25. SEPTEMBER 1972: FRIDOM UNDER ANSVAR.

Nei til medlemskap då, men husmannsånd no?



    Det er i desse dagar 30 år sidan den første folkerøystinga mot EU-medlemskap, 25. september 1972. Den ga - sammen med folkerøystinga i 1994 - landet ein fridom i eigne, nasjonale valg, og til å delta i internasjonale fora som sjølvstendig medlem.

    Trass i folkerøystingane fekk me ein EØS-avtale, vedtatt i Stortinget 16. oktober 1992. Denne avtalen blei behandla og vedteken i Stortinget under regjeringa Brundtland utan mellomliggande stortingsval. Avtalen blei argumentert for med at den ga mulegheit for bruk av vetorett; Norge fekk vetorett mot nye direktiv som blir vedtatt av EU. Men når det gjeld tolking av allerede godtatte direktiv, skal det avgjerast av eit overvåkingsorgan, ESA. I følge avtalen kan Norge protestere mot ei tolking overfor overvåkingsorganet, og bringe saka inn for EFTA-domstolen. Mot ein dom frå EFTA-domstolen har Norge ingen vetorett. Berre ved nye direktiv. Difor er EØS-avtalen blitt kalla ein "dynamisk avtale", fordi innholdet endrar seg løpande.

    Det er viktig å vere klar over at eit anna "utanforland", Sveits, fekk ein annan avtale med EU, ein "statisk" avtale. Det vil seie at sjølve avtalen må reforhandlast dersom innhaldet skal endrast. Det er Sveits som har ansvar for å tolke avtaleverket, i motsetting til innanfor EØS, der det er ESA og EFTA-domstolen som tolkar regelverket. Konfliktar som oppstår mellom Sveits og EU må løysast på politisk nivå.

    Mens Norge risikerer å bli diktert av EFTA-domstolen, slik me for eksempel blei når det gjeld den differensierte arbeidsgivaravgifta. På dette området gjaldt ingen vetorett, fordi det blei definert som følge av alt godtatte direktiv, d.v.s. som fortolking av eksisterande vedtak, og følgeleg kunne avgjerast av EFTA-domstolen åleine.

    Avtalen Sveits har, viser at det finst føredøme for ei anna avtaleform enn den Norge har i dag.

    Korleis brukar så styresmaktene Norges mulegheitar innanfor eksisterande avtale? Lat oss sjå på det siste vedtaket som er gjennomført. Det såkalla gassmarknadsdirektivet.

    Stortinget har nettopp avgjort å føre EUs gassmarknadsdirektiv inn i Norges lovgjeving. Dette betyr at det skal bli liberalisering av omsetting av gass, det vil seie at alle former for monopoldanning på selgjarsida blir fjerna for å presse prisar ned. Tidlegare sto alle tilbydarane av gass som opererer på norsk sokkel, i samarbeid om salspris gjennom gassforhandlingsutvalget; men dette oppfatta EU som monopolverksemd. At Norge godtek EUs gassmarknadsdirektiv betyr at Norge som gasseksportør no ikkje lenger kan fastsetje eigne satsar for kva pris dei vil selgje råvara for.

    Dette vedtaket skaper endring for Norge som gasseksport-nasjon. Vedtaket er i strid med alle råd frå uavhengige ekspertar og norske gasselskap under høyringsrunden om direktivet.

    Det er rekna som sannsynleg at Norge kan kome til å tape opp imot ti milliardar årleg som følge av det. F. eks. sa professor ved Høgskolen i Rogaland, Petter Osmundsen, (Stavanger Aftenblad, 29.8.02): "at norske myndigheter ga altfor lett etter. Ved ikke å stille motkrav i form av oppsplitting også på kjøpersiden, så gir det som konsekvens at EU får billigere gass på bekostning av norske selskap og staten".

    Generaldirektør i Hydro, Eivind Reiten, sa: "vi må innse at energieksportøren…. Norge i denne saken er en del av et maktspill hvor sentrale medlemsland på kjøpersiden har langt større innflytelse" (Stavanger Aftenblad 29.8.02).

    Korleis argumenterte likevel norske styresmakter for EUs direktiv?

    I denne saka trua EU-kommisjonen med milliardbøter mot oljeselskapa for å presse gjennom avvikling av det norske gassforhandlingsutvalget. Då sa utanriksminister Jan Petersen at Norge ikkje kunne sette seg opp imot EU av omsyn til eksporten av fisk.

    Olje-og energiminister Einar Steensnæs meinte på si side at avtalen var tilfredsstillande, og han avviser at norske myndigheitar ofra sitt eige gassforhandlingsutvalg for at EU skulle trekkje tilbake truslane om milliardbøter til norske oljeselskap. Han seier den tidlegare ordninga i Norge vart avvikla fordi "tiden var moden".

    Ingen av dei svara på kritikken om inntektstap for landet.

    Vedtaket i Stortinget skjedde mot SP og SV sine stemmer. Dermed fullførde regjeringa med Bondevik/Steensnæs/Petersen i sentrale posisjonar det løpet som blei lagt av regjeringa Stoltenberg.

    Folkerøystinga mot EU-medlemskap 25. september 1972 ga oss ein fridom. Så også 28. november 1994. Til å kunne gjere viktige eigne nasjonale vedtak og utspel. Til for eksempel å forvalte grunnrenta, som gass og olje er, på måtar som kan sikre nasjonal forvalting av ressursar, og kome allmenheiten til gode, både nasjonalt og internasjonalt. Til for eksempel å pløye inntekt frå gass inn i nasjonalt og internasjonalt ønska tiltak. Og til for eksempel ikkje å la gassen gå til til redusert pris i ein liberalisert kjøpars marknad.

    Fridom er ikkje berre å arbeide for fridom frå noko, men også å arbeide for fridom til noko ein vil. Så også med folkets nei til EU-medlemskap. Norges forhold til EU er ikkje avgjort gjennom to folkerøystingar. Det blir no heile tida sterkt påvirka av EØS-avtalen. Norge har ein fridom som ikkje-medlem. Det er ingen grunn til at me skal gi den frå oss ved bit-for-bit-vedtak gjennom EØS-avtalen. Folket må også i tida framover følgje med på kven av dei folkevalde som viser best evne til å arbeide for landets interesser i høve til EU.

    Det er ei oppgåve og eit ansvar også framover å arbeide for at landet blir styrt i tråd med det som var ein grunntanke i begge folkerøystingane mot EU, nemleg folkestyrt kontroll over nasjonale ressursar.

    Anna Margrete Flåm,
    Tromsø Nei til EU




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.