Ja-sida har sidan klaga over at Norge er utanforland, og ”sit på gangen” når viktige internasjonale beslutningar blir tatt. For eksempel sa Jens Stoltenberg som statsminister i 2001 på NHO’s konferanse om EU og uropa: ”….det irriterer meg at vi ikke er med. Jeg mener det er synd både for oss og Europa at vi ikke er med”. Korleis Norge best kan bidra til internasjonal solidaritet, fred og miljøvern var blant hovedspørsmåla ved begge folkerøystingane. Som i 1972, og seinare i 1994, er det viktig å ha syn for realitetar når det gjeld korleis Norge bør og kan handle for å sikre gode vedtak i internasjonale fora. Me vil difor markere 25. september med å minne om korleis det gjekk no aller seinast, i den viktige internasjonale miljøkonferansen, som nettopp er ferdig, det såkalla FN-toppmøtet om bærekraftig utvikling i Johannesburg. Frivillige organisasjonar frå heile verda rosa då Norge for ei uredd og standhaftig framferd under toppmøtet. Denne rolla kunne Norge ikkje ha spelt dersom vi hadde vore medlem av EU.
|
Hjernen bak sigeren, utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson forklarar EUs snuoperasjon med at ”vi hadde mange nok skaptilhengarar i EU” (NTB 02.09.02). EU talte med ei stemme i Johannesburg, og ingen EU-land kunne derfor ”komme ut av skapet” før heile EU til slutt snudde. Norge kunne saman med andre ” utanforland” spele ei rolle som EU-landa ikkje kunne. Som ansvarlege statsrådar under forhandlingane fortener òg miljøvernminister Børge Brende all mogeleg ros. Samstundes kan ja-mannen Brende takke det norske ”utanforskap” som muleggjorde den norske strategien. Dette er ein av fleire gode grunnar for at me alle kan gratulere kvarandre med dagen den 25. september!
Anna Margrete Flåm |