|
|
Det har blitt ein tradisjon for søndagsskulane i
Kvinnherad å innby til Bu-heimaleir tidlig i januar på Omvikdalen skule. I
år kom dei 51 deltakarane frå store delar av kommunen og var med på leir.
Leiarane er søndagsskuleleiarar eller andre vaksne som vil vera med å leggja
til rette for ein slik leir.
Laurdag starta det med bli kjent samling før det
var bibelsamling med tema den eine sauen og dei 99. Så var det middag og ut
å leike litt før barna gjekk til mange ulike aktivitetsgrupper.
Dagen vart avslutta med leirfest med pølsepizza,
leik og moro.
Søndag starta dagen med søndagsskule før det var
bønnevandring der alle stasjonane hadde utg.p i salme 23 om Herren er min
hyrde. Etterpå var det middag og ut å leike før gymsalen på skulen blei
fyllt opp med foreldre og besteforeldre og andre som blei med på familiefest
som ein avslutning på leiren.
Kor vart den eine sauen av?
uteaktivitet på bu heimaleir,
kjekt å klatra i tre
Det er ulike aktiviteter å velge blandt, dette er fra bakegruppa
og dette fra hobbygruppa
Her skal det verta ei bru og her tek ho form..
Frå elektronikkgruppa |