[team løver] [hovedside artikler]

09.05.09. Ein ekte Bottecchia

av Halvard Haugen

Eg har lenge vore sjuk på å kjøpe meg ein grom landevegssykkel. Særleg har dei siste års sendingar frå Giro d’Italia og Tour de France stimulert sjukdomssymptoma. Ved eit slumpetreff kom eg over ein pent brukt racer i Skotselv, og som den handlekraftige kar eg er, gjekk handelen i boks utan særleg omrømingstid, sjølv om prisen var stiv.

 

Sykkel er av merket Bottecchia Typhon, og for kjennarar er det eit velklingande namn. Har sykla nokre turar rundt Bergsjø, og det er moro med eit slikt rasedyr av ein sykkel.

 

Som den kulturhistorisk interesserte person eg er, måtte eg sjølvsagt finne litt ut om opphavsmannen til sykkelmerket. På nettet er det rikeleg med treff om ein søkjer på Bottecchia.

 

Ottavio Bottecchia var den første italienar som vann Tour de France. Han vann samanlagt både i 1924 og 1925. Han var også den første av dei få som har hatt den gule trøya frå start til mål i Touren. I 1926 måtte han bryte rittet fordi han vart sjuk. Seinare dette året grunnla han sin eigen sykkelfabrikk.

 

 

  http://www.sorensensykler.no/oslo/sorensen.nsf/bilder/PAG_STORIA_large_(52616).jpg/$FILE/PAG_STORIA_large_(52616).jpg

 

Ottavio Bottecchia omkom under mystiske omstende i 1927, berre 32 år gamal. Han vart funnen skamfaren i vegkanten, men dødsårsaka er framleis uviss. Det vart lansert mange ulike teoriar om kva som hende. Eit uhell var det neppe. Bottecchia var ein erklært motstandar av Mussolini, og nokre hevda at han vart likvidert grunna dette. Ein lokal bonde hevda at Ottavio var på slang i hagen hans, og at han kom til å drepe han då han ville skremme han vekk. Nokre hevda at det var familien som var ute etter ei feit livtrygdingsutbetaling…

 

Under den første verdskrigen var Bottecchia skarpskyttar og sykkel-maskingeværskyttar. Då krigen var slutt, tok han med seg den militære sykkelen og starta sykkelkarriera. Han fekk status som folkehelt hjå dei sykkelgale italienarane, ikkje ulikt hysteriet rundt Marco Pantani 70 år seinare.

Bottecchia var sikkert glad i damer. Han song ofte ei strofe når han såg noko pent langs løypa:

I have seen the most beautiful eyes in the world but never as beautiful eyes as yours”.

Etter at han døydde i 1927, skreiv ei avis:

"Bottecchia was a revelation. His name will stay inseparable from the Tour de France."


I dag vert om lag 50 000 Bottecchia-syklar selde i Europa, og no er det altså i alle høve ein på Modum!!

 

Bottecchia in the 1920s