit regime med over ein million døde på samvitet! Både Kambodsja og Vietnam fekk smake beinhard boikott i femten år.

USAs forsøk på å lage eit idealistisk forsvar for NATO-inngrepet er på linje med å løyse sirkelens kvadratur. Dei skjøre restane av internasjonal lov er nå i ferd med å rakne.

Og andre land følgjer etter. Storbritannia i dag er like lite sjølvstendig overfor USA som Ukraina var før Gorbatsjov, (han kunne godt samanlikna Norge med Kviterussland!), og enda andre NATO-land til dels er svært skeptiske, blir dei motstrebande dratt med i Albrights sabelrasling. Situasjonen er lik den vi har overfor Irak. Og FNs charter er sett til side. Amerikansk politikk etter Reagan og under Clinton er blitt verre enn til og med dei verste haukane før deira tid våga å foreslå. For det meste av verda er det i dagens situasjon USA som utgjer det største trugsmålet mot fridom og sjølvstende. Land som ikkje vil følgje den amerikanske geopolitiske strategien fullt ut, risikerer å bli utsett for vald.

  1. Hittil har internasjonal lov hatt eit visst vern for svake land mot såkalla "predator-statar" ("rov-statar"). Det er det nå slutt på.

  2. Krenking av menneskerettane er dessverre så vanlege, at dersom det kvar gong skulle gi rom for maktbruk mellom statar, kan snart kvar einaste stat gå til "lovleg" åtak på andre!

    Det er Noam Chomskys viktigaste konklusjonar på Internett 04.04.99.

    Hartvig Sætra




    (KLIKK HER.)
    TIL MARXISTISK LITTERATUR.
    INNFØRINGSKURS I MARXISME.


    Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.