|
|
Et opplegg til bønnevandring - av Elisabeth
Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det. Ordt 4.23.
Ta eit gullhjarta og fest på det store raude hjarta.
Sjå i begge hendene mine har eg teikna deg.
Sett eit stempel med hand på inni dei store hendene.
Velsigna kongen og hans hus, vårt folk og fedreland…
Sett ei knappenål på kartet der det bur nokon du vil be for.
Du er ei perle for Jesus Ei perle med stor verdi Jesus han døydde på krossen for å kjøpa perla si.
Ta ei perle med deg.
Om eg er liten eller stor Så er det best for meg på jord, Å høyra Jesus til…
Be for barna og dei vaksne på søndagsskulen din.
Eg-perla Eg perla er ei lita kvit perle. Dette er eg- perla. Eg er skapt av Gud. Eg er ei fager perle. Eg er fantastisk. Det er berre eg som er eg.
Når vi deler med en venn tennes lys i himmelen. Tenn et lys for fred, for tro og håp og kjærlighet…
Tenn eit lys.
Takk.
Legg ei bøn med alt du har å takka for i krukka.
Bønneblom.
Inni kvar blom står det ei bøn. Legg blomen i vatnet, så vil den opna seg og du kan lesa bøna som står der.
Smil og tårer..
Alltid, gode dagar, vonde dagar Alltid er du glad i meg… Ta ein blom eller ei tåre med deg og legg på alteret.
|