Til Johan G Foss' heimeside

Dolm kirke på Hitra

Foredrag av Øystein Ekroll

på Dolm 12.6.2004


Forelesningsnotat ved Johan G Foss


Hugs å oppgi kjelde dersom du bruker noe av dette.

 

Ingress ved Johan G Foss:

Dolm kirke er den eldste og utan samanlikning mest interessante bygningen på Hitra og Frøya. Den er ei langkirke av stein, 28 meter lang og 14 meter brei, med omkring 1,5 meter tjukke murar. Når det gjelder opphav, alder og arkitektur framtrer denne kirka som noe av eit mysterium.

- Kirka er halde for å vera bygd i romansk stil - med rundboge og massive murar. Den må da vera bygd før ca 1250.

- Dolm kirke kan synast å ha hatt tilknytning til Irland. Den skal ha vore vigd til den irske helgenen St Colbanus, eller Columba, som levde på 500-tallet, og som anla flere kloster i Nord-Irland og Skottland. Visse arkitektoniske trekk ved Dolm kirke har vorte påstått å peike mot irske klosterkirker. Ein slik tilknytning til Irland kan tyde på svært høg alder, kanskje heilt tilbake til kristningstida, da innflytelsen frå irsk/engelsk kristendom i Norge var størst - eller kanskje enda lenger tilbake?

- Tidligare sokneprest på Hitra og prost i Fosen, Kjell Ivar Berger (far til Margaret Berger), dro i 1993 på forskningsreise til Irland for å finne ut meir om dette. Han konkluderte med at Dolm må ha vore ei av flere pilegrimskirker langs kysten, og at den heller må vera bygd før 1150 enn etter. (Berger presenterte resultata sine i ein artikkel i Årbok for Fosen 1994).

- Ifølge tradisjonen (også gjengitt av sokneprest Peder Schwane Bang i 1780) skal Dolm kirke ha vore bygd som ein del av eit tiltenkt klosteranlegg - derfor er det merke etter eit (planlagt) tilbygg på nordsida - men bygginga skal ha vorte avbrutt av svartedauen i 1349/50. Derfor var sørveggen av kirka på Bangs tid murt berre halvvegs opp, øvre delen var av tre.

- Men hvis kirka er bygd på 1300-tallet, korleis kan ho da være romansk, fra før 1250?

- Og korleis kan det i seinmellomalderen ha lege ei steinkirke på Dolm medan hovedkirka i prestegjeldet låg på Undås (Amundarås, Amundås) på andre sida av Dolmsundet og antakelig var bygd av tre? Prestegjeldet gjekk under navnet Amundås prestegjeld heilt fram til reformasjonstida.

Korleis heng dette saman?

Folkeakademia på Hitra og Frøya og Kystmuseet i Sør-Trøndelag sette seg føre å lette på historia sitt slør omkring Dolm kirke den 12 juni 2004. Avsløringa skjedde ved hjelp av forskar Øystein Ekroll ved Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider. Han er ein av dei fremste ekspertane på norsk steinarkitektur i mellomalderen og gav i 1997 ut boka Med kleber og kalk. Norsk steinbygging i middelalderen.

 

Forelesningsnotat frå Øystein Ekrolls foredrag:

 

Steinkirker var heller uvanlige i Norge i mellomalderen. Det var enklare og billigare å bygge trekirker. Berre 1/5 av kirkene i landet, 250–300 stykke, var bygd av stein. Annleis var det i Sverige, med 900 steinkirker, og Danmark med over 2000.

I Norge fordeler steinkirkene seg over heile landet, men med noen konsentrasjonar: aust for Trondheimsfjorden, på Jæren og særlig i dei rike jordbruksbygdene på Søraustlandet. Fordelinga har med ressurstilgang å gjera.

 

Kva veit vi om Dolm kirke?

For dei fleste kirkene har vi lite opplysningar om alder og opphav. For Dolm er problema ekstra store fordi kirka har brunne fleire gonger. Ingen gamle gjenstandar er bevart. Vi står på bar bakke. Utgravingar kunne nok ha gitt oss ein del kunnskap. Men foreløpig har vi berre bygningen sjøl å halde oss til. Kva kan den fortelle – dør- og vindusopningane f.eks?

Men det finst òg liknande bygningar som vi må sjå på og hente kunnskap frå.

Eg trur ikkje på «den irske forbindelsen», at Dolm-kirka har hatt tilknytning til Irland.

 

Hitra var kannikgjeld

Derimot trur eg det er eit viktig forhold at Hitra var kannikgjeld. Det viser at Hitra var eit feitt kall. Kannikane, prestane ved domkirka, var som ei av sine inntektskjelder tillagt rike prestekall. Kannikane oppheldt seg for det aller meste ved domkirka og røkta pliktene sine der, og hadde vikarar ute i prestegjelda sine. (Dette var vanlig også andre stader, jfr det engelske ordet vicar for sokneprest.)

Andre kannikgjeld i området var Ørlandet, Tingvoll, Aukra, Kvernes. Det rikaste av alle kannikgjelda var Trondenes. Alle desse ligg ute ved kysten. Det har samanheng med den avkastninga som sjøen og fisket gav. Vi må sjå dette på bakgrunn av oppsvinget i fisket og fiskeværa i seinmellomalderen. I dag er det oppdrettsnæringa som er rikdomsskaparen på kysten. I seinmellomalderen var det fisket. Gjennom eit prestegjeld som Hitra, med fleire store fiskevær, gjekk det store kapitalstraumar, bl.a i form av fisketiende.

Vi veit lite om forholda på Hitra/Frøya i tidlig mellomalder og høgmellomalder. Vi kjenner f.eks ingen høvdingar/stormenn herifrå.

Men i seinmellomalderen, etter svartedauen i 1350, kjem øyane i fokus. Tyngdepunktet i folkesetnad og økonomi flyttar seg utover mot havet. Dette skyldast gode prisar (godt byteforhold) på fisken. Fiskeværa vart økonomiske tyngdepunkt, og erkebiskopen/domkapitlet fann det hensiktsmessig å bygge kirker der.*)

*) Ein får heller inntrykk av at værmennene sjøl bygde værkirkene, «av bekvemmelighetshensyn», for desse kirkene fall utafor det regulære kirkesystemet, dei hadde verken jordegods eller tiende, og frå kirkeorganisasjonen si side vart det (i seinare tid) understreka at kirkeorganisasjonen ikkje hadde noko med vedlikehaldet av værkirkene å gjera, og at værmennene eigentlig sokna til hovedkirka, ikkje til værkirka. (Merknad av JGFoss)

Undås (Amundås) kirke har sitt opphav i tidlig- eller høgmellomalder. Dolm kirke har sitt opphav på 1400–1500-talet. Den er visst ikkje nemnt før reformasjonen, men i «Reformatsen» frå 1589 er Dolm hovedkirke i Hitra prestegjeld, med 6 underliggande kirker: Sula, Titran, Kvennværet, Ulvan, Hemne og Vinje. Soknepresten bodde på Dolm og skulle ha ein kapellan hos seg, og i tillegg skulle det vera ein residerande kapellan i Hemne.

Vi må sjå kirkebygginga i seinmellomalderen på bakgrunn av reorganiseringa og styrkinga av erkebispedømmet som foregjekk frå Aslak Bolt til Olav Engelbrektsson.

 

Steinkirkene i mellomalderen

Ser vi på grunnplana til mellomalder-steinkirkene, er dei forholdsvis like, med kor og skip, men ikkje våpenhus.

Å bygge ei steinkirke var eit stort prosjekt. Det var ikkje noe ei bygdebefolkning gjorde på dugnad. Mange handverkarar var involvert: steinhoggarar, murarar, tømmermenn, smed, glasmeister og handlangarar. Klimaet hos oss gjorde dessutan at byggesesongen innskrenka seg til sommarhalvåret, maksimum 6 månader, på grunn av at kalken ikkje tålte frost.

Bruk av stein som bygningsmateriale var «nytt» i Norge. Stein med bindemiddel kom til landet med kristendommen. Stein til steinkors henta dei frå kvernsteinbrudda. Først utover 1000-talet kom det steinbrudd for bygningsstein.

Av hensyn til transporten av stein låg kirkene i Europa ofte ved sjøen. Men i Norge låg mange kirker nesten nede i flomålet. Det vitnar om at sjøen her har vore den sentrale ferdselsåra. Kirkene ligg langs leia.

Eksempel:
Selje kloster – ei viktig hamn sør for Stad (Klosterhamna).
Tilsvarande Åheim kirke nord for Stad.
Giske kirke – ei fin steinkirke frå 1100-talet, bygd av marmorstein.
Nærøy kirke i Namdalen, frå 1100-talet. Kirka og prestegården ligg åleine på ei lita øy.
Dolm kirke er òg ei av desse mange sjønære kirkene. Det var hensiktsmessig, for dei fleste kom sjøvegen til kirka.

 

Kva kan vi lesa ut av forma på Dolm-kirka?

Forma er tradisjonell, med skip og kor, men den er uvanlig brei. Skipet er 19 x 14 meter, koret er faktisk breiare enn det er langt: 9 x 10 meter.

1100-talskirkene var forholdsvis lengre i forma, og dei er også høgare, og vindauga sat høgt oppe på veggen.

Eksempel:
Skaun kirke.
Byneset kirke, 1200-talet – lang, smal og høg.
Orkdal kirke, 1100–1200-talet – likeins.

I Dolm er det ingen fine uthoggingar (portalar e l).

Noen kirker liknar Dolm:

Kirka på Reinsklosteret i Rissa. Den var låg og brei.

Den kirka som liknar mest, er Logtun kirke på Frosta. Den veit vi vart innvigd omkring 1500, ombygd og vigsla under erkebiskop Gaute. Den er nesten firkanta. I vestveggen er det ein portal med spiss boge, men den er gjenbruk frå ei eldre kirke, og det er gjort dårlig handverk, så bogen er skeiv. Dette skyldast nok at det var vanskelig å skaffe gode steinhoggarar på denne tida, fordi det foregjekk svært lite steinbygging. På sørsida av koret har Logtun-kirka ei firkanta, enkel kordør, likeins som Dolm.

Det er berre ei lita gruppe steinkirker som vart bygd i seinmellomalderen:
Eidfjord i Hardanger,
Kvamsøy i Sogn (enkel bygning frå 1300–1400-talet),
Ibestad i Troms (1400-talet, låg og brei, rive i 1880),
Trondenes kirke (påbegynt omkring 1400, fullført omkring 1500).

Plasseringa av Kvamsøy kirke liknar plasseringa av Dolm. Dei slutta no å legge kirkene på høgste punktet, dei la dei lågare, meir i ly.

Dolm kirke (og Trondenes og Ibestad) må vi sjå på bakgrunn av Kyst-Norges oppgang i seinmellomalderen.

Trondenes var det feitaste av alle kannikgjelda, og det låg til den viktigaste av kannikane: dekanus. Innkomstene av Trondenes var 13 gonger større enn innkomstene av Dolm.

 

Steinutstikka på nordsida av koret på Dolm

Dette er sikkert restar etter eit sakristi. Sakristi var sjeldne i mellomalderen. Berre dei viktigaste kirkene hadde det.
På Trondenes kirke var det sakristi.
Sakshaug kirke på Inderøya har sakristi – på sørsida av koret.
Alstadhaug kirke i Skogn har eit 1400-talssakristi.

Sakristia var ikkje berre hjelperom for presten, slik som i dag. Det var eit rom for oppbevaring av verdifulle gjenstandar og dokument. Derfor hadde ingen sakristi inngang utanfrå. Inngangen var frå koret, og der var det gjerne jarndør. Det skulle vera vanskelig å bryte seg inn i sakristiet. Over sakristia var det steinkvelving innvendig, men over kvelvingen gjekk det eit skråtak ut frå korveggen.

Slik har det sikkert også vore på Dolm. Det er spor (ein langsgåande kant) etter feste for ein kvelving på nordsida av koret. Det er òg merke etter ein døropning i nordveggen i koret. Merke i bakken tyder på at sakristiet på Dolm trulig har vore rektangulært (ca 5 x 9 meter). Seinmellomalder-sakristia var gjerne store og gjerne kvadratiske.

 

Rundboga vindu

På slutten av mellomalderen vart det igjen vanlig med rundboga vindu, så det er ikkje så rart om ein finn det i Dolm. I sørveggen i skipet har det trulig vore tre slike vindu som vi har i austveggen i koret. Vindua i sørveggen kan ha vorte såpass ødelagt under ein av dei tidlige brannane at øvre delen av sørveggen vart bygd opp med treverk, slik Peder Schwane Bang beskriv det.

I Dolm kirke er det ikkje vindu i nordveggen. I Trøndelag var det vanlig med vindu også her, men på Austlandet var dette ikkje vanlig.

 

Portalar

Vanligvis var det hovedportal i vestveggen. I Dolm er det to portalar overfor kvarandre, ein i sørveggen og ein i nordveggen. Vi kan rekne med at den på sørveggen vart brukt av karane, og den i nordveggen av kvinnene. Dei to portalane kan òg ha vore brukt til prosesjonar.

 

Flatt tak (himling)

I eldre kirker var det oftast høgreiste tak, utan himling, slik at ein såg opp i takstolane. Slik er det f.eks i Værnes kirke i Stjørdalen. Dolm kirke har trulig hatt flatt tak (himling) heile tida, slik som Trondenes kirke og i fleire kirker frå seinmellomalderen. Det ga eit stort loft som kunne brukast til å oppbevare forskjellige ting. På loftet i Trondenes har ein funne restar etter eit ullsegl.

Også «den mør’ske stavkirke» hadde flatt tak i kirkerommet, som i Kværnes og Rødven. Dei representerte ein ny måte å tenke kirkerom på: det låge og åpne kirkerommet. Strebarane (støttene) utvendig på desse stavkirkene gjorde at ein kunne ta bort dei innvendige søylene. Dermed fekk ein eit stort og ope rom.

Det var plass til mykje folk i Dolm i den tida da folk stod, før det kom benkar. Da var det plass til 4 personar på kvar kvadratmeter golvflate.

 

Koropningen

Kirker frå eldre tid hadde gjerne ein smal koropning, på omkring 2 meter, med korboge over. I Dolm er det ein brei koropning, og det er ingen teikn til korboge. Slik er det òg i Logtun kirke på Frosta.

Vi kan rekne med at da desse kirkene vart bygd, hadde dei begynt å bygge korskille i tre, med skranke og sprinkelverk på sidene av «kordøra».

Framme i skipet, på kvar side av koropningen, har det sikkert vore eit sidealter der lekfolk sjøl kunne gjera sine tjenester.

 

Det låge korgolvet

Ein kan ha hatt ei løysing à la den som er i dag, med samme golvnivå i koret som i skipet, og med ei trapp ned til utgangsdøra på sørsida av koret.*)

*) Nei – for da blir døropningen som det er merke etter på nordsida av koret, også problematisk, og likeins reseptoria på nordveggen av koret. Kan hende skyldast det låge kor-nivået rett og slett at terrenget halla? (Merknad av JGFoss)

 

Murteknikken

Kirka er bygd av tukta (grovt tilhogd) stein, ikkje hoggen (finhogd) stein. Rundt vindu, portalar og hjørner var det vanlig å bruke hoggen stein, men det er ikkje brukt her. Døropningane er øvst avslutta på enklaste vis, med ein tverrstein lagt over opningen.