Foreldra mine kjem
frå kommunen. Far min, Arne, er oppvaksen i bygda. Han har sidan 1948 drive
gardssag, vore snikkar og tømmermann. Ved sida av dette har det vore fela som
har teke mykje av tida hans. Han har heile tida ofra seg for at kommande
generasjonar skal få moglegheiter til å vidareføre denne kulturarven. I 1974
vart han med på å "blåse liv" att i denne tradisjonen i midtre del av
Gudbrandsdalen. Det var dette som skulle bli ”spira” til Sør-Fron
Spelemannslag. Han har også sørgt for at fleire gode spelemenn har vorte
”klekt” ut i Skåbu. I samband med at han fylte 80 år den 10. februar
2003, skreiv eg denne songen:arne Denne kan opnast i f. eks Windows Media Player. Elles har han komponert ein del. Her er ein vals som Heidal
Spelmannslag brukte under Landskappleiken på Gjøvik i 2003: Vals. I november 2010
var han med Mukampen spelemannslag og vann nordisk meisterskap i folkemusikk i
Sverige, noko som sjølvsagt er høgdepunktet i karrieren hans. Høyr polkaen
”Prinsehytta” av Oddvar Nygård, som laget spelte i finalen:prinsehytta.mp2.mp2
Mor mi,
Marit, er frå nabobygda Kvikne. Ho har i ei årrekkje jobba som serveringsdame
ved hotella i nærleiken av Skåbu. Frå 1987-2007 var ho tilsett ved Kongen si
hytte, Prinsehytta i Sikkilsdalen.
Torstein heiter bror min, og han er
"Reodor Felgen" i familien. Han og sonen Tomas driv med
entreprenørvirke i Skåbu. Kona til Torstein heiter Laila og jobbar på
trygdekontoret på Vinstra.
Syster mi heiter Anne May. Ho driv reingjeringsbyrå i Oslo, Maya's
Rengjøringsbyrå. Ho har ein son som heiter Tom Roger. Han er dagleg leiar i
IT-firmaet Tenera og bur på Vinstra. Sambuaren hans heiter Anita Ottesen og dei
har to barn, Tobias og Anna.
Eg har
også ein son. Han heiter Arne Olav og er 21 år gammal. Han jobbar i Hedmark og
Oppland forsikring og bur på Hamar. Elles spelar han på fotballaget til
Storhamar .
Sjølv
heiter eg Ole Christian og er utdanna lærar.
Samboaren min heiter Ingunn Vaet og ho har tre barn, Gunnar, Per og
Maria. For tida jobbar ho i Ruste barnehage, medan eg har arbeidet mitt på
Vinstra vidaregåande skule. Den store interessa mi er lokalhistorie.
Hovudkjeldene har eg etter onkelen min, Torger T. Risdal. Han samla mykje stoff
om denne bygda ved inngangen til Jotunheimen. Han døydde i 1988.