hjemmesider

 

 

Skåbu

 

Torger Iverstugun

 

mailto:ocri@start.no

Familien min

 

 

Gardsbruka i Skåbu

 

 

Opplysningar om areal berre der det er dyr!

Eigarforholda, samt ein del historikk, er sist oppdaterte september 2006.

 

 

Hølmyra søre

 

Grasprodusjon. Kyr til 1960. - Fyrste traktor 1975. Hytteutleige og camping. Brann og dyregraver. Grannebruket Nørdre Hølmyra er i dag tomta til Fron Almenning Sag og Høvleri. Ein meiner at det var Hans Olsen Lien som rydda og bygde Nørdre Hølmyra. Han var husmann under Øvre Fosse i 1834. Dette gjeld plassen Nystugu eller Granlund, som nok er rydda på denne tida. I 1854 er han eigar av Nørdre Hølmyra. Bruket nyttar han som seter. I 1866 er Nørdre Hølmyra vår – og haustseter til Søre Risdal. - Det skal vere Iver Tordson Nistugun Skåbu som fyrst bygde på Søre Hølmyra. I 1866 er Søre Hølmyra vår – og haustseter til Nedre (Søre) Veslum. Søre Hølmyra  gjekk ein del på handel. Ein bymann Støren hadde bruket i 48 år. Heimelen var ikkje i orden, slik at det låg til Veslum. - Ellev Sæteren (Vetlmoen), gm Kari Vaterland, kom som brukar under Søre Veslum i 1886. Dottersonen Emil vart sjølveigar.  Eigar 1934-74: Emil I. Hølmyren 1904-1980-son av Iver Randen (d over 90 år gml i Amerika) og Gina Hølmyren 1872-1954 – g 1943 m Berte Granslåen 1900-76 – dotter til Johannes Granslåen og Rønnaug Skoghytten. Barn: Gudrun 1932 (sjå Skogli 201/45), Ragnhild 1932 (tv).      

         Eigar 1974: Ragnhild Kvellestad 1932 - g 1956 m Roald Kvellestad, Naustdal 1926 - son til Alfred Kvellestad 1875 og Marie Ytrehus 1884. Barn: 1) Eivind Morten 1957 gm Anne Grete Lindskog: Morten 84, Stine 86. 2) Anne Britt 1965 sbm Tormod Kvernes: Espen 94. – Eigaren har vinterbustad 5 km frå bruket.

        

 

 

Strandli og Fosse nedre

 

Bureising, rydda av Halvor Veslum i 1935. Jord 46 da, beite 61 da, skog 773 da, anna 430 da. 55 sauar. Kyr til 1955. - Fyrste traktor 1987. Seter i Hinøgelslia og i Høl. Kolmile, dyregraver. 

         Eigar 1981-94: Asbjørn Veslum 1935 - son til Halvor Veslum 1912-93 og Marta Fosse 1912 - g 1960 m Kjellaug Berget, Vestre Gausdal 1932 - dotter til Karl Berget og Karen Buom. Barn: 1) Toril 1961 gm Jonny Trandem: Ellinor 83, Ole Christian 86. 2) Steinar 1964. Asbjørn kjøpte Fosse nedre 1986 av Ragnar Fosse 1911 (død) gm Embjørg Kampesæter 1908-2000. Jorda er i bruk, men alle husa er borte. Ragnar og Embjørg bygde eige hus omlag 5 km frå Fosse.

Sysjen til Asbjørn: 1) Gudmund Steinar 1937 gm Anne Lise Stenmo. 2) Rolf 1940 gm Kari Elisabeth Bode'n. 3) Åse Reidun 1944 gm Harald Stø. 4) Svein 1950 gm Julianne Karin Andersen. 5) Terje 1960 gm Kari Stensrud.

         Eigar frå 1994: Steinar Veslum 1964 - sbm Gunvor Viker, Øyer 1968 dotter til Arve Viker 1932 og Marie Aarnes 1937. Barn: Martha 1996, Fredrik 1997. - Steinar er produksjonsrådgjevar ved Østlandsmeieriet på Vinstra.

 

 

 

Fosse nedre

 

Ikkje hus på garden. Kyr til 1950. Hølseter. Gammal gravhaug på eigedommen.

         Eigar: Steinar Veslum 1964 - son til Asbjørn Veslum 1935 og Kjellaug Berget, Vestre Gausdal 1935 sbm Gunvor Viker 1968. Barn: Martha 1996, Fredrik 1997.

         Eigaren tok over i 1994 etter faren.

         Sysjen: Toril 1961 gm Jonny Trandem: Ellinor 83, Ole Christian 86. Asbjørn Veslum kjøpte garden i 1986 av Ragnar Fosse 1911-2005 gm Embjørg Kampesæter 1908-2000. Dei hadde bygd nytt hus 5 km frå garden. Eigaren bur på Strandli, som han også eig. Jordvegen er slått saman med Strandli. 

 

 

 

Granslåa

 

Jord 50 da, beite 25 da, skog 50 da. Leiger 112 da. Gardsbruket Løken er slått saman med garden (Granslåa 2) - 87 sauar. Kyr til 1975. - Fyrste traktor 1974, høytørke. Utleigevirksomheit på garden. Dyregraver.

         Eigar 1960-90: Ivar Berget 1922 - son til Paul Berget 1888-1976 og Ragna Granslåen 1893-1986 - g 1958 m Ingrid O. Kappelslåen 1928 - dotter til Ole I. Kappelslåen 1893 og Ingeborg Haugen 1898. Barn: 1) Ole Petter 1958. 2) Grethe 1962 sbm Tormod Sæther. Ivar tok over etter faren. Jorda til Løkken, rydda frå 1943 av Rino Løchen spm var gm Karen Grauphaugen, vart kjøpt i 1987.

         Eigar frå 1990: Ole Petter Berget 1958. Eigaren bur omlag 5 km frå garden, foreldra har eige hus på eigedommen.

 

 

 

Kappelslåen

 

Jord 105 da, beite 30 da, skog 583 da, anna 2000 da. 13 mjølkekyr, 10 ungdyr. - Fyrste traktor 1964. Seterdrift i Finbølet. Branngraver i utmark. Garden er utskilt frå Nørdre Veslum 201/2 (Olstappen) i 1803. Den gamle garden Kappelslåen, som ligg lenger ned mot Olstappen, vart fråflytta på 1950-talet, og familien bygde og rydda seg ny gard på plassen Karistugu (gammal husmannsplass under Kappelslåen).

         Eigar 1963-87: Ivar Kappelslåen 1923 - son til Ola I. Kappelslåen 1893-1982 og Ingeborg A. Haugen 1898-1993. Ivar overdro til broren og sonen hans.

         Eigarar frå 1987: Jon Ove og Asbjørn Kappelslåen. - Jon Ove 1962 var sbm Svanhild Nordli 1965 - dotter til Torbjørn Nordli 1939 og Åse Wahlquist 1945. Barn: Linda Iren 1986, Bjørn Ove 1987. - Asbjørn 1934 g 1960 m Kjellaug Marie Skotte, Lesja 1937. Barn: 1) Jon Ove 1962. 2) Ola 1966. 3) Eva 1968 sbm Bjørn Risdal: Torger 97, Tina Maria 00. - Asbjørn er lærar og bur i eige hus på gardstomta. Jon Ove driv garden.            

 

 

 

Skogheim

 

Kyr til 1974.  - Petra Kappelslåen 1886-1982, gm Ola O. Grauphaugen 1884-1923, var bureisar på grunn frå farsgarden Kappelslåen 201/1, utskild i 1929. Barn: Torvald 1907-83 (sjå Vassrud 213/20), Inga Green 1912, Olav 1914-96, Karen Rønningen 1915, Ivar 1917, Paul 1919.

         Eigar 1950-96: Ivar Grauphaugen 1917 - son til Ola O. Grauphaugen 1884-1923 og Petra I. Kappelslåen 1886-1982 - g 1948 m Signe A. Stakston 1927 - dotter til Anton Stakston 1902 og Kari I. Varpestuen 1901. Barn: 1) Per Arne 1948. 2) Kjellaug 1950 gm Helge Endrestad: Mona 70, Stian 71. 3) Liv Oddrun 1955 gm John Holdbrekken: Linda 72. - Bruket vart fråflytta i 1992. Ola rydda bruket, fråskilt Kappelslåen 201/1 i 1929. Petra Kappelslåen fekk ikkje skjøte før i 1944.

         Sysjen: Inga 1912, Olaf 1914, Karen 1915, Paul 1919.

         Eigar frå 1996: Per Arne Grauphaugen 1948 - g 1972 m Irene Dahlelien, Otta 1949 - dotter til Sverre Dahlelien 1921 og Evelyn Kolon 1926. Barn: Thomas 1986, Linn Ha 1992, fødde i Korea. Eigaren, som er snikkar, bur i Skiptvet, Østfold.

 

 

Skogstad

 

Kyr til 1965. Fyrste traktor 1983. Fiskebu i Meravika. Fråskilt Skåbu Almenning i 1888. Delar av fangstsystem i utmark. – Eigar 1953-84: Margit Skogstad 1916 – dotter til Hans Skogstad 1879-1934 og Mari Fosse 1891-1968 – g 1949 m Oddmund Kampesæter 1913 – son til Johannes O. Kampesæter og Ingeborg Heide. Margit og Oddmund bur no på aldersheim på Vinstra.  – Eigar frå 1984: Bjarne Slapgard, Hemsedal i Buskerud 1952 – son til Olav Slapgard 1928 og Åslaug Bjørke 1927 – var gm Toril Heide 1954- dotter til Kristian T. Heide 1920 og Marie Hølmen 1930. Barn: Sigurd 1981, Ingrid 1987. – Bjarne er administrerande direktør i Airlift AS. Han bur på bruket.

 

 

 

Veslum nørdre

 

Grasproduksjon. Kyr til 1965. Seter i Hinøgelslia.  Eig halvparten av fiskevatnet Olstappen. Det opphavlege gardsnamnet var Olstappen. Olstappen vart truleg delt i Nørdre og Søre Veslum i 1781.

          Eigar: Gunn Eilefstad Haugen 1952 - dotter til Sigurd Eilefstad 1927 og Åse Slåen 1928 - g 1982 m Gunnar Haugen, Vågå 1956 - son til Ivar Haugen 1931 og Else Holen 1934. Barn: Linda 1982, Pål 1984.

         Eigaren tok over i 1990 etter mormora Gunda Veslum 1903-91 gm Torvald Slåen 1903-79. Åse og Sigurd flytta til Moss i 1965. 

         Sysjen: 1) Anny 1957 sbm Øyvind Simensen: Mari 78. 2) Tone 1959 sbm Per Lyshaugen: Alexander 87. Eigaren bur i Vågå.

 

 

 

Veslum søre

 

Jord 55 da, beite 15 da, skog 830 da, anna 900 da. Leiger 14 da. 6 mjølkekyr, 9 ungdyr, 40 sauer. - Fyrste traktor 1969, vatning. Seter i Høl.  Omgangsskule til 1908. Oppgangssag i eldre tid. Dyregraver, branngraver. Eig halvparten av fiskevatnet Olstappen. Det opphavlege namnet på garden er Olstappen, utskilt i 1781. Truleg ein av dei eldste i Skåbu.

         Eigar: Torbjørn Veslum 1948 - son til Iver Veslum 1910-96 og Klara Nordlien 1909-84 - g 1979 m Turid Lunn, Gjøvik 1948 - dotter til Ottar Lunn 1916 og Tordis Brennum 1921. Barn: Anette 1980, Audhild 1982, Iver Ottar 1984.

         Eigaren tok over i 1977 etter faren som hadde teke over i 1935 etter foreldra Anton Veslum 1888-1970 og Sina Heide 1886-1970. Deira barn: 1) Iver 1910-96. 2. Halvor 1912-93 (sjå Strandli 201/8). 3) Tor 1918 gm Inger Varpestuen. 4) Ragnar 1918 (tv) gm Ruth Olsen. 5) Sverre 1921 (sjå Viken i Gausdal).

 

 

 

Oppset

 

Bureising, Anton Veslum rydda her i 1931. Kyr til 1967. – Fyrste traktor 1954.  Ubebudd.

         Eigar frå 1960: Trygve Veslum 1923-94 – son til Anton O. Veslum 1895-1938 og Randine Storbaklien 1901-83.

         Eigar 1995-97: Astrid Gjødtblad 1927 – syster til førre eigar – g 1959 m Olaf Gjødtblad, Oslo 1932 – son til Harry Gjødtblad, Sverige 1897 og Maria frå Lena på Toten.

         Eigar frå 1997: Håkon Berglund. Sjå Myrvang.

 

 

 

Bjørkestad

 

Bureising. Rydda av Nils Eriksen i 1932. Kyr til 1962. 

         Eigarar: Hulda og Einar Røislien. Hulda 1936 – dotter til Nils Eriksen 1893-1975 og Borghild Viker 1900-86 – g 1968 m Einar Røislien, Lillehammer 1936 – son til Johannes Røislien 1895 og Lydia Haugen 1890. Barn: Knut 1971. – Eigarane, som bur på Lillehammer, tok over i 1983 etter foreldra til Hulda.

 

 

 

Solberg

og Volden

 

Kyr til 1977. – Fyrste traktor 1957, høytørke.

Sel og fjøs i Snubblia. Fiskebu i Øyvassosen.

         Eigar 1942-83: Harald Solberg 1910-90 – son til Knut Sande, Vågå 1873 og Hanna Slåstuen 1884 – g 1942 m Tora Iverstuen – dotter av Amund Iverstuen og Rønnaug Rønningen. Barn: Helge og Rolf 1945. – Harald kjøpte grunn frå Veslum 201/3 og var bureisar. I 1962 kjøpte han den gamle plassen Volden av Ingebret Fosse.

         Eigarar 1983-2002: Helge og Rolf Solberg. – Helge 1945 – g 1970 m Else Marie Svelle 1946 – dotter til Ivar Svelle, SF 1904 og Olaug Heggeli, Lillehammer 1917. – Helge er sjåfør og bur på Vinstra. - Rolf 1945 – g 1990 m Ingrid Pallsveen, Ringebu 1953-90 – dotter til Øystein Pallsveen 1911 og Borghild Haugen 1917. Rolf er også sjåfør og bur på Vinstra.

         Eigar frå 2002: Jan Solberg – son av Adolf Solberg og Signe Sletten. Sjå Veum, nedst på sida! Han bur ikkje på bruket.

 

 

Myrvang

 

Bureising, Gustav Fosse rydda her i 1929. Jord 25 da, skog 50 da. 30 sauar. Kyr til 1977. - Fyrste traktor 1956.

Branngraver.

         Eigar: Håkon Berglund 1946 - son til Aksel Berglund 1913-83 og Ragnhild Pedersen 1923 - g 1966 m Anna G. Fosse 1938 - dotter til Gustav Fosse 1906 og Marie Veslum 1908. Barn: 1) Gudveig Fosse 1959 sbm Jon Skjåk: Anders 89, Janne Marie 92. 2) Jonny 1965 sbm Laila Løkken: Gøran 93, Susann 95. 3) Kjell 1966 sbm Mette Musdalslien: Kim 94. 4) Henning 1968: Kine 88, Henrik 92. 5) Arild 1970.

          Eigaren tok over i 1988 etter svigerfaren. - Håkon er møbelsnikkar og Anna er dekoratør, båe ved Krogenæs Møbelfabrikker.

 

 

 

Vaal

 

Bureising, rydda av Trygve Løkken i 1942. Kyr til 1975. - Fyrste traktor 1959. Seter på Storhøliseter (Melbysetra). Utleige på setra. Setra er frå omlag 1730, bygt på eit gammalt feleger like ved ein gammal fjellveg, kalla "Valdres-vegen".

         Eigarar: Marit og Bjørn Rasmus Groven. Marit 1945 - dotter til Trygve Løkken 1910-89 og Karen Tøfte 1919 - gm Bjørn Rasmus Groven, Vågå 1938 - son til Olav Groven 1902-64 og Sigrid Weggesrud 1912. Barn: Karen Synne 1971, Inger Anne 1974, Trygve 1977. - Marit er lærar og Bjørn Rasmus er fjelloppsynsmann.

         Eigarane tok over i 1985 etter Trygve Løkken. 

         Marit sine sysjen: 1) Kari 1941 gm Øystein Fredriksen: Roy Henning 61, Janne 68. 2) Berit 1948 gm Sigmund Vassend: Ane Henriette 74, Sjur Trygve 75. 3) Tove 1958. Eigarane bur i Vågå.

 

 

 

Skarli

 

Kyr til 1968. Tomtebruk, fråskilt Søre Veslum 201/3 i 1951.

         Eigar 1951-76: Johan T. Nebben 1906-76 - son til Torger Ø. Nebben 1868-1939 og Ane H. Buom 1864-1939 - g 1949 m Oline M. Haug 1907-87 - dotter til Anton Matiassen Haug og Matea A. Hammersengstuen. Barn: Anny 1932. Johan rydda bruket.

         Eigar 1987: Anny Brenden 1932 - g 1956 m Johannes O. Brenden 1930-87 - son til Ole J. Brenden 1903 og Karen A. Kvålen 1900. Barn: 1) Jostein 1957 gm Grete Løvaas: Stein Løvaas 73. Jostein sine barn frå tidl. ekteskap: Roger 78, Jo Bjørnar 83, Hilde Karen 86 d same år, Anders 88. 2) Kristine 1961 gm Ketil Harildstad: Karine 88. 3) Anette 1967 gm Morten Mork: Karoline 90, Elias 93. Eigaren bur på Søre Brenna. Huset er leigd ut.

 

 

 

 

Skogli

 

Jord 5 da, beite 2 da, anna 47 da. Grasproduksjon. 1 hest. Kyr til 1964. - Fyrste traktor 1982.  Bureisingsbruk, fråskilt Søre Veslum i 1954, rydda av Harald Sletten. 

         Eigar 1954-85: Harald Sletten 1920-85 - son til Hans P. Sletten 1881-1959 og Maria P. Gravåmillom 1878-1956 - g 1952 m Gudrun E. Hølmyren 1932 - dotter til Emil Hølmyren 1904 og Berte J. Granslåen 1900. Barn: 1) Bjørg 1952 gm Ole Petter Hoel: Tom Erik 72, Ann Kristin 74. 2) Hans 1960. 3) Gunn Karin 1962 sbm Trond Turmo.

         Eigar 1988: Hans Sletten 1960. Han er maskinist.

 

 

 

 

Lien nørdre

 

Jord 40 da, beite 60 da, skog 400 da, anna 400 da. 44 sauar. Kyr til 1976. - Fyrste traktor 1954, høytørke, gravemaskin.  Fiskebu ved Vinstervatn.  Gardssag, branngraver.

         Eigar 1977-97: Ola Lien 1928 - son til Paul O. Lien 1900-78 og Karla O. Hoel 1906 - g 1953 m Else Sletten, Trysil 1932 - dotter til Paul Sletten 1898 og Borghild Kjølmoen 1895. Barn: 1) Berit 1953: May Elisabeth 72, June Cathrine 76. 2) Per 1956. 3) Grete 1958 gm Jan Knudsen: Stian 85, Espen 87, Odd Erik 91. 4) Anne Kari 1960 gm Tor Bjørkheim: Daniel 86, Andre'89, Mariell 92. 5) Jon Ola 1963. - Ola er ambulansesjåfør og Else er postfunksjonær.

         Eigar frå 1997: Per Lien 1956 - sbm Liv Berit Audestad 1968 – dotter til Jan Henrik Audestad, Bergen 1944 og Turi Børsheim, Ulvik i Hardanger 1943. Barn: Yngvild 1990, Anne Berit 1991, Ola 1997, Per Henrik 1999.

        

 

 

Lien søre

 

Jord 40 da, beite 50 da, skog 250 da. 27 sauar. Kyr til 1987. - Fyrste traktor 1971, høytørke. Fiskebu i Øyvassosen.  Gardsbruket var opprinneleg seter (1795-omlag 1920) til garden Rova på Vinstra. Branngraver, dyregraver i utmark.

         Eigar: Randi Målfrid Roven 1938 - dotter til Hans Roven 1919-94 og Ragnhild Elida Ekre 1915-2006. Randi er einebarn.

         Eigaren tok over i 1983 etter faren. 

 

 

 

 

Bjørkheim

 

Bureising, rydda av Edvard Hysjulien i 1920. Kyr til 1950. - Fyrste traktor 1958. Branngraver.      

         Eigar 1960-2001: Asmund Hysjulien 1920 (død) - son til Edvard Hysjulien 1883-1963 og Berte Veslum 1888-1963.

Eigaren tok over i 1960 etter faren. Sysjen: Sigurd 1917 gm Astrid Svare.

Eigarar frå 2001: Anna og Håkon Berglund. Asmund og mor til Anna, Marie Veslum,  var sysjenborn. Sjå også Myrvang. Ubebudd.

 

 

 

Storslåa søre

 

Bureising, rydda og bygt opp av Matias gm Oline Sandbakken (foreldra til Laurits) og Laurits Kampesæter. Kyr til 1967. Fiskebu i Vinstervatna.  - Værstasjon på gardsbruket frå 1968.

         Eigar: Odd Kampesæter 1942 - son til Laurits Kampesæter 1904-69 (eigar 1941-1968) og Anna J. Brenden 1914-94 - g 1975 m Randi Rørvik, Harstad 1948 - dotter til Jostein Rørvik 1923 og Anna Dorthea Jensen 1922. Barn: Eiliv 1981, Ingunn 1979.

         Eigaren, som er sivilingeniør, tok over i 1990 etter mora. Han bur i Mo i Rana.       

         Sysken til eigaren: 1) Oddveig 1934 gm Sverre Bingsrud: Sissel 1955, Øyvind 1964. 2) Margit 1936 sbm Oddvar Stetrud: Jan 1964, Willy 1964 (tv), Kai 1966. 3) Martinius 1946 (bur på gardsbruket). 4) Liv 1954 gm Ola Nes: Kristina 85, Vibeke 90.

 Storslåa vart i 1924 utskilt frå Storslåa 202/2 (heimseter til Moen). Før 1836 høyrde Storslåa til Lien, nørdre.

 

 

 

Sande

 

Jord 10 da. 25 sauar. Kyr til 1960. - Fyrste traktor 1988. Hytte ved Vinstervatna. Pensjonatdrift frå 1947-54.

         Eigarar frå 1959: Nils, Georg og Hanne Marie Sande. Nils 1914-91 (eigar frå 1954) - son til Knut Sande, Vågå 1873-1946 og Marit Ødegård 1875-1954 - g 1955 m Aase Aasheim, Vågå 1931 - dotter til Nils Valde Aasheim 1892 og Rønnaug Hammerdalen 1894. Barn: 1) Georg 1956. 2) Hanne Marie 1958. 3) Sjur 1964 gm Anita Bakken: Ida Aasne 89, Torkild 92, Nils Hauk 94. 

         Eigar 1994: Georg Sande 1956 - sbm Klara Eline Holen Stensli, Brumunddal 1970 - dotter til Kjell Ivar Stensli 1946 og Eli Margrethe Holen 1945. Barn: Emilie Margrete 1993, Marit Olave 1995, Nils Andreas 1997. - Eigaren er maskinmesterassistent i Opplandskraft. Nyrydding/bureisingsbruk, rydda av Hanna og Marit Sande, farsystrene til Nils Sande. Fråskilt Nørdre Lia i 1938.

 

 

 

 

Kampeseter nørdre

 

Jord 50 da, beite 20 da, skog 117 da, anna 100 da. 45 sauar. - Fyrste traktor 1968, høytørke. Hytte i Vinstervatna.  Den kjende bygdespelemannen Ole O. Rusten (Gammelsætrin) var eigar av garden på 1870-talet. Han selde garden til Johannes Haugen, far til Svend Sæther. Ole O. Rusten døydde i 1886.

         Eigar 1963-87: Jens H. Sæther 1924 (død) - son til Svend Sæther 1882-1963 og Rønnaug Roven 1887-1949 - g 1958 m Oddbjørg Nordlien 1926 - dotter til Anton Nordlien og Oline Furuli. Barn: 1) Arve 1948. 2) Sven 1958. 3) Rigmor 1964 sbm Tormod Persson: Maria 1991. 4) Anita 1967: Andre 86.

         Eigar frå 1987: Sven A. Sæther 1958 - g 1981 m Wenche Rusten 1959 - dotter til Ola I. Rusten 1928-68 og Hjørdis Marstad 1933-86. Barn: Jan Olav 1984, Håkon 1990. - Eigaren er møbelsnikkar ved Krogenæs Møbelfabrikker. 

 

 

 

Kampeseter søre

 

Kyr til 1964. - Fyrste traktor 1958. Hytte i Øyvassosen.  Dyregraver i utmark. Kampesæter Fjellstue er utskilt frå garden.

         Eigar 1922-58: Ole T. Sæther 1900-95 - son til Tosten O. Sæther 1851-1907 og Brit M. Lien, Sel 1860-1947 - g 1920 m Karine Brenden 1895-1962 - dotter til Jakob Brenden og Marit Stormorken. Barn: 1) Torbjørn 1921-94 (Eigar frå 1958). 2) Berta 1923 gm Arne Kristiansen. 3) Margrethe 1925.

         Eigar 1997-2002: Mildrid Kampeseter, Ullensaker 1920-2006 - dotter til Harald Thesen 1870-1940 og Signe Charlotte Hjelde 1886-1969 - g 1953 m Torbjørn Kampesæter 1921-94. Barn: 1) Ola 1953. 2) Sissel 1957: Karine 82, John Magnus 86.

Eigar frå 2002: Ola Kampesæter 1953 gm Tone Sletten: Annette 81, Anders 84. Garden har vore i ætta frå 1700- talet. Ubebudd.

 

 

 

Veslemoen

 

Jord 42 da, beite 18 da, skog 60 da, anna 260 da. 40 sauar. Kyr til 1971. - Fyrste traktor 1977, høytørke. Fiskebu ved Nedre Hersjø.

         Eigar 1965-: Kåre Eriksen 1937 - son til Simen Eriksen, Gausdal 1912 og Astrid Moe 1912-1983 - g 1960 m Bjørg Berge 1939 - dotter til Gunnar Berge 1912 og Olga Nyborg 1915. Barn: 1) Terje 1961. 2) Lilian 1964 gm Hans Petter Haugsrud: Ingrid 90, Erik 92. Sysjen til Kåre: Anne Gerd 1937-85 gm Hans Hysjulien. Kåre og Anne Gerd vokste opp på gardsbruket. Eigaren kjøpte gardsbruket i 1965 av Kristian Lillemoen 1888-1969 gm Hanna Hamrom 1900-79. Kåre og Bjørg bur no i eige hus, om lag 200 m frå gardsbruket. Eigar frå 2002: Terje Eriksen 1961 – sbm Tove Fossmo. Barn: Anine 1999. Terje er sjåfør i LITRA.  

 

 

 

Skåbutunet 

 

Grasproduksjon. – Noverande eigar har dyrka opp jorda og bygd opp 27 hus på to tun. Gardstunet: - Våningshus (svalgangsstugu) bygd 1760 flytta frå Bekkum, drengestove 1761, to låvar 1816, 2 gamle stabbur. Setertunet 200 m opp: Sel 1764, ysthus, bakstarhus, ljorstugu, saufjøs, stall, låve, geihus, naust 1785, alle gamle. I alt 27 hus.

          Eigar frå 1982: Ståle Roven 1951 - son av Olav Roven 1927 og Gunvor Sørli, Tyldal på Tynset 1931 - var gm Hedvig Ekre, Sør-Fron 1951 - dotter til Oskar Ekre og Randi Morken. Barn: Mona 1979, Grete 1980. Ståle no sbm Grete Johansen, Notodden 1959 - dotter til Olaf Johansen og Bjørg Slålien, Lom. Barn: Sondre 1994. -- Eigaren, som bur på Vinstra, driv Roven Renovasjon i Nord-Fron.

         Farfaren til eigaren, Ole I. Roven kjøpte i 1915 skogteig av Mari Haug 1873-1957 på det no nedlagde bruket Kolhusmoen. I 1953 vart teigen overteken av bror til Ole, Kristian Roven 1892-1977. Ståle arva teigen etter Kristian.

 

 

 

Kamsli

 

Kyr til 1961. - Fyrste traktor 1985. Fiskebu i Hersjø øvre. 6 hus.  Butikk til 1928 og posthus til 1954.

         Eigarar 1961-85: Tora 1906-91 og Ragnild Kampesæter 1915 - døtre av Johannes O. Kampesæter 1882-1961 og Ingeborg Heide 1884-1974. Tora og Ragnhild overdro til brorsonen og kona hans.

         Eigarar frå 1985: Andreas og Liv Kampesæter. Andreas 1939 - son til Kristian Kampesæter 1911-56 og Olga Hagen, Lillehammer 1909 - g 1962 m Liv Jordet, Vågå 1939 - dotter til Albert Jordet 1919 og Klara Bragelien, Sel 1918. Barn: 1) Kristin 1962 gm Kjell Arne Kleiven: Maria 88, Anders 91. 2) Elin 1967 gm Ole Dag Møllerplass: Marte 91.

         Andreas sine sysjen: 1) Johannes 1931 gm Solveig Nordnes. 2) Sofie Ingeborg 1933. Ingen vokste opp på bruket. - Eigaren var verkstadformann på Vinstra. 

 

 

 

Slåa

 

Jord 70 da, beite 100 da, skog 560 da, anna 800 da. 50 sauar. Kyr til 1975. - Fyrste traktor 1977. Seter på Holslåa.  Husmannsbruket Søre Slåa 204/2 vart lagt under garden i 1901.

         Eigar frå 1966: Iver H. Slåen 1935-2003 - son til Kristian Slåen 1896-1991 og Magnild H. Tøfte 1907-63 - g 1961 m Kari A. Grauphaugen 1941 - dotter til Anton Grauphaugen 1906-87 og Margit Kaltrud 1917. Barn: Jorunn 1961-98, Kjell Arne 1967. Iver tok over i 1966 etter faren. Eigar frå 2004: Kjell Arne Slåen. Bur på garden.

 

 

 

Haugen

 

Kyr til 1964. - Fyrste traktor 1966, høytørke. Seter på Holslåa. – Alle husa er rest. i original stand.        

         Eigarar 1986-89: Odd Aage Jordal og Grete Løvaas. Odd Aage 1949 - son til Olaf Jordal 1913 og Marie Haugen 1924 - var sbm Grete Løvaas, Svalbard 1947. Barn: Morten Are Jordal 1971, Geir Ove Jordal 1973, Ole Inge Jordal 1974. Dei tok over garden i 1986 etter den ugifte morbroren til Odd Aage, Johan Andersen Haugen 1929-92 (eigar frå 1956).

         Odd Aage (eineeigar 1989-94). Han selde garden. 

         Eigar frå 1994: Sigurd Bølling, Bærum 1947 - son til Arne Bølling 1917 og Bodil Pettersen 1919 - g 1971 m Grete Nysted, Bærum 1948 - dotter til Knut Nysted 1919 og Inger Beate Randers 1918. Barn: Jørgen 1972, Silje 1974, Anne Lise 1976, Anders 1981. Eigaren bur i Asker.

 

 

 

Fosse øvre

 

Kyr til 2000. Fyrste traktor 1968. Seter i Freksetra, fiskebu ved Agnsjø. Dyregraver.

         Eigar 1951-91: Ivar F. Fosse 1921 - son til Fredrik Fosse 1894-1958 og Maria Hage 1893-1976.

         Sysjen: Signe 1924 gm Ola Taarud: Marit 1950 ( gm Knut Kirknes),  Randi 1953 ( gm Nils Rømoen), Sigrid 1956 ( gm Kjell Hølmo). Ivar selde garden og kjøpte Sætermoen i Skåbu. Garden var i same ætta frå 1793-1991.    

         Eigar frå 1991: Jan C. Paulsen, Drammen 1936 (død) - son til Eilif Paulsen 1906-76 og Ingrid Palm 1914. Barn frå 1. ekteskap: 1) Katarina 1962 gm Jørgen Mannheimer: Elias 92, Simon 94  2) Ingrid 1963. 3) Christian 1968. 4) Edvard Paulsen 1992. Jan var sbm Charlotta Hollertz, Østergøtland, Sverige 1962. Barn: Edvard 92, Aksel 95. – Jan var advokat. Charlotta er eigar. Leigd ut til familien Skjegstad.

 

 

 

Lykkja

 

Jord 28 da, beite 26 da, skog 800 da, anna 1250 da. 36 sauar, 25 høner. Kyr til 1969. - Fyrste traktor 1956. Seter i Perslåa, kjøpt i 1933 av Nigard Harildstad.  Bruket vart rydda omlag 1830, og var i slekta til 1992. Fråskilt Nørdre Slåa 204/1 i 1905, kjøpt av Østen Slåen (Løkken). Broren Johan kjøpte klokkene til Skåbu kyrkje. Kristian Lysgård dyrka omlag 40 da.

         Eigar 1974-92: Kari Høye 1943 - dotter til Kristian O. Lysgård 1906-76 og Mari Ø. Løkken 1902-74 - g 1965 m John Høye, Ringebu 1931 - son til Nils Bjørge og Ellen Myhr. Barn: 1) Elin Marie 1965 sbm Geir Ove Kråbøl. 2) Knut 1967 sbm Torunn Bølien: Stine 90. Kari selde gardsbruket.

         Eigarar frå 1992: Bodil Karlsen, Oslo 1938 og Leif B. Bjørnstad 1934 - dotter til Henry Karlsen 1913 og Esther Hansen 1916 - g 1961 m Leif B. Bjørnstad - son til Leif Ingar Borch Bjørnstad 1894 og Marit Tollefsen 1898. Barn: 1) Peer Henning 1958 (død): Anne Christine 85, Njål 90.  2) Anne Cathrine 1962 sbm Torgeir Øvstebø: Sjur Fredrik Bjørnstad 89, jente. 3) Hege Cecilie 1965. - Eigaren er siviløkonom og bur på bruket.

 

 

 

Stigen nedre

 

Jord 57 da, beite 7 da, skog 85 da, anna 4 da. Leiger 30 da. 75 sauar. Kyr til 1973. - Fyrste traktor 1964.  Rydda i fyrste halvdel av 1800. Fråskilt Søre Slåa (204/2) i 1906, kjøpt av Hans Kantrud. Han selde garden. Var bruk under Kantrud frå 1875-1938.

         Eigar 1938-73: Hans Grosberghaugen 1890-1965 – son til Ola Grosberghaugen og Anne Grauphaugen – g1m Maria Lillebekkhaugen 1884-1910. Barn: 1) Anna 1908-97. 2) Johannes 1910-75 gm Gunvor Halvorsen. Hans g2m Mathea Været 1900-73 – dotter til Hans Været og Maria Brynsmoen (Harehaugen). Deira barn: 1) Olav 1922 gm Mary Holt. 2) Hallvard 1923, sjå Dalsheim. 3) Maria 1925. 4) Knut 1927-76 gm Else Martinsen 1926-92: Berit 54 (eigar 1985-93) gm Georg Kroken: Wenche Iren 70, Grete 83. 7) Magne 1934 (eigar 1973-85, flytta til Gausdal. 8) Oddmund 1936 var gm Eli Andal. 9) Thor 1938. 10) Morten 1943 gm Møyfrid Ravnås.

            Eigar frå 1993: Magne Slåen 1947 - son til Emil A. Slåen 1905-85 og Hilda O. Maurstad 1918-80. Ugift. Eig også halvparten i Granli.

 

 

 

Jenssetra

 

Kyr til 1935. Fiskebu i Meravika. Bruket er opprinneleg seter til den nedlagde garden Søre Slåa 204/2. I 1865 vart Søre Slåa plass under Nørdre 204/1. Frå om lag 1900 vart dei brukte saman. Rydda omkring 1800, og bruket har vore i same slekta.

         Eigar 1937-69: Johan Slåen 1898-1982 - son til Hans T. Slåen 1868-1949 og Petra J. Graupmoen 1868-1960. Han kjøpte frå Nørdre Slåa. Farbroren til Johan, Amund Slåen, hadde budd på og drive bruket frå omkr. 1900. Johan overdro til broren og kona hans som har budd på bruket sidan 1947. Denne slekta hadde vore på Søre Slåa i fleire generasjonar.

         Eigarar frå 1969: Aksel H. og Maria Slåen. Aksel 1909-98 - son til - g 1944 m Maria O. Blekastad 1923 (død) - dotter til Ola K. Lysgård 1883 og Anna J. Blekastad 1888. Barn: 1) Målfrid 1944-87 gm Asbjørn Olsen, Jevnaker. Deira barn: 1) Jonny 1964 var sbm Elin Blekastad: Lena 88. 2) Alf 1967.

         Aksel eigde også Perstugu.

         Eigar frå 1999: Jonny Olsen. Ubebudd.

 

 

 

Setermoen

 

Kyr til 1953. Pensjonatdrift til 1968. Rydda av Kristian Sætermoen i 1912, Sel 1885 gm Ingeborg Kampesæter. Kristian seinare gm Margit Bakken, Sjoa 1900, farsystera til Brit Bakken. Margit overdro.

         Eigar 1979-95: Sverre Stormorken, Kvam 1936 - son til Ola T. Stormorken 1898 og Margit Ingstad 1902 - g 1964 m Brit Bakken 1946 - dotter til Oddmar Bakken og Julianne Dalby. Sverre selde gardsbruket.

         Eigar frå 1996: Ivar F. Fosse 1921 - son til Fredrik Fosse 1894-1958 og Maria Hage 1893-1976.

         Sysjen: 1) Signe 1924 gm Ola Taarud: Marit 50 (gm Knut Kirknes), Randi 1953 (gm Nils Rømoen), Sigrid 1956 (gm Kjell Hølmo).

        

 

 

 

Moen

  

Kyr til 1961. - Fyrste traktor 1947. Seterdrift på Åkre. Fiskebu i Vinstervatna. Eigar 1953-81: Eivind Sande 1915-81 - son til Sigurd Sande 1877-1942 og Kari Moen 1895-1951 - g 1951 m Marit Leirflaten 1927 - dotter til Hans Leirflaten og Rønnaug Bekkemellom. Barn: 1) Kirsti Ruth 1951 gm Jon Wistad: Ingrid 1976, Ellef 1977, Tore 1982. 2) Randi 1953. 3) Sigrun 1958 gm Nils A. Lien: Eivind 1987, Andreas 1988, Simen 1990.

         Eigar frå 1984: Randi Rønshaugen 1953 -  g 1972 m Knut Rønshaugen 1948 - son til Hans H. Rønshaugen 1924-95 og Gudrun E. Kleiven 1922. Barn: 1) Henning 1972 – var sbm Ingrid Tokvam: Sunniva 1999. Henning no sbm Ragnhild N. Jacobsen. 2) Espen 1974 sbm Anne Krokbø: Kristine 1999. 3) Rita Katrine 1982. 4) Ellen 1987. - Henning bur på garden. 

 

 

 

Solli

 

Bureising, rydda av Hans Fosse i 1923. Kyr til 1975.  

         Eigar frå 1950: Inge Fosse 1906-82 - son til Hans  Fosse 1886-1950 og Berte Graupe 1878-1959 – g 1946 m Rønnaug P. Berget 1920-98 – doter til Paul Berget 1888 og Ragna J. Granslåen 1893. Barn: 1) Bjarne 1946 sbm Torgunn Haug, Rudsbygd 1947. 2) Reidun 1951: Bente Anita 74.

         Eigarar frå 1988: Bjarne Fosse 1946 og Reidun Sundberg . Ubebudd.   

 

 

 

 

Granlund (Nystugu)

 

Grasproduksjon. Kyr til 1963. Bruket er slått saman med Kantrud 204/61.

         Eigar 1964-91: Hans T. Slåen 1909 - son til Torger H. Slåen 1868-1927 og Kari I. Fosse 1881-1964. Rydda av Hans O. Lien i 1834. Utvandra til Amerika. Fråskilt Fosse øvre 204/5 og kjøpt i 1924 av Torger Slåen. Hans selde bruket.

         Eigar frå 1991: Elisabeth Kantrud 1965 – dotter til Odd Kantrud 1927 og Anna E. Døving, Nordal på Sunnmøre 1932 - var gm Trond Lien: Karoline Marie 89, Olve Mathias 93. Odd bur her.

 

 

 

Austli

 

Bureising, rydda av Torvald Risdal i 1930. Kyr til 1955.

         Eigar 1974-87: Karla Olsen 1922 - dotter til Torvald Risdal 1899-1982 og Inga Kvalen 1898-1982 - g 1942 m Aage Olsen 1919. Barn: 1) Tor 1942 gm Anne Berit Haug. 2) Asbjørn 1944 sbm Tove Hofstad. Karla selde gardsbruket. Eigarar frå 1987: Mette Munster Marcussen, Oslo 1936 - dotter til Eugene Munster 1902-89 og Lilly Støre 1907-71 - g 1961 m John Marcussen, Lyngør 1929 - son til John H. Marcussen 1887-71 og Jenny Marcussen 1893. Barn: 1) Ina Christine 1962 gm Poul Wisborg: Mira Christine 91. 2) Lilly Jeanette 1963 gm Per Ola Fenre: Truls Valdemar 93. 3) John Herman 1965 gm Annette Ditlev Simonsen. 4) Jens Michael Eugene 1968 gm Marianne Moestue. 5) Emil Sebastian 1977. Dei selde gardsbruket.

         Eigar frå 1999: Per Egenæss d. 2001. Døtrene hans har teke over. Feriestad.

 

 

 

 

Svenstugu(Svendsli)

 

Kyr til 1950. Gardsbruket vart rydda og bygt av ein Svein Jakobsen om lag 1820. Tunet flytta kring 1838. Heimen kalla for Baklia i 1865. Fråskilt Fosse øvre 204/5 i 1931.

         Eigar frå 1967: Liv Ingrid Olsen Svendsstuen 1920-96 - dotter til Ole Ottesen Olsen, SF 1890-1943 og Berte O. Svendstuen 1895-1964.

Liv tok over i 1967 etter den ugifte morbroren Anton Svendstuen 1897-1967 (son til Anne Paulsdtr Svendsstuen 1874-1929). Etter Liv Ingrid vart brordottera ny eigar.

         Eigar frå 1997: Bjørg Engevold, Sel 1944 – dotter til Asbjørn Einar Olsen 1916-88 og Thora O. Rønningen, Skåbu 1922-94 – g 1970 m Ivar Hjalmar Engevold, Vestre Slidre 1949 – son til Sverre Engevols, Kapp på Toten 1922 og Inga Strans 1925. Barn: Tom 1963 (sivilingeniør i oljeindustrien, bur i Stavanger). – Bjørg er kjøkkenassistent, Ivar er industrikonsulent. Dei bur i Ål i Hallingdal.