Startside

Barnesiden

Søndagsskolekretsen

Leirsiden

Idebanken

Kurs og ressurs

 

 

 

 

 

 

 

 

På Tårnagentoppdrag i kyrkja

 

                                           

I løpet av nokre få helger i januar & februar vil det i krinsen vår bli arrangert Tårnagenthelg for 8 åringar i 24 kyrkjelyder.
I kyrkjene på Karmøy er det Tårnagenthelg i Åkra, Falnes, Avaldsnes, Norheim, Ferkingstad og på Torvastad. På Stord er det Tårnagenthelg i Nysæter og Stord kyrkjer, i Sveio i Sveio kyrkje, i Kvinnherad er det Tårnagenthelg i kyrkjene i Åkra, Uskedalen, Fjelberg & Eid, Ænes, Ølve, Hatlestrand, Kvinnherad og Husnes & Holmedal. I Haugesund er det Tårnagenthelg i Rossabø, Vår Frelsers og Skåre kyrkjelyder, i Etne og på Fitjar er det Tårnagethelg og på Bømlo er det Tårnagethelg i Bremnes kyrkje og Lykling kyrkje.
 
Ein Tårnagent skal utforska kyrkja og kyrkjetårnet. Det et mykje spanande å finna i ei kyrkje. Bare tenk på alle symbola som er overalt i kyrkja! Dei tre agenttipsa er: Leit så skal du finna, hald øyre og auge opne og samarbeid, hjelp kvarandre - ikkje konkurrer.
 
Kva står det inni kyrkjeklokka? Kva er det inni presten sitt klesskap i kyrkja? Kor mange symbol er gjøymt rundt i kyrkja? Klarar vi læra Tårnagentsangen? For ein Tårnagent var oppdraga mange og ulike denne helga.
 
I over 600 kyrkjer over heile landet har det denne helga vore arrangert Tårnagenthelg for 8-åringane. Mange tusen barn har vore på agentoppdrag og funne skattar og løyst mysterium i kyrkja. Bak Tårnagenthelga står Kyrkjerådet og Søndagskolen.
 
I Nysæter kyrke som bileta her er frå,starta Tårnagenthelga laurdag ettermiddag med ein labyrint der agentane både måtte klatra, balansera og åla seg rundt inne i kyrkja. Så var det ulike agentoppdrag; å laga tårn og ei spennande symboljakt rundt i ei mørk kyrkje, med lommelykt til hjelp. Vi lærte ein eigen Tårnagentsang og hadde pizza som agentmat. Så kom presten og agentane fekk sjå kva som gøymer seg i klesskapet hans, og etterpå øvde agentane og leiarane saman med presten til Tårnagentgudsteneste.
 
Søndag spiste alle frokost i kyrkja, før det var skattejakt og gudsteneste der Tårnagentane var med på mange ulike måtar.
Dei song, dei las frå bibelen, dei tente lys og agent Martin fekk trykka på knappen som starta kyrkjeklokkene då gudstenesten var ferdig - men det kjekkeaste agentane gjorde i gudstenesta var nok då dei kom smygande inn i ei mørk kyrkje frå 4 ulike kantar  med buffen over hovudet mens lommelykta lyste.
 

    

Nye agentar må stempla seg inn i kyrkja                                   tøffaste Tårnagentane i Sagvåg

      

finn han skatten?  ......                                                                       eller er det ho som finn skatten?
 

 

   

Gruppa flaggermus er klar til oppdrag......                               
                                                                                                         også prestar likar agentmat!