ÆTTEBOK FOR LAVIK
Eg har sidan 1993 arbeidd med å legge data frå "Ættebok for Lavik" (og andre kjelder) inn i ein database - og resultatet ser du på desse sidene.

Motivasjonen har naturleg nok gått opp og ned over åra, og i periodar har arbeidet stått heilt i bero.  Eg prioriterte først mi eiga (direkte oppadgåande) slekt, men fann etter kvart ut at det var lettare å legge inn gardsnavn etter gardsnavn systematisk, for så å binde saman personar etter kvart som dataprogrammet avdekka mogelege forbindelsar. 
Eg prøver å dekke både merknader og personoppføringar, og dette er ganske tidkrevjande, etter som eg etter kvart har avdekka ikkje så få feil i ætteboka.

Eg er no komen til side 50 (av totalt ca 350).
Om eg nokon gang blir ferdig er uvisst!

VELKOMMEN INN!

Dersom du er interessert i Kvammen-slekta, bør du også besøkje desse sidene: http://home.eunet.no/~jeri/je/surnames.htm

Dataprogrammet eg brukar heiter "Brother's Keeper", 
og det kan fritt lastast ned frå http://ourworld.compuserve.com/homepages/Brothers_Keeper/

For å generere desse sidene har eg brukt 
Gedpage Version 2.02

 

Johannes Instefjord,  31 oktober 1998