Om eigedomsretten til fiskeværet Kya på Frøya

Av Johan G Foss

Siste justering 30.07.2001

Hugs å oppgi kjelde viss du bruker (noe frå) artikkelen!

 

Dei fleste fiskeværa var trulig allmenningar frå først av.

Slik veit vi at det var med Kya, for Kya var allmenningsvær heilt fram til 1807, ja, i praksis heilt fram til omkring 1900.

Korleis vart Kya privat? Korleis kan allmenningar bli private?

Vegen gjekk i gamle dagar via kongen. Kongen la beslag på allmenningane. Dei områda som ingen åtte, vart «kongens allmenningar» – eller statens eigedom, som vi vil seie.

Vi ser at mange fiskevær, som opprinnelig sikkert har vore allmenningsvær – Titran, Sula, Halten, Allmenningsværet i Roan o fl – var i offentlig eller halvoffentlig eige så langt tilbake vi veit om. Sula tilhørte erkebiskopen (erkesetet) allereide i slutten av mellomalderen (Aslak Bolts jordebok ca 1433), og Vågsvær likeins. Erkebiskopen hadde sikkert fått tak i desse væra frå kongen.

Sia tok kongen dei igjen, da han konfiskerte alt bispe- og klostergodset ved reformasjonen i 1537. Dei veldige godsmengdene til dei katolske biskopane og klostera vart no krongods.

Men 130 år seinare kvitta kongen seg med det meste av krongodset igjen. Det var for å skaffe seg pengar til å føre krig.

Da selte han til privare. Da var det væreigartida begynte for fiskeværa.

Jens Pedersen Kock vart væreigar på Sula i 1688, og sia etterkommarane etter han fram til 1850-åra. Hans Bernhoft vart væreigar på Titran i 1700, og sonen hans med samme namn etter han, til 1779. Deretter vart Titran overtatt av Parelius’ane på Hopsjøen. Elles var det Ribe’ane i Vikan (Strømøya) som åtte mesteparten av Frøya.

Men Kya var ikkje med i desse salga, og vart fortsatt rekna som allmenning. Ingen tenkte vel på at det var kongens allmenning, eller at noen kunne finne på å kjøpe Kya.

Så eg kan sjå for meg at det rykka til og vart uro blant folk på Dolm kirkebakke da lensmannen stod og las opp kunngjeringar etter gudstjenesta søndag 4 oktober 1807, og han begynte å lesa eit kongelig skjøte som Rasmus Brochmann Parelius på Hopsjøen hadde fått på «allmenningsskjæret Kyen». Det var datert 26 januar 1807, og kjøpesummen var på 40 rdl. Skjøtet vart merkelig nok ikkje tinglyst, men det blir opplyst at det var forevist fogden den 26 september 1807, og altså åtte dagar deretter lese på Dolm kirkebakke.

Parelius følte seg antakelig på svak grunn når det gjaldt rettighetene sine på Kya. Han hadde ein kraftig hevdsrett imot seg. Kan hende tenkte han å gå litt stilt med det og la tida arbeide for seg.

Det gjorde også dei eigarane som kom etter han:

– Krigsråd Holtermann og Nils Rosing Parelius frå 1841.

– Rasmus Lossius og Andreas Møller frå 1863.

Da først, i 1863, kom Kya under dei samme eigarane som åtte Sula, og Kya vart deretter rekna med til Sula-eigedommen. Kya hadde definitivt ikkje vore rekna med til Sula-eigedommen tidligare, verken før eller etter at Rarmus Parelius kjøpte «allmenningsskjæret» av kongen. Da brødrene Kock foretok fredlysing av Sula-eigedommen i 1788, blir Kya uttrykkelig unntatt. Eigedommen strekte seg «langs Havet fra forbemeldte Søer Kyen [Synnkya, Sør-Kya] til Gildklakkerne og MandgraaeHolmen i Nord; dog det for menige-Mand brugende almindelige Fiske Stæd Kyen undtagen …». – Synnkya, skjæra som ligg ein kilometer sør for Kya, rekna dei altså med til Sula-eigedommen, men ikkje sjølve Kya.

Men enno etter at Rasmus Lossius og Andreas Møller hadde kjøpt Kya (1863), følte eigarane seg på svak grunn. Dei innførte f.eks ikkje salgsplikt (værtvang) i Kya, slik dei gjorde i Sula, Vågsvær og Humlingsværet. Kya var eit fritt vær.

I 1884 gjorde Rasmus Lossius rettslige framstøytar mot rorbueigarane i Kya, men eg har ikkje undersøkt kva dette førte til.

Så hardna konfliktane til under væreigar Arne Arnesen omkring 1900. Han bygde losjihus og brygge på Kya, og han hevda no full og uinnskrenka eigedomsrett til øya, også over rorbutomtene. Men rorbueigarane ville ikkje rette seg etter han. I 1901 anla han sak mot eigarane av 18 rorbuer og kravde at buene skulle fjernast.

Rettssaka endte med dom i Trondhjems overrett i 1907, som stadfesta Arnesens eigedomsrett til Kya, og at han kunne forby oppføring av nye rorbuer, men ikkje kreve at rorbuer som hadde stått der frå gammelt av, vart fjerna.

Saka har etterlatt seg et stort og interessant materiale, som eg enno ikkje har fått tid til å gå skikkelig igjennom.

 

Innførslene om Kya (under gn 64, Sula) i Panteregister nr 3 for Hitra sorenskriveri, "Sletten 1" (autorisert 1904):

[1807, 1841]
Skjøte til Krigsraad Holtermann og N. R. Parelius fra Auctionsforvalteren i R. B. Parelius’ og Kones Bo paa Fiskeværet "Kyen" m. fl. Ejendomme, dat 16. Septbr 1841, thl. H(?) Th. s. A.
[Merknad:] Ved Kgl Skjøde af 26. Januar 1807 er Rasmus Brochmann Parelius hjemlet Almindingsskjæret "Kyen" for 40 Rdlr. Skjødet er ikke thinglæst, men forevist Fogden 26/9 1807 og læst fra Dolmø Kirke den 4/10 1807.

[1850]
Skjøde til Krigsraad Holtermann fra N. R. Parelius paa hans Andel i "Kyen" m. fl. Ejendomme, dat. 30 Septbr 1850, thl. H(?) Th. s A.

[1863]
Skjøde til Rasmus Lossius og A. Møller fra Holtermanns Arvinger paa Fiskeværet "Kya" under denne Gaard, for 100 Spd, dat. 7 Novbr 1863 thl. Exth. 23. Januar 1864.

[1886]
[Auktion av Sula-eiendommen (Sula, Vågsvær, Humlingsværet og Kya), Rasmus Lossius tilhørende, 21/9 1886. Kjøper: Nikolay H Knudtzon?]

[1904]
Skyldsætning afh. 16/1 1904, afhj. 10–11/6 1904, hvorved denne gaard er skyldsat saaledes:
Gnr. 64 brnr. 1, Sulen, Arne Arnesen, 4 daler 9 s, ny 9,12
brnr. 2, Humlingsvær 1/7, Arne Arnesen, 3 ort 20 s, ny 1,72
brnr. 3, Kya 1/10, Arne Arnesen, 2 ort 17 s, ny 1,20
[Tilsammen] 5 dlr 1 ort 22 s, ny 12,04
[Merknad:] Protest mod forretningens afhjemling, dat 4/6 1904, thl. 10-11/6 1904.