Men det vedkomande har gjort, er å følgje retningslinjene frå Høyre-statsråd Erna Solberg om å ”prioritere kommunens utgifter strengt”. Når ho gjer dette, blir ho uthengt, mens den ansvarlege statsråden blir hylla i Dagbladet for sitt ”mot”. Kven er det som er ansvarlege for den svake kommuneøkonomien? Det er i alle fall ikkje ein fritt valt funksjonær i Ullensaker kommune. Det er vår nåverande regjering. Og det er i enda større grad ansvaret til dei veljarane som stadig stemmer H og FRP, eller prefererer dei ved meiningsmåligar. Vi har i følgje media ein ”individualisert kultur”. Men individualiseringa kan ikkje berre gjelde samfunnets inntekter. Det er viktig at kvart individ tar standpunkt til kva utgiftene skal gå til: |
Når vi godtar at bedriftsleiarar har høgare lønn, er det i følgje teorien fordi dei ”har så stort ansvar”. Derfor må dei lovpriste individa som stemmer ved norske val og avgir uforpliktande partipreferanse ved norske meiningsmålingar, også bli konfrontert med sitt ansvar for samfunnet vårt. Vi kan ikkje gi dei mindre skatt = høgare lønn dersom dei drar seg unna dette ansvaret. Og skytset mot Ullensaker kommune og ein namngitt kommunefunksjonær må kallast hjernedød journalistikk. Ansvaret for fireåringens skjebne ligg hos norske veljarar, og ikkje hos medias fremste mobbeoffer: Kommunepolitikarar og offentlege funksjonærar, som gjer så godt dei kan med altfor små ressursar. Plassér ansvaret der det hører heime: Hos vår nåverande regjering, og i enda størere grad hos FRP. Og hos dei veljarane som svarer FRP eller H på Gallup. Det er her Dagbladet lurer lesarane sine. I realiteten er det denslags mediesludder som har gjort FRP til Norges største parti.
Hartvig Sætra, |