AUST-AFRIKANSK LITTERATUR

av Helga Hoel, Trondheim Katedralskole

Denne artikkelen vart først trykt i Språk og Språkundervisning nr 3, 1998. I  denne omarbeidde og oppdaterte versjonen er fotnotene inkorporert i teksten og i tillegg er det lagt inn lenker til eksterne kjelder.

Du må gjerne kopiere artikkelen til akademisk bruk, men ikkje til kommersielle formål utan løyve frå forfattaren.
Opningssida



Innhald:
Litteratur frå Aust Afrika
Afrikansk litteratur
Aust-afrikanske tekstar frå lærebøker etter 1980
Forslag til eit undervisningsopplegg
Forslag til anna lesning av aust-afrikansk litteratur

LITTERATUR FRÅ AUST AFRIKA
Operasjon Dagsverk midla gjekk i 1998 til diverse skoleprosjekt Frelsesarmeen driv for handikappa ungar i Kenya, Uganda og Tanzania. Det var utgangspunktet mitt for å skrive denne artikkelen som tar for seg aust-afrikanske tekstar ein kan bruke i engelsktimane t.d. i samband med internasjonal veke.

Læreplanane i engelsk har for alle trinn med ein passus om å inkludere litteratur frå andre engelsktalande land enn USA og Storbritannia, og har skolen eit utval lærebøker i engelsk for studieretning for allmenne fag frå dei siste 30 åra, er det heller ikkje noko problem å finne høvelege tekstar.

Eg vil i denne artikkelen først seie noko om afrikansk litteratur generelt, deretter noko om dei aust-afrikanske tekstane som fins i norske engelskverk for den vidaregåande skolen frå 1980 og plassere dei litteraturhistorisk. Vidare vil eg skissere eit undervisningsopplegg ein kan bruke både i engelsk-, norsk- og i historietimar og til slutt seie noko om nyare aust-afrikansk litteratur.

Attende til innhaldslista


AFRIKANSK LITTERATUR
På åttitalet var det ein diskusjon om kva ein meinte med afrikansk litteratur, om det berre galdt litteratur skrive av afrikanarar eller om det også galdt litteratur produsert av europearar som budde/ har budd i Afrika og skreiv om eit afrikansk miljø. Stephen Larsen ved universitetet i Stockholm foreslo følgjande definisjon i News from Afrikainstitutet, no 16, 1985:

African Literature is literature which is written by authors who have spent all or most of their formative years in Africa and which mirrors, directly or indirectly, an unmistakably African milieu.
Denne definisjonen utelukkar etter hans meining Karen Blixens Out of Africa, men ville måtte inkludere Elspeth Huxleys The Flame Trees of Thika fordi ho trødde sine barnesko i Kenya enda dei begge var europearar og skreiv om afrikanarar ut frå den same paternalistiske europeiske holdninga og tenkjemåten.

Det er truleg meir fruktbart i dag å snakke om post-kolonial litteratur frå Afrika. Termen "post-colonial" slik Ashcroft, Griffiths og Tiffin uttrykker det i The Empire Writes Back  frå 1989 dekkjer heile kulturen påverka av den imperialistiske prosessen frå starten på koloniseringa og fram til i dag. Dette gjer det også lettare å periodisere litteraturen og finne noko felles og karakteristisk på tvers av raser og grenser om kolonimakta no var britisk, fransk, belgisk, spansk portugisisk eller hollandsk.

Innanfor den post-koloniale tenkjemåten er det plass til både Blixen, Huxley og afrikanske forfattarar fordi dei alle er påverka av den koloniale prosessen på ein eller annan måte. Påverknaden har sjølvsagt vore ulik for representantane for kolonimaktene og for dei koloniserte, noko som viser seg i ulike strategiar for skrivinga deira.

Den munnlege tradisjonen i Aust Afrika slik han har blitt overført frå generasjon til generasjon, er uvanleg rik og variert. Etter at dei tre aust-afrikanske landa vart sjølvstendige først på sekstitalet kom det i gang ei storstilt innsamling av munnleg overført litteratur i ulike sjangrar og prøver på desse kom også inn i lærebøkene for den vidaregånde skolen og i universiteta da ein begynte å bygge opp nasjonale pensum som flytta sentrum for litteraturen frå London til Kampala, Dar es Salaam eller Nairobi.

Den skriftlege litterære tradisjonen i Aust Afrika har ikkje så lang historie anna enn i poesien på kysten skrive med arabiske teikn på swahili. Det eldste bevarte Swahilidiktet skriv seg frå 1652. Det er ei hymne omsett til swahili frå arabisk, men med original lokal koloritt.

På den første afrikansk-skandinaviske forfattarkonferansen i Stockholm i 1967 heldt nobelprisvinnaren Wole Soyinka eit foredrag han kalla "The Writer in a Modern African State". (Innlegget kan ein lese i Per Wästberg, The Writer in Modern Africa, også frå 1967). I foredraget  trekte Soyinka opp utviklinga i svart afrikansk litteratur i tre stadiar. Før frigjeringa låg forfattarens rolle i "The united opposition by the colonised to the external tyrant". Etter frigjeringa vart forfattarens oppgåve: "reaffirming his identification with the aspiration of nationalism and the stabilization of society" og endeleg på den tida konferansen vart halde hadde forfattarane nådd eit tredje stadium: "The third stage, the stage at which we find ourselves, is the stage of disillusionment".

Det har runne mye vatn i havet sidan 1967 og 30 år seinare prøver Derek Wright seg på ei anna inndeling av afrikansk litteratur etter 1950. Han deler i innleiinga si i artikkelsamlinga Contemporary African Fiction  frå 1997 litteraturen inn i fire fasar, den første "features mainly counter-discourse which "writes back" to colonial narratives", den andre er prega av "post-independence disillusionment and the transference of anger and blame from foreign to indigenous rulers". I den tredje finn ein "a concerted effort to break away from European aesthetic values and ideologies in pursuit of more authentically African models" og endeleg i den siste og noverande fasen seier han det er "a movement away from cultural homogeneity which produces a greater diversification and hybridization of subject-matter and increased experimentation and formal innovation."

Som ein ser, har Derek Wright slått saman dei to første stadia Soyinka skreiv om til ein periode og elles ajourført utviklinga fram til i dag. Han presiserer likevel at inndelinga hans ikkje er absolutt og at det er glidande overgangar med typiske og utypiske tekstar innan kvar periode.

Attende til innhaldslista


AUST-AFRIKANSKE TEKSTAR I ENGELSKBØKER ETTER 1980
Lat oss no sjå på kva vi kan finne i gamle og nye lærebøker og korleis desse tekstane plasserer seg i det litterære landskapet. Eg listar opp tekstane først før eg tar dei for meg i kronologisk rekkjefølge etter forfattarskap etterpå, samtidig som eg vil prøve å seie noko om utviklinga av litteraturen i Aust Afrika.

Frå Uganda finn ein:
Okot p'Bitek med utdrag frå Song of Lawino i fire ulike lærebøker; Jägfeldt og Talberg (red.): Action 2, Aschehoug 1981; Bårtvedt et al (red.): Reaching Out, Aschehoug 1990,  Clausen et al (red.): Victory, Gyldendal 1993 og Heian og Sjøvoll (red.): International Focus, Gyldendal 2007
Barbara Kimenye: "The Winner" i Karl Erik Hedström (red.): Free Choice 1, NKS-forlaget 1980
Frå Tanzania fins det berre ein tekst:
Anthony M. Hokororo: "A Day Off" i Jägfeldt og Jägfeldt (red.): Action 1, Aschehoug 1981
Frå Kenya fins det fem tekstar:
Jomo Kenyatta: "The Gentlemen of the Jungle" i Lausund og Øverland (red.): Worlds of English 2, Gyldendal 1980
Grace Ogot: "The Rain Came" og Ngugi wa Thiong'o med utdrag frå Petals of Blood i Arve Fretheim (red.): Literature in Focus, Universitetsforlaget 1992
Karen Blixen med utdraget "A Lion Hunt" frå Out of Africa i Gorseth et al (red.): First Class!, Gyldendal 1994
Leteipa Ole Sunkuli: "They Sold My Sister" i Gorseth and Heian (eds.): Flying Colours, Gyldendal 2000,  Rogers et al (red): @cross, Damm 2004 og 2006; og endeleg Haugum et al (red.): Worldwide, Aschehoug 2007

To av tekstane skriv seg frå kolonitida; dei av Karen Blixen frå 1937 og Jomo Kenyatta frå 1938. Dei er skrive med heilt ulike utgangspunkt og formål. Baronesse Blixen fortel seks år etter ho kom heim frå Afrika om ei spennande løvejakt på kaffefarmen sin der ho assisterer Denys Finch-Hatton når han i mørkret med berre tre skot skyt to hannløver som har drepe to av oksane på farmen. Dei to europearane triumferer over naturen og kan innkassere beundring frå alle dei innfødde på farmen inklusive "my school children", som Karen Blixen uttrykker det i tidas typiske p(m)aternalistiske stil.

Kor typisk utdraget er for europeiske forfattarar i 30-åra, kan ein vel diskutere. Utdraget legg vekt på det eksotiske og på europeisk overlegenhet når det gjeld teknologi. Litteratur skrive av europearar i ein post-kolonial situasjon generelt reflekterer gjerne eit forsøk på å finne fotfeste i eit nytt landskap, på å finne ein ny identitet i ein framand kultur eller "sin plass i universet" for å bruke Emerson sine ord frå USA.

Kor annleis er ikkje utgangspunktet til Jomo Kenyatta. Fabelen "The Gentlemen of the Jungle" er henta frå avhandlinga hans i antropologi, Facing Mount Kenya, som kom ut i London i 1938. Kenyatta hadde gjennom utdanning på ein misjonsskole i Kenya tileigna seg kolonisatoranes språk og skaffa seg seinare høgre utdanning i Europa. Når han i denne fabelen kritiserer korleis engelskmennene hadde trenert klagene til Gikuyuane over land ved å sette opp den eine undersøkelseskommisjonen etter den andre utan at det gav resultat, så gjer han det på ein subtil måte. Kenyatta brukar folkeleg munnleg tradisjon som strategi for å pakke inn den skarpe kritikken sin av det britiske kolonistyret på deira eige språk. Det er jo "berre" ein fabel og derfor per definisjon ufarleg, men i forordet til boka blir det sagt om forfattarrolla hans at han er som "a rabbit turned poacher."

Kenyattas tekst passar derfor i høgste grad under Soyinkas første stadium, "opposition by the colonised to the external tyrant".

I 1964/65 klaga Taban lo Liyong, fødd i Sudan, men oppvakse i Uganda, over ørkenaktige tilstandar i aust-afrikansk litteratur frå sitt studerkammer i Des Moines, Iowa. Taban lo Liyong  var der på skrivekurs for nye forfattarar og var deprimert over kor mye lengre utviklinga av ein kreativ afrikansk litteratur hadde komme i Sør- og Vest Afrika. Det er ikkje så underleg når ein ser på dei historiske føresetnadene til desse regionane. Ein treng eit kjøpekraftig publikum for at det skal lønne seg å trykke bøker. Og ein treng forlag. Både i Vest- og i Sør Afrika hadde koloniperioden vart mye lengre enn i Aust Afrika. I Vest Afrika var det lange handelstradisjonar der afrikanarar var viktige partnarar slik at det fantes ei middelklasse. Søner av handelsmenn vart sendt til Europa for utdanningsformål frå slutten av 1800 talet. Parallelt med veksande handel i Vest Afrika og ekspansjon i bergverksindustrien i Sør Afrika kom ei urbanisering som mogleggjorde spreiing av nye tankar som igjen førte til litterær kreativitet. I Aust Afrika hadde koloniperioden vart mye kortare, urbaniseringa gjekk tregare og folk frå det indiske subkontinentet blokkerte i høg grad sjansane for afrikanarane til å nå ein middelklasseposisjon.

Lo Liyong la skulda på britane og utdanningssystemet for den litterære tørken i Aust Afrika. London dikterte kva som var (god) litteratur og hadde i tillegg det språklege overtaket.

David Rubadiri, forfattar og kritikar frå Malawi som fekk utdanninga si frå Makerere Universitetet i Uganda, seier mye av det same i  artikkelen "The Development of Writing in East Africa" i Christopher Heywoods Perspective on African Literature frå 1971 når han skriv om situasjonen rundt frigjeringa:

Men om no mye av dette kom av utdanningssystemet, må det også seias at når den litterære ørkenen begynte å blomstre, så kom såkornet frå skolane og hadde blitt vatna der. Makerere Universitetet i Uganda (som lenge var felles for dei tre aust-afrikanske statane) etablerte seg som eit drivhus for den nye litteraturen sentrert rundt engelsk institutt med sitt eige litterære tidsskrift, Penpoint frå 1958.

Det er frå dette tidsskriftet novella "A Day Off" til Anthony Hokororo frå Tanzania er henta. Lærebokforfattaren har funne novella i antologien Origin East Africa frå 1965. David Cook, som underviste engelsk ved Makerere, valte ut skriving av 25 studentar frå 17 nummer av Penpoint til denne samlinga og sette dermed Aust Afrika på det litterære kartet.

Men attende til Hokororo og "A Day Off". Minst femten år før FNs kvinnetiår (Hokororo oppheldt seg ved Makerere frå 1955-1959) finn ein her ein feministisk tekst frå Tanzania forfatta av ein mann. Zele tar seg impulsivt ein fridag frå huslege syslar etter å ha lese ein artikkel om ekteskapeleg fornying i eit dameblad. Ho skriv ein lapp til mannen om kvar han kan finne mat når han blir svolten, tar toget til Dar, lar seg føre rundt i byen av ein framand mann, klipper håret og tar toget heim att til ein forundra og såra ektemann. Det oppsiktsvekkande ved kjønnsrollemønsteret i novella er ikkje at Zele tar seg til rette, men at mannen hennar ikkje straffar henne for det. Novella synes derfor utypisk for si tid og eignar seg godt til å diskutere kjønnsrollemønster.

Da Engelsk institutt ved Makerere arrangerte ein konferanse med "African Writers of English Expression" i 1962, var det berre tre forfattarar frå Aust Afrika blant deltakarane. Den eine av dei var Grace Ogot frå Kenya

Bindestreken trykte ei norsk omsetting av "The Rain Came" frå novellesamlinga hennar Land Without Thunder frå 1968 i septembernummeret sitt i kvinneåret 1975. Dersom formålet var å trykke feministisk afrikansk litteratur, kan valet synas uheldig, for hovudpersonen, den unge høvdigedottera som må ofras for at stammen skal overleve tørken, er passiv og kan ikkje redde seg sjølv frå det løftet faren ein gong har gitt: at han ville vere villig til å ofre liv om nødvendig for å redde folket han var høvding for. Men så kjem drømmeprinsen i form av kjærasten hennar og reddar henne likevel. Alt blir bra "and the rain came down in torrents".

Historia Grace Ogot fortel, har ho frå bestemor si i munnleg overlevering, og ein bør derfor sjå på novella i den konteksten. Historier vart fortalt for å lære bort god moral, her lydighet, slik at samfunnet kunne fortsette å fungere etter gammal oppskrift. Sett i eit slikt lys plasserer denne novella seg innafor Soyinkas andre stadium der forfattaren går saman med den nye afrikanske leiinga i nasjonsbygging "reaffirming his identification with the aspiration of nationalism and the stabilization of society".

Barbara Kimenyes humoristiske novelle, "The Winner" frå novellesamlinga hennar Kalasanda utgitt i 1965, viser eit heilt anna kvinnebilde enn det Grace Ogot presenterte oss for i si novelle. Huset til den sekstifemårige Pius blir rent ned av slektningar og "venner" når han får melding om at han har vunne i tipping. Alle vil ha sin del av kaka. Tusenmenningen Sarah som er enke, pressar seg på og tar over styringa og Pius mistar nesten pusten over kor gesjeftig ho er. Men når det viser seg at han ikkje har vunne så mye som folk trudde, og dei fleste som har komme for å gratulere forsvinn, legg Sarah framleis planar for dei to. Det blir eit par av dei og den verkelege vinnaren i novella er Sarah. Vi kan plassere Sarah som ein god rollemodell for nasjonsbygginga rett etter frigjeringa slik at også denne novella fell under det andre stadiet Soyinka peika på.

Dei to forfattarane som no står att på lista vår over dei sju det er tatt inn tekstar av i norske lærebøker, Okot p'Bitek og Ngugi wa Thiong'o var begge tilstades på den før nemnte forfattarkonferansen i Kampala i 1962, men berre som observatørar. Sidan har dei markert seg som dei to mest kjente og leste forfattarane frå Aust Afrika; Ngugi som den tredje mest leste og underviste forfattaren i Afrika i det heile tatt, berre forbigått av nigerianarane Achebe og Soyinka.

Okot p'Bitek gav alt i 1953 ut romanen Lak Tar på morsmålet sitt, acoli, men det var lenge før nokon tok litteratur på afrikanske språk alvorleg. Det var først på ein konferanse i 1966 om den aust-afrikanske kulturarven at han slo i gjennom for alvor. p'Bitek heldt eit foredrag om tradisjonell litteratur og etter han var ferdig med foredraget las han frå manuskriptet sitt til Song of Lawino, som han først hadde skrive på acoli eit par år tidlegare og no hadde omsett til engelsk. Rubadiri fortel i den før nemnte artikkelen om dette:

I Song of Lawino angrip den enkle landsbykvinna Lawino, rotfesta i den kulturen ho hadde vakse opp i, ektemannen sin på det skarpaste fordi han gjennom si vestlege utdanning hadde fjerna seg frå røtene sine og falle for den like rotlause Clementina, ei overflatisk bykvinne som ukritisk apa etter dei siste vestlege motene. Diktsyklusen prisar den afrikanske tradisjonen og omkvedet lyder: "Let no one uproot the pumpkin".

Det viktige i denne boka ligg ikkje berre i innhaldet, men vel så mye i forma dikta er skrive på. Okot p'Bitek utnytta trekka i tradisjonelle acolidikt, noko han kjente til botnar, og vann på denne måten både anerkjenning for tradisjonell munnleg litteratur og for dei sjansane denne litteraturen no opna som ei kjelde til inspirasjon for skriving rotfesta i afrikansk erfaring heller enn i teknikkar undervist i litteraturklasser etter vestlege modellar.

Forlaget som gav ut boka var East African Publishing House, det første afrikanskeigde forlaget i Aust Afrika. Song of Lawino var den første skjønnlitterære boka dei gav ut i ein ny serie, og Grace Ogots roman The Promised Land, som også kom ut i 1966, var den andre. Sentrum for aust-afrikansk litteratur heldt med andre ord på å flytte frå London til Nairobi.

Fire norske lærebøker har med utdrag frå Song of Lawino. Dikta gjer alltid lykke. Dei er humoristiske og satiren er treffande i avsnittet som kontrasterer vestleg og acoli matlaging, så vel som dei om dans eller amming. Det ligg ein interessant artikkel om eit av dikta i boka på nettet. Sjå  Okot p'Bitek: "The giraffe cannot become a monkey" av Pauline Nygard.

Norske elevar oppfattar Lawino som heltinne. Dei burde ha hørt ein samtale afrikanske kvinnelege forfattarar førte seg i mellom om litteratur på FORUM 85 parallelt med FNs kvinnekonferanse i Nairobi i 1985. Desse taleføre damene hadde lite til overs for det kvinnebildet Lawino står for, uutdanna, berrføtt og lenka til kjøkkenbenken med ein veksande ungeflokk rundt seg. Dei meinte denne boka var skadeleg for kvinneleg afrikansk oppdrift fordi ho sementerte ei holdning til kvar kvinnas plass i det moderne samfunnet burde vere. Slike synspunkt står ikkje i spørsmålsrekka etter dikta i nokon av dei fire lærebøkene.

Da eg tenestegjorde i det norske fredskorpset i Kenya frå 1971-73 arbeidde både Okot p'Bitek, Taban lo Liyong og Ngugi wa Thiong'o på universitetet i Nairobi. Ngugi var instituttstyrar for engelsk institutt og instituttet var nettopp delt i to, eitt for lingvistikk der afrikanske språk etter kvart fekk ein prominent posisjon, og eitt for litteratur.

Engelskpensumet i litteratur vart radikalt omlagt der fokus vart flytta frå Europa til Afrika. Shakespeare, Dickens og andre klassikarar i britisk litteratur var framleis med, men hovudvekta låg no på svart litteratur i hovudsak frå (Aust) Afrika, men også frå Karibia og USA.

Den einaste teksten frå etter 1970 i utvalet i dei norske engelskbøkene er utdraget frå Ngugi sin roman Petals of Blood frå 1977. Det handlar om kostskoleliv på ein prestisjetung misjonsskole med mottoet "For God and Empire". Vi får høre om elevanes reaksjonar på to rektorar med ulike holdningar til det å drive skole. Den eine paternalistisk og mild, den andre etter militære prinsipp der dei afrikanske elevane versågod fekk halde seg på plass utan privilegiar av noko slag.

Utdraget hører så avgjort til det desillusjonerte litterære stadiet. Med åra har den politiske bodskapen i romanane til Ngugi vorte meir og meir tydeleg slik vi også kan lese i Petals of Blood. Etter denne romanen skreiv Ngugi eit skodespel på morsmålet sitt, Gikuyu, og fekk det oppført ikkje så langt frå der han budde. Romanar blir lese av eit mindretal av folket i einsemd ein og ein. Teater er noko heilt anna. Da er mange folk samla, og når det til og med vart oppført på eit språk alle forstod og med ei rekke lokale skodespelarar som hadde vore med og justert teksten, vart det for sterkt for styresmaktene. Ngugi vart kasta i fengsel utan lov og dom og vart halde der i nesten eit år.

På eit litteraturseminar på Hå prestegard i september 1991 sa Ngugi om toalettpapiret i fengselet: "It was very hard material, for it was meant, I believe, to punish the prisoners, but it was very good writing material". På dette papiret skreiv han den neste romanen sin, Djevelen på korset på Gikuyu og omsette han seinare sjølv til engelsk i 1982. Utdrag frå denne romanen vil eg bruke i eit undervisningsopplegg. Denne romanen er eksperimentell i og med at han blandar vestleg forteljartradisjon med munnleg afrikansk tradisjon og hører såleis til under Wright sin tredje periode i sitt forsøk på å "break away from European aestethic values and ideologies in pursuit of more authentically African models".

Denne blandinga av ulike skrivemåtar utviklar han vidare i den siste sterkt samfunnskritiske romanen sin, Wizard of the Crow, som han først skreiv på morsmålet sitt, Gikuyu.  Boka er på nesten 800 sider og  har blitt utgitt i 4 delar i Kenya. I 2006 kom boka ut på engelsk i eitt band, omsett av forfattaren sjølv. Romanen vart nominert til den regionale commonwealth litteraturprisen for Afrika i 2007 utan å nå til topps.

Etter eg først skreiv denne artikkelen har fire lærebøker tatt inn novella "They Sold My Sister" av Leteipa Ole Sunkuli. Han er maasai og novella  er tradisjonell og tar opp konflikten mellom den nye og den gamle tid når det gjeld utdanning av jenter. Er det greitt at jenter blir gifta bort (sold) rett etter dei blir omskore i tidlege tenår framfor å la dei få den utdanninga dei sjølv helst vil ha, når faren må betale utdanninga og dei berre vil tilhøre familien dei er fødd inn i til dei giftar seg? Er ikkje det bortkasta pengar for faren? Historia er fortalt gjennom ei jente som helst vil gå på skole, men som veit kva ho har å vente seg sidan ho alt har sett korleis det gjekk med den to år eldre søstra. Denne konflikten er dessverre enno aktuell, ikkje berre i maasailand, man mange stader elles i Afrika.

Attende til innhaldslista


FORSLAG TIL EIT UNDERVISNINGSOPPLEGG
Eg ønskjer i dette undevisningsopplegget å trekke historiske liner i motstanden mot kolonimakta i Kenya gjenom tre litterære tekstar.

Først vil eg bruke Kenyatta sin fabel "The gentlemen of the Jungle" frå Facing Mount Kenya slik han står i Worlds of English 2. Der er glossaren og oppgåvene gode og fyldige. Fabelen kan gjeras unna på ein time. Eg forutset da at elevane har lært noko om imperialismen og avkoloniseringsprosessen. Elles må ein bruke litt tid på å sette teksten inn i ein historisk samanheng med "The scramble for Africa" og Berlinkonferansen i 1885. Fabelen sluttar i vald med orda: "Peace is costly, but it's worth the expense". Dette vart skrive under britisk kolonistyre så tidleg som i 1938.

Den neste teksten eg ville bruke, er ei novelle av Ngugi frå novellesamlinga Secret Lives frå 1975. Novella heiter "The Martyr" og tar nettopp opp valden heilt i begynnelsen av Mau-Mau perioden i 1952 slik Kenyatta profeterte alt i 1938. Om ein ikkje får tak i novella på engelsk, så fins ho i omsetting i Paxboka Moderne Afrikanske Fortellere redigert av Helge Rønning i 1971 og i Ustvedt sin antologi for Bokklubben, Afrika forteller frå 1974. Novella er også lese inn for NRK av Magnus Nielsen i ei omsetting av Trygve Greiff i 1988.

Til denne novella er det nødvendig med ein del ordforklaringar og ein rask gjennomgang av landkonflikten mellom Gikuyuane og britane. Det som står om Mau Mau i norske kjelder er veldig ofte farga av at nyhetene i 50-åra kom via Reuters, og sidan England var part i saka, så er framstillinga ofte sterkt påverka av det. Eg har laga ei  side om historisk bakgrunn for novella og med ordforklaringar som kan lesas ved å trykke her. Ein vil truleg trenge to timar på denne novella.

Den siste teksten i denne serien på tre hentar eg frå Ngugi sin roman Devil on the Cross, dei første sidene i kapittel fire. Det er ein parafrase over Matteus 25. kapittel med allegorien om den trufaste tenaren. Denne teksten er beiskt satirisk og eit skoleeksempel på desillusjonen etter frigjeringa der svarte afrikanarar syg ut sine eigne etter beste ny-koloniale oppskrift. Denne romanen vart omsett til norsk i 1984 og heiter Djevelen på korset. Etter læreplanen i norsk skal det lesas noko omsett litteratur og ein kunne alliere seg med norsklæraren dersom ein ikkje får tak i denne og den førre teksten på engelsk. Dette utdraget vil ein berre trenge ein undevisningstime på. Til slutt bør ein bruke noko tid på å trekke linjer.

Ved å bruke desse tre tekstane får ein gitt både eit historisk og eit litteraturhistorisk riss frå Kenya frå dei siste 70 åra samtidig som ein får lese eksempel på lødig litteratur.

Attende til innhaldslista


FORSLAG TIL ANNA LESNING AV AUST-AFRIKANSK LITTERATUR
Den siste litterære perioden Wright skisserte innan afrikansk litteratur, finn vi ikkje døme på i norske engelskverk for den vidaregåande skolen, men slike døme fins sjølvsagt også i aust-afrikansk litteratur.

Eg vil til slutt nøye meg med å nemne to forfattarar frå Tanzania og ein frå Uganda som alle representerer "a movement away from cultural homogeneity" slik Derek Wright uttrykker det. Det er for det første M.G. Vassanji som er fødd i Nairobi, voks opp i Dar-es Salaam, er utdanna ved MIT i USA og no bur og skriv i Toronto. Vassanji skildrar livet til den indiske delen av folket i Aust Afrika og fekk i 1990 den regionale Commonwealthprisen for Africa for den første romanen sin The Gunny Sack som kom ut i 1989. Til undervisningsføremål har eg tidlegare i u-landskunnskap valfag bruka noveller frå novellesamlinga hans, Uhuru Street, som kom ut i 1991. Vassanji kom med ein ny roman, The in-Between World of Vikram Lall i 2004. Boka er ei familiesoge som mellom anna omhandlar Mau-Mau tida og asiatanes ulike roller. Helon Habila avsluttar bokmeldinga si om romanen i The Guardian slik: "...but of course this is not a book about revolutions. It is mostly about the futility of revolutions, and the triumph of reactionaries."

Den andre nittitalsforfattaren det er verdt å merke seg frå Tanzania, er Abdulrazak Gurnah som no er professor i engelsk ved universitetet i Kent i England. Han kjem frå Zanzibar og tar mellom anna for seg den arabiske delen av folket på Aust Afrika kysten. Romanen hans Paradise er omsett til norsk og vart nominert til Booker prisen i 1994. Boka fortel både ei oppveksthistorie og er ei historisk skildring av slutten på arabisk organisert langdistansehandel til det indre av Tanganyika tett før den tyske koloniseringa.

Personleg synes eg  Admiring Silence frå 1996, er vel så god. Denne romanen skildrar problemet med kva og korleis ein skal fortelje om ein totalt framand kultur til folk som manglar relevante knaggar å henge det på, når ein som hovudpersonen (og Gurnah sjølv) flyttar frå Zanzibar til London. Når hovudpersonen seinare etter mange år reiser tilbake til Zanzibar på besøk og må tilpasse seg ein livsstil han for lenge sidan har forlate, får han dei same problema med å forklare sin engelske veremåte. Det blir både mye alvor og mye komikk av slikt. Den neste romanen hans, By the Sea, frå 2001 fekk også strålande kritikkar og er omsett til norsk. Romanen handlar m.a. om det å vere flyktning i England, men også om familieliv på Zanzibar.

Den siste boka hans, Desertion, frå 2005 handlar om svik i ulike former. Som Laila Lalami skriv i ei bokmelding i The Nation i september 2005: "Kvite menn svik sine innfødde elskarinner, muslimske menn svik sine frigjorte partnarar, og unge, utdanna menn svik Zanzibar for eit behageleg liv i England. Men det er eit anna slags svik som går att  romanen: Det koloniale britiske sviket. Gurnah ser verkeleg ut til å antyde at England sveik sine koloniar som til dømes øya Zanzibar før tida var mogen."

Hausten 2000 vart Abessinske krøniker  skrive av Moses Isegawa frå Uganda utgitt på norsk. Isegawa lever i eksil i Amsterdam og debutromanen hans er skrive på nedarlandsk. Han viser eit fortellartalent som blir samanlikna med Salman Rushdie og Gabriel Garcia Marques og plasserer seg derfor også inn under kategorien "a movement away from cultural homogeneity" etter Derek Wrights klassifikasjon. Han har seinare følgt opp med to nye romanar.

For å oppmuntre kvinner i Uganda til å skrive har kvinneforlaget Femrite spela ei viktig rolle. Sjå eigen artikkel om forlaget her. Ei av dei yngre  Femrite-skrivande kvinnene frå Uganda er Doreen Baingana som vann  Commonwealth litteraturprisen for den beste første boka frå Afrika i 2006 med novellesamlinga Tropical Fish.
Boka består av åtte samanlenka noveller om tre søstrer med ulike skjebner. Vi lærer mest om Christine som flyttar til USA og bur der i åtte år. Dei to siste novellene i boka skildrar på meisterleg vis kulturkollisjonar ved møtet med bylivet i Los Angeles og i den siste novella det reverserte kultursjokket Christine får når ho kjem heim att til Uganda og må tilpasse seg eit samfunn ho lenge har vore borte frå.

Det er elles mye anna aust-afrikansk litteratur å ta av, men det overlet eg til lesarane å finne ut av sjølv.

Attende til innhaldslista | Home | Undervisningsopplegg om samveldelitteratur | Profil


Copyright © 1998-2011. Helga Hoel
Sida vart sist oppdatert 7. februar 2011