Balkan-krigen -

svik mot folkeretten og Grunnloven.



    Vestlege politikarar og media tar nå eit oppgjer med Irak-krigen , der det manglande folkerettslege grunnlaget og dei forvrengte krigsårsakene står i fokus.

    I 1999 førte USA, med NATO på slep, ein krig mot Jugoslavia. Den var også i strid med folkeretten, og løgnene frå vestleg side i forkant av den krigen var vel så dryge som ved starten av Irak-konflikten. Derfor er det ganske forunderleg at det ikkje forlengst har kome eit oppgjer med dei som støtta USAs krig på Balkan.

    Men nå ser ting ut til å løsne. Arne Jørgensen i Friheten skreiv alt i mai 1999 at norsk tilslutning til Jugoslavia-krigen braut med §25 i Grunnloven. Nå fastslår folkerettseksperten, professor Ståle Eskeland, det samme i eit skarpt og velformulert foredrag i Oslo Militære Samfund den 6. okt. i år.

    Slik sto det i alle fall i Aftenposten og Klassekampen. Mens Dagbladet og Dagsavisen var totalt stumme. Det som Oslo Militære Samfund og Aftenpostens lesarar kunne tåle, torde ikkje desse to avisene la publikum få del i.

    Akkurat dette er nok ganske typisk: Norske media - spesielt på venstresida - er livande redde for at folk skal dra parallellar mellom Irak-krigen - som dei er imot - og Jugoslavia-krigen, som dei støtta fullt ut. I 1999 var det nemleg slik at store delar av europeisk venstreside oppførte seg som pudlar for USAs og Madeleine Albrights krigseventyr - akkurat slik den samme venstresida nå håner Tony Blair for å ha gjort overfor Bush i Irak.

    Eskeland meiner at daverande statsminister Bondevik, forsvarsminister Løwer og utanriksminister Vollebæk kan tiltalast etter staffeloven eller stillast for riksrett. Det siste ser han på som urealistisk med den politiske samansetninga Odelstinget har. Men han konstaterer at Den internasjonale domstolen i Haag; (den riktige domstolen, ICC, ikkje NATOs særdomstol ICTY! ), skal behandle Jugoslavias klage over den folkerettsstridige krigen. Skulle domstolen i Haag (ICC) komme til at angrepet var i strid med folkeretten” - og Eskeland etterlet ikkje tvil om at så er tilfellet - blir det vanskelig for Odelstinget å forholde seg passivt”.
    Foredraget kan du lese på

    Vollebæk er dessutan kompromittert ved at han trappa opp krigstilstanden ved å godta bløffen om den såkalla ”Racak-massakren”. UCK-geriljaen hadde samla 45 lik på ein kyrkjegard i den byen, og hevda at dei var offer for ein serbisk massakre. Eit serbisk og eit kviterussisk legeteam avviste dette, og sa at det var folk som var falne i ordinære krigshandlingar.
    Da vart eit finsk legeteam bodsendt. Dei undersøkte lika - og fekk munnkorg om kva dei såg. Den amerikanske generalen William Walker - CIA-mann og aktør frå Iran-Contras-skandalen - gav inntrykk av at den finske kommisjonen godtok massakren som eit faktum. To år etterpå, da dei finske legane fekk lov til å uttale seg, viste det seg at dei konkluderte som serberane, stikk imot Walker.

    I mellomtida tok Vollebæk påstandane frå UCK og Walker for god fisk, og gav ordre til å trekke ut OSSE-styrkane. Det vart med rette oppfatta som ei opptrapping fram mot krigsstart. Spørsmålet blir da om Vollebæk burde forstått at Racak-massakren var bløff, eller om han burde late tvilen kome den andre parten til gode. Her kan Vollebæk stå framfor ein ganske alvorleg anklage i ICC.

    Etter dette kom det til forhandlingar i Rambouillet. Til USAs store sjokk godtok serberane at NATO skulle få utplassere styrkar i Kosovo. Krigen såg ut til å gli over. Det var i februar 1999, ein månad før bombinga begynte.

    Men Madeleine Albright ville det annleis. Ho sa uformelt til fleire journalistar - referert i ”The Nation” 14.06.99 - at ”Milosevic treng ein krig”. Da UCK ikkje godtok avtalen (truleg etter hemmeleg rådføring med USA), tok ho kontakt med UCK-utsendingane, og saman laga dei eit tillegg B” til Rambouillet-avtalen. Den opphavlege avtalen, som serberane, EU, Russland og USA hadde godtatt, vart einsidig sett ut av kraft. Da forhandlingane blei tatt opp att, fekk serberane eit ultimatum om å godta denne nye avtalen, med kort frist. Russland, som var med på forhandlingane, nekta å underteikne den nye teksten.

    Dette tillegg B var ukjent for dei fleste politikarar i Vesten. Det gjekk ut på at NATO i realiteten ikkje berre skulle få okkupere Kosovo, men i praksis heile Rest-Jugoslavia!

    Denne teksten vart offentleggjort av serberane - men ingen trudde på dei. Det var først da to svenske fredsforskarar - Kjell Magnusson og Jan Øberg - slo alarm, at det gjekk opp for dei fleste vestlege politikarar at dei var ført bak lyset av USA. Men da var krigen alt i gang.

    Dei få vestlege politikarane som var klar over teksten i tillegg B, kan risikere å måtta svare for dette overfor ICC. Det er rimeleg å tru at dei tre nemnde norske ministrane var blant dei som kjente til kva som sto der. Det er ei svært alvorleg sak for dei tre. Men også dei stortingspolitikarane som støtta krigen ut frå rein kunnskapsløyse - frå Hagen til Kristin Halvorsen og Erik Solheim - må ta eit ansvar. Om dei ikkje kan stillast for ICC, bør dei få eit oppgjer i norsk offentleg rom.

    USA, som laga svindelen, anerkjenner ikkje ICC, så dei går fri. Ved bombestart - for å dekke over løgnene som førte til krigen - kjørte amerikanske propagandistar i gang med nye og enda større løgner om talet på offer for borgarkrigen i Kosovo.Og vestlege media var svært underdanige; ikkje minst dei norske. Her vil eg sitere den prisbelønte reporteren John Pilger frå Aftonbladet 15.09.2000:

    Den amerikanske forsvarsministeren W. Cohen hevda i ein tidlig fase at så mange som 500 000 albanarar mellom 14 og 59 år kan vere myrda av serbarane ....
    Midt i mai hadde Cohen redusert talet til 100 000. To veker seinare auka David Scheffer talet til 225 000...
    Men bildet av massakrane tok til å krakelere, fordi vestlege media såg at mange av dei døde i Kosovo var offer for NATOs bomber, ikkje for serbiske massakrar. Derfor lanserte dei på ny talet 100 000. Dette vart seinare nedjustert til 10 000....
    Frå midten av juni, da bombingane var over, begynte eit spansk legeteam med minutiøse undersøkingar. Dei var stilt til utsikt å opne massegraver med over 2000 myrda albanarar. Men dei fann berre enkeltgraver, og endte på 187 lik. Nokre av desse var serbiske....
    I oktober 1999 slo til og med NATO-domstolen i Haag fast at det ikkje fanst lik i Trepca-gruvene, der hardnakka pressemeldingar påsto at det skulle ligge fleire tusen døde....
    Til og med den erkekonservative Wall Street Journal skreiv dette: Krigen i Kosovo var brutal, men å kalle den eit folkemord, var ein løgn. I Pilgers bok Verdens nye herskere frå oktober 2002 blir det offisielle talet på drepne under krigen i Kosovo sett til 2788. Dette talet omfattar både albanarar, serberar og roma.

    Pilger ser dette talet i kontrast til tida etter NATO-innmarsjen, da UCK-geriljaen har drepe nesten like mange av serbisk, roma eller anna opphav, og foretatt etnisk utreinsking av 250 000 menneske frå denne serbiske provinsen. Desse krigsforbrytelsane har NATO ikkje klart å hindre. Dei har heller ikkje gjort forsøk på å ta ut tiltale mot nokon av dei ansvarlege - tvert om har alle dei skuldige framleis høge stillingar i provinsen.

    Det kjem også inn eit fjerde vektig moment til kritikken av Jugoslavia-krigen: Det kan ikkje herske tvil om at Milosevic var demokratisk vald som president gjennom ein allianse mellom SPS og fleire andre parti. Saddam Hussein, derimot, var ein klassisk militærdiktator. Også derfor er det ulogisk at norske politikarar er mot Irak-krigen og for Jugoslavia-krigen. Spesielt avskyvekkande er det at politikarar på ”venstresida” som Joschka Fischer, Kristin Halvorsen og Odd Roger Enoksen m.fl. kan foreta slike logiske og moralske kollbøtter.

    Norsk AKP, RV og Klassekampen har dette året måtta ta sjølvkritikk på sine standpunkt overfor Kambodsja og Pol Pot. Når skal Halvorsen, Solheim, Åslaug Haga m.fl. vere like ærlege når det gjeld Jugoslavia-krigen?

    Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


For å vite noe mere om Bevegelsen for Sosialisme. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NETTAVIS for Bevegelsen for Sosialisme.