Eg har ein hage midt i furuskogen der eg prøver laga meg steinbed på knausene. Arbeidet med beda blei starta våren 1998, så det er i starten enno. For å halda på jorda har eg murt nokre lave murar med stein frå tomta. I beda veks både sommarblomar, stauder og små buskar. Har fått mange planter av naboar, venner og familie. Inni mellom buskar og stauder har eg satt vårløkar. For tida er det forskjelliga slag Primula eg prøver få plass til. Rundtom er det og planta ein del Rhododendron, både små dverg planter og dei som blir fleire meter høge. Håpar at plantene med tida vil dekka jorda slik at eg slepp å luka. Eg har teke ein del bilder frå hagen. Fleire vil komma etterkvart. Navnene på plantene vil eg setja på etter kvart som eg veit kva dei heiter. (Nokre bilder er uklare, dei skal eg bytta ut når som eg får tatt nye).



Her kan du sjå bilder frå hagen

Rhododendron
Primula
Løk og knollar
Campanuela
Andre stauder
Buskar og trær
Andre bilder




Her skal du få nokre linker til hagesider:

Det norske hageselskap
Hageporten
Zimtrade
Side med mange hagelinker



© Else Veivåg 1999
Siste oppdatering 25.06.2001