Til Johan G Foss’ heimeside

 

Kya – Frøyas tusenårsstad

 

Kåseri på Kya 05.08.2001

 

av Johan G Foss

 

 

Viss du bruker (noe av) kåseriet, så hugs å oppgi kjelde!

 

 

    Er Kya ein tatlet stad for Frøya å velge som tusenårs-stad?

    Noen meiner det. Og når vi ser oss omkring her, så må vi kanskje innrømme at staden ikkje er så imponerande. Ein låg holme med eit moloanlegg og ei allmenningskai. Tre–fire rorbuer, noen branntomter, ei fyrlykt, og på toppen av det heile ei stolt selbuhytte!

    Men kanskje er ikkje Kya så stakkarslig likevel, når vi begynner å sjå litt etter, iallfall i historia.

    Da trer kanskje Kya fram som eit av dei mest spesielle og interessante fiskeværa i Norge. Spesielt og interessant – fordi det er så lite, og fordi det samtidig var så stort.

 

    Lite? – Det fins vel knapt noe fiskevær som er mindre enn Kya. Høgste punktet stikk 7–8 meter over havet. Når det var storbåre, skylte båra over heile været. Korleis var det da mulig å ligga her og drive fiske, å ha Kya som base i den viktigaste næringssesongen?

    Kya representerte ressursutnytting i ytterkanten av det menneskelig mulige.

    For dei som ikkje er kjent, så består Kya av to holmar, Vesterålen og sjølve Været. Rorbuene stod (i all hovedsak) på Været. På slutten av 1800-talet var det 15–18 stykke, og frå omkring 1900 også to større losjihus, som væreigaren sette opp. Mellom Vesterålen og Været går det eit smalt og grunt sund, eit par hundre meter langt og noen få meter breitt. Det kalles Keila, og det var båthamna i Kya før moloane kom. Her låg båtane tett i tett, side om side, på tvers i sundet. Når ein skulle ut eller inn, fór ein med båten under landtaua til dei andre båtane. Austom sjølve været var det ei større, åpnare hamn, der kjøparfarty kunne ligge – dei som våga.

    Stort? – Kya var eit av dei viktige fiskeværa på trøndelagskysten i gammel tid. Eg skal i dette kåseriet avsløre «nye» opplysningar om kor viktig Kya var som fiskevær.

    Og gammelt! – Fiskarane har trulig drive fiske og hatt rorbuer på Kya sia mellomalderen.

 

    Som holme er det ikkje noe imponerande ved Kya, og ikkje er det noe imponerande med namnet heller – bortsett frå at det òg er gammelt. Antakelig er det eit humoristisk nedsettande samanlikningsnamn. Sjøl om Kya ikkje ragar så høgt, så markerer den seg godt i horisonten. I våre dagar er det moloane som dominerer inntrykket; Kya trer på avstand fram som ein tjukk «strek» med noen «vortar» – rorbuer – oppå. Men før moloane kom, kunne Kya på avstand likne ein (litt flat) bakende som stakk opp av havet, ei rev, og når ein kom nærare kunne ein tydelig sjå revskòra (det var Keila), og dei to revballane (Vesterålskollen på eine sida og Været med Røsten og Glåmlesten på den andre). Revball heitte på gammelnorsk Þjó, og det er antakelig det gamle namnet på Kya, antakelig i fleirtal. Namnet Kya betyr altså – mest sannsynlig – Revballan. (Denne tolkinga er framsett av Ola Stemshaug i Norsk stadnamnleksikon.)

 

    Viss dette er rett, så fell namnet på heile øya i tråd med nedsettande namn på mindre lokalitetar i Kya, f.eks Pallstokken (eit på nordsida av Kya) og Pallstokkholet (åpningen i nordenden av Keila som no er stengt med molo). Ein pallstokk var grunnstokken bakerst i kubåsane, som skiten fall på.

    Og skal tru om ikkje ’Vesterålen’ og ’Røsten’ også er humoristiske samanlikningsnamn – vi manglar så å seie berre «Lofoten».

    Kva var det med ein livsfarlig stad som Kya som kalla på humoren? Var dei humoristiske stadnamna ein måte å handtere angsten på?

    Og så bunamna, da! Der slo folkehumoren til, raskt og kontant, i Kya som i andre fiskevær. Det skulle ikkje mykje til før ei rorbu fekk namnet Slaveriet, eller Hotellet (viss bua var litt stor), eller Kammerset (viss ho var lita), eller Fauskjen (viss treverket var litt meir dårlig enn det som vanlig var – fausk = ’rote treverk’), eller Sorret (viss det var mer enn vanlig kaldt i bua? – sorr = ’isskorpe eller blanding av is og vatn’), eller Rådstua (viss det vart ført vel mykje alvorlig snakk der?). Men Merrareva, da! og Helvetet!

 

    I manns minne var det berre folk på yttersida av Frøya, frå Kverva til Dyrøya, som hadde rorbuer på Kya. Kya hadde preg av å vera eit lokalt vær. Men i eldre tid ser det ut til at Kya hadde eit langt større «oppland». På 1700-talet later det til å ha vore eit betydelig innslag av hitterværingar i Kya.

    Vi hører f.eks om eit båtlag frå Straumfjorden og om folk frå Kvennværet som var i Kya på longefiske i mai 1738. I det eine båtlaget var det eit kvinnfolk med. Ho måtte ligge i seng med dei to karane, fordi rya hennes vart skylt over bord da dei segla rundt Titterodden på tur utover. Av bestemte grunnar sørga ho for å ligge fremst! Ho bodde i lag med 5 mannfolk i bua, 6 menneske i alt, sikkert to seksringslag, begge trulig frå Hitra, og det var sikkert også hitterværingar som åtte bua.

 

    Og no skal eg komma med ei fantastisk avsløring for dokker. No er eg så sprekk-ferdig at eg greier ikkje å halde meg lenger.

    Men først må eg kanskje skuffe Kyas venner lite grann. Vennene har sikkert hørt at eg skal komma med sensasjonelle avsløringar her, og ventar no at eg skal legge fram revolusjerande opplysningar om eigedomsretten til Kya. Det skal eg ikkje. Det får eventuelt utstå til seinare.

    Eg skal berre fortele dokker kem som rodde vårfiske (skreifiske) i Kya!

    – Ikkje i 1949 (det ville ikkje ha vori særlig imponerande), ikkje i 1849 (det ville ha vori imponerande!), – ikkje kem som rodde her i 1749 (det ville ha vori fantastisk!), og heller ikkje kem som rodde her i 1649 (det ville ha vori aldeles fantastisk!). Men eg skal fortele dokker kem som dreiv skreifiske i Kya våren 1549!

    Det må vel vera opplysningar som er ein tusenårs-stad verdig!

    Vi er faktisk så utrulig heldige at vi har bevart ei skriftlig kjelde frå 1549 som – viss tolkinga mi er rett – ikkje berre fortel kor mange fiskarar og høvedsmenn som dreiv skreifiske her det året, men som nemner dei med namn, og også kor dei var ifrå, og kor stor båt dei hadde!

    Det dreier seg om ei liste over innbetalt landvorde i 1549 som vi finn i ein såkalt lensrekneskap frå det året. (Lensrekneskapane inneheld bl.a dei offentlige skatte- og avgiftsrekneskapane.) Denne kjelda har vore kjent lenge – den er til og med trykt, i ein kjeldeutgave med namn Norske lensregnskapsbøker 1548–1567. Men ingen har vore klar over at Kya er nemnt i denne kjelda.

    Kva var så landvorde for noko?

    Det var ei gammel og merkelig avgift som fiskarane betalte til kongen når dei fiska skrei frå noen bestemte utrorsstader som hadde ein spesiell status som «landvorde-vær». Vi veit faktisk når denne avgifta vart innført, og kven som innførte ho. Det var kong Svein Knutson og dronning Alfiva, danskane som hadde styret i Norge frå 1030 til 1035, etter Olav den helliges fall på Stiklestad. I utgangspunktet skulle kvar fiskar betale 5 store fiskar, men dette vart etter kvart omgjort til ein normaltakst på ½ våg tørrfisk, dvs ca 9 kg, pr mann (noen stader vart taksten sett til våg). Her i vårt område var Veiholmen, Titran, Kya, Vågsvær, Sula, Froan og Halten «landvorde-vær», men merkelig nok ikkje Kvennværet og Mausund.

    Ei avgift innført for 1000 år sia er grunnlaget for at vi i dag veit kven som rodde skreifiske ein vår for snart 500 år sia i tusenårsstaden Kya!

    La meg før eg går vidare, skyte inn at forholda omkring landvorda og landvorde-væra kan eg snakke om med større faglig autoritet enn noen annan historikar i Norge! Saka er at eg undersøkte dette temaet svært grundig da eg tok hovedfag i historie i 1979, og eg behandla temaet i eit stort kapittel i hovedfagsoppgaven min. Eg greidde der ut både opphavet, karakteren, utviklinga og endeligtet til denne avgifta. Men hovedoppgaven er det jo ingen som har lesi, bortsett frå dei to sensorane, og av dei er den eine død og den andre har sikkert glømt det. Men det har ikkje eg! Så derfor er det eg som er autoriteten på dette området, og ingen annan faglig autoritet treng å prøve seg med å komma og legge seg borti det som vi blir enige om her no!

    Når det så gjeld dei fantastiske opplysningane om fiskarane på Kya i 1549, så er det éin ikkje uvesentlig hake ved det: I lista over landvorde-ytarar står det ikkje ’Kya’. Det står ”Thyem”. Det er eit namn som alle som har vore borti denne kjelda, har lese som ’Tian’. Men det fins ingen opplysningar og ingen tradisjon om at Tian har vori eit gammelt fiskevær av den typen vi snakkar om her: skrei-vær, landvorde-vær.

    Den einaste rimelige forklaringa eg kan sjå, er at han som skreiv denne lista, skreiv kj-lyden i Kya – ikkje som kj, som vi skriv, men som tj (som i tjuv, tjære osv). Og det kan han meget vel ha gjort etter uttalen den gongen, for namnet Kya har i gammelnorsk tid antakelig ikkje hatt kj-lyd, men Þ-, ein aspirert (pustande) t-lyd. Namnet kjem, som vi såg, antakelig av gammelnorsk Þjó.

    Så vi kan vera rimelig trygge for at ”Thyem” i landvorde-lista er Kya og ikkje Tian. Skal vi vera einige om det?

    Eg vart kraftig styrka i denne oppfatninga da Svein B Sæther, styrar på Kystmuseet på Hitra, fortalte at han hadde funni belegg for at hitterværingar hadde rorbuer på Kya allereide på 1600-talet.

    Kven var det så som dreiv skreifiske i Kya vinteren/våren 1549? Her er dei – oppslista i ein tabell der dei to kolonnene til venstre gjengir det som står i kjelda (overskriftene og dei forklarande kolonnene til høgre er det eg som har sett til):

 

Namnet og heimstaden til høvedsmannen

Betalt landvorde

Namn og heimstad i moderne språk

Antal mann

Om personen er kjent frå andre kjelder

Joenn paa Selleuogh

1½ våg fisk

Jon Selvåg, Hitra

3 mann

Nei, Amundth betaler landskyld for Selvåg i 1549.

Annders paa Wogghe

1½ våg fisk

Anders Vågan, Hemne?

3 mann

Ja, Anders betaler skatt i 1559.

Oluff paa Dyuigk

1½ pund fisk

Oluf Jevika, Hitra

1 mann

Ja, Olluf landskyld 1549.

Anders paa Dyuigknn

1 våg fisk

Anders Jevika

2 mann

Nei.

Peer paa Kerllingeuogk

1 våg fisk

Per Kjerringvåg, Hitra

2 mann

Ja, Peder landskyld 1549.

Peer y Wardøynn

1 våg fisk

Per Vardøya (Heggåsen, Dolmøya), Hitra

2 mann

Ja, Peder landskyld 1549.

Moenns paa Vdtyenn

½ våg fisk

Mons Uttian, Frøya

1 mann

Ja, Moenns landskyld 1549.

Eriick paa Wdtienn

1½ våg fisk

Erik Uttian

3 mann

Nei.

Andor paa Thiienn

1½ våg fisk

Andor Tian (Inntian), Frøya

3 mann

Ja, Anndor landskyld 1549.

Joenn paa Fogeløyenn

1½ våg fisk

Jon Fugløya, Snillfjord

3 mann

Nei, Ellef skatt 1559

Østenn paa Fiielduernn

1 våg fisk

Øystein Fjellvær, Hitra

2 mann

Ja, Østhenn landskyld 1549.

Oluff paa Fiielduernn

1 våg fisk

Oluf Fjellvær

2 mann

Nei.

Elleff paa Fyllnn

1 våg fisk

Eilif Fillan, Hitra

2 mann

? Oluff landskyld 1549.

Jffuer paa Fyllum

1 våg fisk

Iver Fillan

2 mann

Nei.

Oluff paa Nordolnen

1 våg fisk

Oluf Norddolm, Hitra

2 mann

Nei, Lauriidtz skatt 1559.

Symonn paa Regsandt

½ våg fisk

Simon Reksa, Hitra

1 mann

Ja, Symenn landskyld 1549.

Niels paa Dyruigknn

1 våg fisk

Nils Dyrvik, Frøya

2 mann

Ja, Niiels landskyld 1549.

Johannes paa Barnem

1 våg fisk

Johannes Barman, Hitra

2 mann

? Eriick landskyld 1549, Johans skatt 1559.

Biiørnn paa Dallenn

1½ våg fisk

Bjørn Daløya?, (Frøya)

3 mann

? Laurens (i Daløya) landskyld 1549, Bjørn skatt 1559

Lauerens paa Flauarnn

1 våg fisk

Laurens (Lars) Flatval, Frøya

2 mann

? Enner landskyld 1549, 2 Lauriidtz’er betaler skatt 1559.

Oluff paa Sandestadtt

1 våg fisk

Oluf Sandstad, Hitra

2 mann

Nei, Niels landskyld 1549 og skatt 1559.

Moenns paa Jusßennøø

1 våg fisk

Mons Jøsnøya, Hitra

2 mann

Ja, Mons skatt 1559.

Lauerens paa Mednes

1½ våg fisk

Lars Mjønes?, (Snillfjord)

3 mann

Nei, Olluf skatt 1559.

 

    Etter dette skulle det vera 23 båtlag med i alt 50 mann som rodde vårfiske i Kya i 1549. 6 av båtlaga var frå Frøya, 14 frå Hitra og 3 frå fastlandet. 10–14 av høvedsmennene er kjent frå andre kjelder.

    Er ikkje dette ei fantastisk kjelde, så veit ikkje eg!

    Fleiralet av dei som er nemnt her, har utvilsomt hatt rorbu på Kya.

    Men kjære folk – i manns minne var det da berre folk på yttersida av Frøya, frå Kverva til Dyrøya, som hadde rorbuer på Kya. Korfor er ingen frå dette området med i landvorde-lista frå 1549?

    Svaret er enkelt: Det bodde ingen i dette området i 1549! Det fanst ikkje éi fastboande sjel på yttersida av Fast-Frøya mellom Strømøya og Titran! Vi må hugse på at vi enno i 1549 befinn vi oss i ødetida etter svartedauen, og landet var ufattelig tynt befolka. På 1500-talet bodde det ikkje folk på Dyrøya, ikkje på Sjønhalsen, ikkje i Gurvikdalen, ikkje i Sandvika, ikkje på Espneset, ikkje på Nordskaget og Kverva, ikkje på Vågøya og Gåsøya. Men på Sula og Titran, som var store fiskevær med fastboande befolkning. Og på Vågsvær, der bodde det folk.

    Og ut mot havet, utafor alle øyane, låg allmenningsværet Kya, Revballan, utan fastboande, men med hus – rorbuer – og med fullt av folk i sesongane, frøyværingar, hitterværingar og hemnværingar.

    23 båtlag i 1549. Til sammenlikning var det i slutten av 1860-åra, 320 år seinare, jamt 40–50 båtar i Kya under vårfisket. Enno vart alt skreifiske i Kya drive med snøre. Garnfiske etter skrei kom visst i gang i 1872. Snørefisket vart i 1860-åra drive på åfjordsbåtar, frå færingar og opp til firingar (dei siste var ikkje fire- men fem-manns båtar). I 1549 ser vi ikkje teikn til båtar større enn seksringar.