Bygdebok for Vågå og Sel, band 4
|
Band 4: |
|
|
1908-30: Sel og Heidal I samsvar med kongeleg resolusjon den 22. juli 1907 vart det gamle Vågå herad oppdelt i tre kommunar frå den 1. januar året etter. Som eigne kommunale einingar fekk dei tidlegare anneksa i første omgang namna Sell kommune og Hedalen kommune, seinare endra til Sel og Heidal. I framstillinga som følgjer, vil det i fleire samanhengar vera rimeleg å sjå på dei to kommunane Heidal og Sel kvar for seg. Det kan gjelde kommunalt styre og stell, men også økonomi og næringsutvikling. I utgangspunktet var jordbruket hovudleveveg for båe. Men skilnadane var også tydelege. I Heidal var skogen ein viktig ressurs, i Sel representerte 5 000-6 000 dekar lite oppdyrka myrstrekningar nordover frå Selsverket eit rikt potensial for kornproduksjon. Jernbana var førd fram til Otta i 1896, og vart bygd vidare til Dombås i åra 1909-13. Dei tre jernbanestasjonane Sjoa, Otta og Sel vart dermed viktige knutepunkt, Sjoa med omsyn til transport til og frå Heidal, Sel med omsyn til leveranse av talkum frå klebermølla på Lalm. Otta stasjon, som låg i midten, og som alt før jernbana kom, var i ferd med å bli eit trafikknutepunkt for eit større distrikt, utvikla etter kvart ei eiga tyngde som stasjonsby og handelssentrum. Etter at vi har sett på kommunedelinga, og forholda omkring 1910 med omsyn til folkesetnad og levevilkår i dei to nye kommunane, drøftar vi nærare korleis stasjonsbyen Otta kan sjåast som eit einskilddøme innanfor ei nasjonal utvikling tidleg i hundreåret. I dette første kapitlet følgjer vi utviklinga i kommunane vidare framover til midt på 1930-talet. Det gjeld vegtransport og jernbane, det gjeld skifer- og kleberindustrien, og det gjeld jordbruket og skogbruket. Tida frå 1908 til midt på 1930-talet er ein periode merkt av kriser og komfliktar. Samtidig vart grunnlaget lagt for solidaritet gjennom samvirketiltak og fagorganisering i artbeidslivet. [Tilbake]1930-50: Trua på ei framtid Dette kapitlet omfattar ein periode på tjue år utover frå frå 1930. Etter den økonomiske krisa som spreidde seg utover verda frå slutten av 1920-åra, har tiåret som følgde, fått ord på seg for vera den verste trengselstida i hundreåret. Det galdt også bygdene våre. Gjeldsbør og pengeløyse tyngde, og arbeid fanst ikkje. Vegen til Amerika var stengd. Men medan det vonde rådde, grodde spirene til ei ny tid. Frå midt i tiåret tok hjula til å rulle på nytt. Elektrisiteten og oljen var den nye energikjelda som etter kvart var i ferd med å avløyse hesten og kvar manns muskelkraft. Vegar måtte byggjast og kraftliner strekkjast for å gje rom for ei ny tid. Behovet for ein større omsetnad av varer og tenester ville gjera folk til forbrukarar, og nye trygdeordningar skulle bøte på tidlegare tiders naud og sosial ulikskap. Men før verknadane av denne utviklinga var godt synlege og heilt til å tru på, kom den andre verdskrigen med okkupasjon og ei klam hand over alle sivile tiltak. Vi startar med å sjå på utviklinga i jordbruket der samvirketiltaka og vedtaka om senking av Lågen og oppdyrking av Selsvollane representerte eit vendepunkt. I Heidal vart mellom anna Murudalen ei arbeidsmark for pionerar på bureisinga sitt område. Både i Sel og Heidal sat Arbeidarpartiet trygt i salen med omsyn til kommunalt styr og stell. Gjennom arbeidarkamp og organisering skal vi sjå korleis fagrørsla vann seg eit feste innan det lokale arbeidslivet. Særleg Sel kommune fekk kjenne ein flik av krigens brutalitet, men alle lei under det femårige åket som den tyske okkupasjonen førde med seg. Etterpå følgde ein enda surare svie for dei som hadde lydd kallet og og gjort seg til tenarar under ein storgermansk draum. [Tilbake]1950-72: Materielt framsteg i sentrum Eit av dei store tema i lokalpolitikken på 1950- og 1960-talet galdt spørsmål kring sentralisering og kommunesamanslåingar. Og medan delinga av den store Vågå kommune tidleg i hundreåret var eit resultat av initiativ frå dei tidlegare annekssokna, var den nye vendinga eit halvt hundreår seinare styrd av politikk på det nasjonale planet. Ei nasjonal velstandsutvikling kravde meir planlegging og større einingar. Endringar gjorde seg gjeldande på område etter område. Strenge rasjoneringstiltak dei første ti-femten åra etter den sndre verdskrigen vart avløyste av eit frislepp av privat forbruk. Behovsprøvde sosiale stønadsordningar vart steg på vegen mot eit allment velferdsomgrep. Like rettar og tryggleik for individet frå vogge til grav var det store målet. Sentralt i dette kapitlet står utviklinga på Otta. Enda meir enn før vart bygdebyen eit sentrum for kommunkasjonar både lokalt i Sel og i distriktet omkring. I regional samfunnsplanlegging vart Otta ein stad der det vart satsa på ei industriell utvikling, ikkje minst takk vera innsatsen til den dynamiske ordføraren i ein tjueårsperiode, Ola Dahl. Overgangen frå eit liv i enkle kår til velstand i desse åra kom til syne ikkje minst i buforholda og i kvinnenes kvardag. Og der var også utviklinga på Otta førande. [Tilbake]1972-2000: Mot eit tusenårsskifte Tyngda av innhaldet i dette kapitlet dekkjer dei siste tretti åra av 1900-talet i Sel og Heidal. På fleire område går vi likevel her også attende til den første tida etter den andre verdskrigen for å få auga på samanhengar i utviklinga. Det gjeld jordbruket, det gjeld industrien, og det gjeld vernespørsmåla som har kome sterkare i fokus i dei seinare åra. Etableringa av Rondane nasjonalpark og arbeidet for å verne kulturlandskap i Heidal er båe pionertiltak i sitt slag i landet. På 1960-talet og tidleg på 1970-talet stod kraftutbyggjarar og naturvernarar imot kvarandre i konfliktsaker som til dømes galdt Gjende og elva Sjoa. Med den rikdomen som oljeutvinninga i Nordsjøen har gjeve oss i seinare år, har det reist seg ein fritidskultur som mot slutten av hundreåret har vakse til ei ny utfordring for dei same verneverdiane. [Tilbake] | |
[Heim]
[Historie]
[Bygdebok]
e-postadresse: ivar.teigum@gmail.com
Copyright © 1999