Nokre andre nedlagde bruk
Bakkabua
Bakkabua vart bygt av Johannes J. Bakken f. 1807. Johannes Fosse kjøpte bruket
i 1899. Seinare dyrka Anton Fosse (eigar frå 1923) opp ein del. Bakkabua vart fråflytta omkr.
1940. Sonen Rolf Fosse 1944 (eigar frå 1972), som bur på Harestua, bruker Bakkabua som feriestad. Her er det 14 da jord, våningshus,
eldhus, stugu, låve og naust. Systera Målfrid, busett
i Oslo, eig 7 da skog der det er hytte, naust og skåle. Sjå elles Skarpsno.
Hysjulienget:
Fråflytta 1968. Da flytta brukaren og eigaren Svein Hysjulien
til Vestre Gausdal. Husa er borte. Eigedomen vart selt til Terje Heide i 1980
(Sjå Solhaug).
Veum:
Bureisingsbruk. Rydda av Adolf A. Solberg. Han kjøpte grunn i 1947 frå
garden Haugen. – Adolf Solberg 1915 gm Signe P.
Sletten 1919. Barn: Solveig, Per Arne, Jan. – Eigarar frå 1977: Solveig Moen,
Per Arne og Jan Solberg. Jan er også eigar av Solberg. Feriestad.
Volden:
Fråskilt Øvre Fosse i 1924 til Erland Fosse. Han rydda her. Husa er
borte. Sjå elles Solberg.
Brennhaugslåa: Opprinneleg seter til Bakkerud. Det var truleg ein frå Bakkerud som rydda Brennhaugslåa.
Ho er nemt under Bakkerud i
matrikkelen for 1866, og er da berre brukt som slåtteland. Sidan kom Brennhaugslåa under Nørdre Risdal til 1901. Da kjøpte Amund
Haugen plassen og flytta dit med huslyden sin. Han var gift med Ane Reiret.
Sonen Gustav vart gm Marit Dalen. Brennhaugslåa
var fast bustad til 1970. Dei gamle husa er borte, men det er bygd ei hytte på
eigedomen. Sonen til Gustav og Marit, Odd Haugen 1938-1998, var gm Jenny Voldsrud.
Eigar i dag er sonen Geir Haugen 1964. Han bur på Vinstra.