NRK: ”Verste terror-handling i Indonesias historie”?



    Det er ikkje vanskeleg å kjenne avsky for terror-handlinga på Bali. Så langt kan vi alle vere samde. Men kommentarane i ulike media kan enkelte gonger ta groteske former.

    Ein kan ofte undrast på om NRK tar inn journalistar etter det kriteriet at dei ikkje skal ha betre karakter enn 2 i historie. Det samme kan nok seiast om Aftenpostens reporter i denne saka. NRK beskriv eksplosjonen som ”den verste terrorhandlinga i Indonesias historie”. Samtidig omtalar Aftenposten Suhartos maktovertaking i 1965 utan eit ord om blodbadet som følgte etterpå, der omlag ein million kommunistar og andre venstreorienterte vart myrda. At eit familiemedlem - vanlegvis faren - var medlem av kommunistpartiet var som regel nok til at heile familien vart massakrert. Vi kjenner eksempel nettopp frå Bali der familiar på opptil åtte personar - den yngste eit halvt år - vart myrda av Suhartos terroristar. På Bali stoppa dei vidaregåande skolane å fungere i lang tid, da nesten åtti prosent av lærarane vart myrda, med sine familiar.

    Dette veit altså ikkje NRKs og dei andre avisenes journalistar. Heller ikkje Klassekampen? Eller er det ein bagatell for desse media at Suharto tok livet av ein million ”Sovjet-lakeiar”?

    USA syntest i alle fall at det var greitt. CIA gav Suhartos mordarbandar lister over kommunistar og ”krypto-kommunistar”, som det heitte hos Haakon Lie. Utanriksminister John Foster Dulles og broren Allen, som var sjef for CIA, var innforstått med det som skjedde.

    Og vestlege media forsøkte etter beste evne å dysse ned denne ugjerninga, som i etterkrigstida berre blir overgått av Pol Pots slaktehus i Kambodsja.

    Aftenposten, som nå har ”glømt” denne massakren, skreiv etterpå sarkastisk at ”Indonesia har løst sitt kommunistproblem”. Slik var Aftenpostens respekt for menneskeliv den gongen.

    Signaturen LisFaa på australsk Indymedia. har ikkje glømt. Etter ein bitter kommentar mot dei som har utført terroren, minner også ho om Suhartos massemord, som skjedde med både USAs og Australias vitande og stillteiande samtykke. Ho minner også om det som skjedde i fjor, i etterkant av ” Tampa”-affæren: Eit anna skip med flyktningar kom inn i australsk farvatn frå Indonesia. Om bord var det 353 flyktningar. Båten var synkeferdig, og sokk til slutt. Alle omkom, mens den australske regjeringa under den berykta John Howard sat og såg på. Australske krigsskip var i nærleiken, men berre for å hindre båten i å nå land, ikkje for å berge menneskeliv.

    La oss også minne om at indonesiske statlege terror-styrkar drap 220 000 menneske på Aust-Timor - nesten tredjeparten av befolkninga. Også det ligg i Pol Pots gate.

    ”Verste terrorhandling i Indonesias historie” - NRK?

    Hartvig Sætra,
    Troms NKP.




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.