Bygdebok for Vågå og Sel, band 2
|
Band 2: |
|
|
1600-1665: Kongens undersåttar På 1600-talet omfatta Vågå prestegjeld hovudsoknet Vågå og anneksa Heidal og Sel. Hovudsakleg levde folk av jordbruk og jakt. Men etter kvart skulle stillstand avløysast av endring. Etter hundreår med ein folkesetnad på langt under tusen sjeler, var folketalet på veg oppover. Kyrkjer og gardstun var gamle og forfalne, og kravde ein innsats med bygging og restaurering. Avfolka gardar og grender frå før 1300-talet var i ferd med å bli tekne opp att av rydningsfamiliar. Alt tidleg i hundreåret gav den eventyrlystne og populære kongen Kristian 4. seg i kast med reformar og krigar. Som i fleire land i Europa, fekk folket merke utviklinga i form av eit aukande skattetrykk, større krav til våpenhald og militærteneste, og pliktarbeid knytt til kongens gruver etter kvart som malmførekomstar vart oppdaga og utnytta. Ei anna side ved utviklinga var eit alt sterkare krav om maktsentralisering under eit statleg embetsverk. Lokalt fekk prest, skivar og fut ein stadig sterkare posisjon. Om dette handlar det første kapitlet av denne boka. Sentralt i bygdelivet stod bønder og leiglendingar under konge og prestebord. Denne gruppa forvalta jorda og rådde på tinget. Men etter kvart skal vi studere korleis kongens embetsmenn gjer seg alt meir gjeldande i det lokale rettsstellet og på det religiøse området. Gradvis vann det synet igjennom at samfunnet var ein pyramide under Gud, konge og øvrigheit. Krigen og kapitalmakta vart meir synleg. I Sel gjorde koparfunn bygda til ein tidleg industristad under konge og kapitalsterke forretningsfolk. Frå 1640-talet gjorde den militære mobiliseringa unggutar til soldatar og grendene til forsyningsbasar. [Tilbake] :1665-1725: Bygder under frostår og krig I det første kapitlet av denne boka var utgangspunktet bygdetinget og tingbøndene i Vågå prestegjeld. Vi såg på organiseringa som galdt arv og eigedom, felles oppgåver som kyrkjebygging og bruvedlikehald. Dessutan såg vi korleis samfunnet vart påverka utanfrå av staten, bergverksinteresser og militære behov. I dette kapitlet vil vi gå nærare inn på jordbrukssamfunnet og sjå på verknadane på folketilveksten på 1600-talet. Mellom kapitla har vi sett eit skilje på 1660-talet. I samtida opplevde kanskje ikkje folk flest noka særskild endring da. Men i ettertid er det fleire forhold som gjer dette tidspunktet til ein rasteplass. Med statskuppet i København og innføringa av eineveldet vart lenet omgjort til amt. Andre forhold var viktigare. Dei pengeslukande krigane gjorde at kongen såg seg tent med å selja unna krongodset. Men med bortfallet av landskyldinntektene måtte det utviklast nye måtar for å skattleggje undersåttane. Eit svar på dette var skattematriklane og manntaloppføringa på 1660-talet. Manntala var dessutan ein effektiv reiskap for soldatrekrutteringa. Styresmaktene skaffa seg eit betre oversyn. Som forteljarar og lesarar haustar vi av grøda i form av eit mykje rikare kjeldemateriale. Med auka folketal følgde eit auka behov for brød, kjøt og mjølkeprodukt. Men ikkje berre det. Med ein aukande tilgang på kjelder, kan vi i dag gjera innsteg i grender, heimar og hus. På den andre sida vart det aktuelt for grannelag og bygder å dra grenser mot andre grannebygder og prestegjeld, og for styresmaktene kring det som var kongens - allmenningane. Framstillinga går fram til 1720-talet. Da var mykje av krongodset avvikla til liks med soknekyrkjene. Med den svenske kongen Karl 12.s fall var dessutan ein lang krigsperiode på over hundre år til ende. [Tilbake]1725-1800: Velstand og større ulikskap Sommaren 1909 la landbrukskulestyraren Jon Sæland ut på ei studiereise til Nord-Gudbrandsdalen. I rapporten frå denne reisa kommenterte han mellom anna alle gardsbygningane. I rekkje og rad låg gardane, og på kvar og ein stod verbitne, røslege bygningar og fortalde om fordums prakt. Ein stor del av dei var komne til på 1700-talet. I liene ovafor gardane og i baksidene stod restane etter ein enklare bygningsmasse. Det var spora etter det småkårsfolket som hadde funne bustadene sine i utkanten i den same tidbolken. Elles hadde mangt eit bruk vorte gjenrydda og mangt eit hus vore bygt på nytt i dei siste åra før 1800. Det var etter at den store naturkatastrofen vi kallar Storofsen hadde gjort sine brutale innhogg mot storfolk og småfolk i 1789. I det tradisjonelle jordbruket kom det til lite nytt utover på 1700-talet. Som i mellomalderen rådde handmakta og trereiskapen, som i beste fall var jernskodd. Den framgangen som fann stad, var først og fremst avhengig av ein aukande tilgang på arbeidsnevar. Nå vart husdyrhald og korndyrking likevel etter kvart ei inntektskjelde for mange bønder i Vågå prestegjeld. For den tingen kunne satsing på kunstig vatning og ei meir bevisst utnytting av vokstervilkåra ha sitt å seia. Eit anna forhold var det som reisande skribentar kalla ein hang til handel blant dølane. Frå 1660-talet til 1801 fann det stad ei dobling av folketalet i Vågå, Sel og Heidal frå rundt rekna 1800 individ til meir enn 3800. Mange fleire vart plassfolk under dei matrikulerte gardane. Ved starten av 1700-talet var dei nærmare eitt hundre husmannsplassar. I 1801 var talet på husmenn med jord 356. Det var langt meir enn ei tredobling. Kring bygdene og i allmenningane hadde om lag nitti familiar funne seg stader der dei kunne hengje skreppa på stubben og gå laus med spett og hakke på jord og stein. Mot slutten av 1700-talet drog dei første norddølane ut, til Romsdal, Nordmøre, kysten av Trøndelag og Nord-Norge. Vågå prestegjeld var eit differensiert samfunn med kondisjonerte embetsmenn og ein del velståande bønder. Eit steg over allmugen stod presten, skrivaren og dei militære offiserane som representantar for ein stat med ambisjonar om allmakt. Lensmannsombodet følgde lenge storbonden på Tolstad. Utafor prestegjeldet i Fron hadde dei fleste futane til, men futen var ikkje mindre til stades med si embetshand for det. Fleire av embetsmennene og familiane deira fekk etter kvart eit personleg tilknytnad til Vågå, gifte seg saman og vart buande der i fleire generasjonar. I København heldt styresmaktene lenge fast på det kommandogrepet som var etablert på 1600-talet. Utover på 1700-talet var likevel det lokale sjølvmedvitet styrkt. Bøndene gjorde i større grad allmenningane og sætertraktene til ein økonomisk ressurs. Som ein skattebetalande stand var dei samtidig eigarar og forvaltarar av kyrkjene og godset som høyrde kyrkjene til. Det førre kapitlet slutta med utkastet til ein ny matrikkel, og salet av kyrkjer og krongods til bøndene i åra kring 1725. I dette kapitlet følgjer vi utviklinga vidare i eit par mannsaldrar. Storofsen i 1789 har vorte ståande i folkeminnet. Flaumen og skreda var ei kraftig påminning om naturkreftene sitt veldige spel. Historisk sett kan det vera minst like viktig å forstå verknadane av eit aukande folketal og ulik fordeling. Norge var styrt frå København. Framleis var det slik at ein stor del av det økonomiske overskotet gjekk ut av landet. [Tilbake]1800-1865: Eit miljø på veg mot tålegrensa Den 14. februar 1814 sat den framtidige stortingsmannen Ole Paulsen Haagenstad og skreiv på eit brev til bror sin. Nyleg var han komen attende frå eit besøk på Tofte i Dovre der han hadde vore i audiens hos statthaldaren, prins Kristian Fredrik. Prinsen hadde mana til mobilisering. Ved tanken på ein mogleg krig mot Sverige er Ole Paulsen fyllt av spenning og overmot. Framom vindauga går vegen til Råstad-gardane. Der brevskrivaren av og til tittar opp frå papiret, kan han på ei lita stund rekne ikkje færre enn atten menneske som passerer utanfor, enda dette er ein grendeveg. - All denne folkemengda som rek etter vegane, må vel godtakast lik andre landeplager som Vårherre sender over oss, set han på brevarket til bror sin. I den dansk-norske staten fanst ikkje omgrepet arbeidsløyse, men lausgjengeri. I hovudsak var det straffbart. På stortinget i den første generasjonen etter 1814 vart vagværen Ole Paulsen ein veteran blant bondepolitikarane. Som bonde rokk han å bli ein stor lokal jorddrott innan han døydde 91 år gamal i 1866. Med lova om formannsskap frå 1837 fekk bøndene ei hand med om styret av kommunen. Som stand var dei under press frå ei meir og meir talrik underklasse. Etter revolusjonane i Europa i 1848 kom det til organisering også i Norge, og krav vart reiste mot styresmaktene. Underklasseopprøret vart slått ned med politimakt. I bygdene, ikkje minst i Nord-Gudbrandsdalen, hadde befolkningspresset på denne tida nådd eit kritisk punkt. Utgangen var ikkje pestbølgjer som i seinmellomalderen, men ei folkevandring. Dette kapitlet dekkjer perioden 1800-1865. Med utgangspunkt i eit tradisjonelt gardssamfunn ser vi først på den dramatiske befolkningsutviklinga som fann stad. Dernest går vi kronologisk til verks, og ser på dei skiftande vilkåra som folk levde under i tiåra før og etter brotet med Danmark [Tilbake]1865-1907: Nye tider I året 1884 fylte lalmingen Ivar Kleiven tretti år. Ivar var eldste son på ein gjeldbunden gard. Han kjende ein sterk trong etter å koma seg ut for å hente nye impulsar. Viggo Ullmanns folkehøgskule i Telemark lokka, men da måtte han gjera seg av med garden. Han tumlar med tankar om ei livsoppgåve. Han er oppteken av språksaka, som nå var aktuell, det å kunna uttrykkje alle tankar og kjensler skriftleg med utgangspunkt i vågåmålet. Sjølv får han det til, men han vil ha med andre. Året før hadde han begynt å skrive på noko som han kalla minneblad, ei slags dagbok. Tanken om kulturvern hadde kome opp, og fengde. I fleire år har Ivar samla folkeminne frå bygda, som han gjerne skulle formidle til fleire. Andre tiltak han tenkjer på, er igangsetjinga av eit samtalelag på Lalm og i Ottdalen der grenda kan ta opp aktuelle emne frå kulturliv og politikk. 1884 er året da Johan Sverdrup skipa den første venstreregjeringa i landet. Denne hendinga er Ivar Kleiven oppteken av. Når det gjeld husmenn og arbeidsfolk, tykkjer han at det må tenkjast heilt nytt. Desse gruppene må få del i fridomen og likskapen i politikken. I Kleiva hadde dei fleire husmenn. Ivar følgjer i tankane ein av dei, som han er svært glad i. Denne plassmannen har gjort eit val. Barna hans er i Amerika og ventar på han der. Heime har han dei gamle og skrøpelege foreldra sine, som han er i ferd med å reise ifrå. Ivar noterer at han nyleg har gjort ein tur til Gjende for første gong. Han har gått opp på Besseggen, eit mål for den nye straumen av turistar og medlemer i Den Norske Turistforening. Han lovar seg sjølv at han skal gjera om att denne livgjevande turen kvar sommar. Det skulle ikkje gå lenge før han kom på tanken om sjølv å gjera ei lita næring av denne aukande sommartrafikken til fjellbygdene og Jotunheimen. Tjuefem år seinare, i 1909, legg landbruksskulestyraren Jon Sæland ut på ei stipendreise til Nord-Gudbrandsdalen kosta av Selskapet til Emigrasjonens Indskrænkning. Spørsmålet var kva som kunne gjerast for å stanse den folkeflukta som i fleire tiår hadde ramma dette distriktet hardare enn andre stader i landet. Noko av det første som stipendiaten legg merke til, er eit allment rådande forfall, og at folk flest sit i tronge økonomiske kår. Jorda blir dyrka dårlegare enn før, fjellet blir mindre utnytta, dei vakre stovebygningane frå 1700-talet er i ferd med å søkkje saman utan at nokon bryr seg. Med få unntak var alt merkt av at motløyse hadde kome i staden for arbeidsglede, tykte Jon Sæland. Hovudsoknet Vågå kommune fram til delinga i 1907 var den rikaste av bygdene i Nord-Gudbrandsdalen. Dermed var teikna på forfall tydelegast der. Refleksjonane til Ivar Kleiven frå 1883-85 fyller berre nokre få handskrivne sider. Det som Jon Sæland opplevde tjuefem år seinare som ei stemning av motløyse, finst i desse tidlege notatane til Ivar kleiven som eit tungsinn liksom fødselssmertene i ein skapande prosess. I ettertid forstår vi betre samanhengane bak oppbrotet frå jordbruket, utvandringa til Amerika og avviklinga av husmannsvesenet. Ei anna side av dei same prosessane var knytt til utvidinga av demokratiet og bevisstgjeringa kring lokal kultur og tradisjon. Fellesnemnarar bak mykje av utviklinga var overgangen til pengeøkonomi og vekt på individuell fridom. Måtar som dette ytra seg på er emnet for det siste kapitlet i dette bandet av bygdeboka for Vågå og Sel. [Tilbake] | |
[Heim]
[Historie]
[Bygdebok]
e-postadresse: ivar.teigum@gmail.com
Copyright © 1999