Jon Grepstad
Photography and Texts






NETGLOS - norsk

The Norwegian version of NetGlos was compiled by Jon Grepstad gjon@online.no

[Please note that the links to the English glossary are broken.]

A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

A


adresseliste
Liste med URL-ar som ein ofte nyttar. Også kalla "hurtigliste".

[engelsk: hotlist]

alias
Eit kortnamn som refererer til ein person eller ei gruppe personar på eit nett. Døme: postlista med namnet Netglos er eit alias eller kortnamn for alle e-postadressene til dei som abonnerer på Netglos på coopnet.org. Når ei e-postmelding blir send til netglos@coopnet.org, blir meldinga automatisk send vidare til alle på postlista. Likeins er ei addresse av typen "webmaster@widgets.com", som ein ofte finn på nettsider (websider), eit alias eller kortnamn for den personen som har ansvaret for å halde nettsidene ved like. All e-post som blir send til denne adressa, blir ruta til web-administratoren.
[engelsk: alias]

anker
I html markerer eit anker byrjing og slutt på ei hypertekst-lenkje.
[engelsk: anchor]

anonym ftp
Sjå ftp.
[engelsk: FTP]

arkiv
Ei samling filer som blir lagra på eit datanett. Kan ofte hentast med ftp.
[engelsk: archive]

autentisering
Eit tryggingstiltak for å stadfeste identiteten til ein nettbrukar.

[engelsk: authentification]

avkryssingsrute
I html gir avkryssingsruter brukaren interaktiv tilgang til ulike typar materiale på ei nettside. Ein klikkar på ei rute eller eit anna element, som i dette dømet:
Ja Nei Kanskje

[engelsk: checkbox]

avlogging
Å kople seg frå, logge seg ut av, eit nettverk eller ein fjernmaskin.

[engelsk: logoff]

B


bandvidd
Den mengd data som kan sendast gjennom eit nettsamband. Bandvidda blir til vanleg målt i bitar per sekund (bps).

[engelsk: bandwidth]

BBS
Eng. Bulletin Board System. Ein BBS er ei elektronisk oppslagstavle. Som regel knyter ein seg til via oppringd linje. Oppslagstavla fungerer som ein møtestad eller ei elektronisk veggavis. Ein BBS kan brukast som debattforum, til opplasting og nedlasting av filer og for tilgang til andre nett-tenester.

[engelsk: BBS]

bokmerke
Ein funksjon på dei fleste nettlesarar. Adresser til lenkjer som ein ofte bruker, kan lagrast i ei bokmerke-fil, slik at ein slepp å leite opp og skrive inn URL-ane kvar gong ein har bruk for nettsidene.

[engelsk: bookmark]

brannvegg
Datamaskinsystem som på Internett vernar eit lokalnett for uautorisert tilgang utanfrå og vernar mot uautorisert bruk av Internett frå maskinar i eit lokalnett.

[engelsk: firewall]

brukaridentitet
Eng. login. Brukarnamn på konto som identifiserer brukaren for systemet. "Log in" brukt som verb vil seie å skrive inn brukarnamn og passord på ein terminal, å " logge seg inn", "logge seg på".

[engelsk: login]

brukarnamn
Namn som blir gitt brukarar på eit nett. Standard er ofte at brukarnamn består av personen sine initialar pluss familienamnet. Døme: Dersom ein person heiter Kari Stardal, blir brukarnamnet kstardal. Å skrive inn brukarnamnet på skjermen på datamaskinen er del av påloggings-prosedyren og identifiserer brukaren for systemet på datamaskinen.

[engelsk: username]

C


D


datatrafikk
Talet på TCP/IP -pakkar som går gjennom eit nettverk.

[engelsk: data traffic]

delevare
Eng. shareware. Programvare som kan lastast nedInternett, og som ein kan prøve ut før ein eventuelt kjøper vara. Brukarar som ønskjer å halde fram med å nytte programvara, blir bedde om å betale ei registreringsavgift (sjeldan meir enn US $100). Til gjengjeld får dei dokumentasjon, teknisk støtte og oppdaterte versjonar av programvara.

[engelsk: shareware]

DNS (domenenamnsystem)
Eng. Domain Name System. Eit databasesystem som omset ei IP-addresse til eit domenenamn. Døme: den numeriske adressa 205.206.106.50 blir omsett til wwli.com.

[engelsk: DNS]

domenenamn
Adressa som identifiserer ein Internett-node. Domenenamn har minst to element. Elementet til venstre er namnet på selskapet, institusjonen eller organisasjonen. Elementet til høgre er toppdomenet. Det kan stå for eit land, t.d. no for Noreg og fr for Frankrike, eller for typen institusjon: com for kommersielle føretak; edu for utdanningsinstitusjonar osb. IP-addressa blir omsett til domenenamn av DNS.

[engelsk: domain name]

E


elektronisk utstillingsvindauge
Eit virtuelt rom i eit elektronisk varehus. Eit område på ein tenar (som regel på web) der ein finn ei samling html-dokument.

[engelsk: electronic storefront]

elektronisk varehus
Eit virtuelt kjøpesenter der ein kan sjå på og kjøpe produkt og tenester direkte oppkopla, kybermarknad.

[engelsk: electronic mall]

emotikon
Eit symbol som kompenserer for fråveret av ikkje-verbale kodar når ein kommuniserer på Internett. Døme: <g> tyder på nettengelsk "grin" (breidt smil, flir), symbola :} eller :-} "smil" når dei blir brukte i ei e-postmelding. I dette tilfellet gir dei lesaren eit signal om å ikkje ta utsegna alvorleg. På norsk har "emotikon" blitt kalla "ascii-kroppsspråk".

[engelsk: emoticon]

e-post (elektronisk post)
Ein måte å sende meldingar mellom maskinar tilknytte eit lokalnett eller fjernnett.

[engelsk: e-post]

F


fast linje
Ei telekommunikasjonslinje som gir ein datamaskin direkte og permanent samband til Internett.

[engelsk: dedicated line]

finger
Eit program på Internett som hjelper ein med å finne personar på ein maskin på nettet.

[engelsk: finger ]

fjerninnlogging
Ein kan logge seg inn på ein fjernmaskin ved hjelp av eit brukarprogram basert på telnet - ein protokoll for terminalemulering. Brukaren kan skrive inn kommandoar på sitt eige tastatur og få tilgang til filer osb. på ein fjernmaskin plassert kvar som helst i verda.

[engelsk: remote login]

flammepost
Ein sint kommentar eller ei irritert melding i ei nyheitsgruppe eller postliste, ofte retta mot ein brukar som har brote nettiketten på ein aller annan måte. Også kalla "flaming" på norsk.

[engelsk: flame]

frinett
Ein organisasjon som tilbyr tilgang til Internett for ålmenta gratis eller svært billig.

[engelsk: freenet]

frivare
Også kalla "gratisvare". Gratisprogram som finst på Internett, og som kan spreiast vidare.

[engelsk: freeware]

ftp
Eng. File Transfer Protocol. Ein måte å flytte filer over nettverk. Med ftp kan ein logge seg inn på ei Internett-adresse og laste ned eller sende filer. Somme stader har opne filarkiv der ein får tilgang via ftp med brukarnamnet "anonymous" og e-post-addressa som passord. Dette blir kalla anonym ftp.

G


H


heimeside
Førstesida i ei samling nettsider. Fungerer som utgangspunkt for vidare navigering.

[engelsk: home page]

html
Eng. Hypertext Markup Language. Formateringsspråk (tekstkodingsspråk) som blir nytta for å lage web-dokument. Html-kodane avgjer korleis ein tekst skal sjå ut. Filer in html-format blir lesne med ein nettlesar.

[engelsk: HTML]

hyperlenkje
Lenkjer i html-dokument som ein kan klikke på for å gå til andre webfiler. Også kalla "kopling" eller "peikar".

[engelsk: hyperlink]

hypermedia
Multimedielenkjer på web som er knytte til lyd-, grafikk-, video- eller tekstfiler.

[engelsk: hypermedia]

hypertekst
Eit uttrykk skapt av Ted Nelson for å omtale ikkje-lineære system for informasjonssanking og -lesing. Hypertekst har tilknytingspunkt (lenkjer, koplingar eller peikarar) til andre relevante dokument. Hypertekst er det grunnleggjande organisasjonsprinsippet for WWW.

[engelsk: hypertext]

I


indirekte oppringd linje
UNIX-basert konto for indirekte, kommandolinje-basert tilknyting til Internett.

[engelsk: shell account]

inngangsmeny
Eng. database front end. I samband med Internett er dette eit grensesnitt som integrerer web-program med avanserte databaseprogram.

[engelsk: database]

innlagt bilete
Innlagd grafikk som blir vist av ein nettlesar som del av eit html-dokument, og som blir henta saman med dokumentet.

[engelsk: inline image]

innskoten hyperlenkje
Ei hyperlenkje som er innskoten eller nedfelt i eit stykke tekst.

[engelsk: embedded hyperlink]

innstillingar
Eit sett med parameter på eit program, t.d. på nettlesarar, som m.a. gjeld tilknyting av signaturfil til e-post- eller nyheits-artiklar, val av fargar, teksten sin utsjånad osb.

[engelsk: preference]

Internett
Ein verdsomspennande vev av datanett som utvekslar informasjon gjennom TCP/IP-protokollar. Kan på norsk også skrivast "Internettet".

[engelsk: Internet]

Internett-konto
Konto hos ein tenesteleverandør som gir tilgang til Internett.

[engelsk: Internet account]

IP-addresse
Internett-protokollen sitt adressesystem - numerisk adresse som kan omsetjast til eit domenenamn av DNS.

[engelsk: IP]

ISDN
Eng. Integrated Services Digital Network. Digitale telekommunikasjonslinjer med to kanalar som til saman kan ha ein kapasitet på 128 kbps.

[engelsk: ISDN]

J


K


klient
Ein fjernmaskin kopla til ein vertsmaskin eller tenar. Blir også brukt om dei programma som gjer oppkoplinga mogleg.

[engelsk: client]

klikkbart bilete
Grafikk der ulike delar er knytte til ulike hyperlenkjer. Ein kan klikke på byar på kart og få fram tilknytte bilete og annan informasjon om kvar stad. Døme: Honolulu Community College har laga eit interaktivt campus-kart som gir informasjon om kvar bygning, opningstider osb.

[engelsk : clickable image]

kryptering
Ein måte å gjere data uleselege for andre enn mottakaren. I veksande grad ein vanleg framgangsmåte for å sende kredittkortnummer på Internett i samband med forretningar.

[engelsk: encryption]

kryssposte
Å poste ei melding til fleire nyheitsgrupper samtidig - noko som til vanleg blir sett på med kritiske auge i Internett-kulturen. Sjå også spamming.

[engelsk: cross-post]

kule
I html er ei kule (eng. bullet) eit stort punkt som blir brukt til å skilje mellom element i ei liste på ei nettside.

[engelsk: bullet]

kyberrommet
Svarar til eng. "cyberspace". Eit uttrykk skapt av forfattaren William Gibson i romanen "Neuromancer". Kyberrommet blir no brukt om den digitale opplevingsverda på datanetta, særleg på Internett. Andre ord som blir nytta: "digitalt rom", "kyberlandskap", "kybernetisk rom".

[engelsk: cyberspace]

L


laste
WWW blir html-dokument and grafikk lasta av nettlesaren når ein koplar seg til ein URL.

[engelsk: load]

laste ned
Å hente filer frå ein datamskin til ein annan. Den vanlegaste framgangsmåten på Internett er å bruke ftp.

[engelsk: download]

leigd linje
Refererer til ei fast telefonlinje ("dedikert linje") som blir leigd kontinuerleg for datakommunikasjon døgnet rundt frå ein brukar til eit anna punkt. Dei raskaste sambanda krev leigd linje.

[engelsk: leased]

lenkjetekst
Den delen av eit hypertekst-dokument som har ei innskoten hyperlenkje.

[engelsk: hotspot]

loggfil
Ei fil som registrerer nettoppkoplingar.

[engelsk: log file]

lydspelar
Eit hjelpeprogram for ein nettlesar for å spele av lydfiler.

[engelsk: player]

M


MIME
Eng. Multipurpose Internet Mail Extensions. Eit tillegg til den tradisjonelle e-post-protokollenInternett. Gjer det mogleg å sende og ta imot som vedlegg til vanleg e-post binærfiler eller andre filer enn tekstfiler (grafiske filer, dataprogram, lydfiler osb.).

[engelsk: MIME]

modem
Eit apparat som omset digitale data frå datamaskinen til analoge signal. To eller fleire datamaskinar som er kopla saman over telefonlinjer kan såleis utveksle filer eller kommunisere med kvarandre på andre måtar.

[engelsk: modem]

N


navigere
Å bevege seg rundt omkring på WWW ved å følgje hypertekst-vegar frå dokument til dokument på ulike datamaskinar.

[engelsk: navigate]

nettbuar
Nettbrukar på Internett. Nettmenneske.

[engelsk: netizen]

nettikette
Reglar for etikette som fungerer som rettesnor for interaksjonen på Internett. Brandon University har ei nettikette-guide for nybyrjarar som ein finn i nettsidene deira.

[engelsk: netiquette]

nettlesar
Eit anna namn for ein web-klient, eit program som gir tilgang til dokument på WWW. Nettlesarar kan vere anten tekst-baserte eller grafiske.

[engelsk: browser]

nyheitsgruppe
Eit debattforum på Internett som minner om det ein finn på lokale BBS-ar. Det finst no om lag 15 000 ulike grupper for eit vidt spektrum av emne. Gruppene blir distribuerte av eit UNIX-basert nett.

[engelsk: newsgroup]

nyheitslesar
Program for å lese nyheitsgrupper.

[engelsk: newsreader]

nyheitstilførsel
Samband til ein tenesteleverandør som lastar ned nyheitsartiklar. Kan også kallast "nyheitsmating" eller "nyheitsforing".

[engelsk: newsfeed]

Nytt i desse sidene
Den delen i ei heimeside som fortel om dei siste endringane og oppdateringane.

[engelsk: what's new]

O


oppkopla
Eng. online. Når ein bruker nettsambandet, via modem eller fast linje, er ein oppkopla. I somme samanhengar kan ein bruke "på nettet" eller "direktekopla".

[engelsk: online]

oppringd linje
Ein vanleg type Internett-konto som let brukaren ringje opp ein maskin hos ein tenesteleverandør via modem. Kontoane har til vanleg UNIX- eller andre linjeorienterte grensesnitt.

[engelsk]

OSS
Ofte stilte spørsmål (eng. Frequently Asked Questions). Eit dokument med dei mest vanlege spørsmåla som blir posta til ei nyheitsgruppe.

[engelsk: FAQ]

P


pakke
Ein bunt med data send over eit nett. Protokollane som blir nytta, avgjer pakken sin storleik og oppbygnad.

[engelsk]

passord
Ein hemmeleg kombinasjon av bokstavar og symbol som ein skriv for logge seg inn på ein datamaskin eller eit nett av datamaskinar.

[engelsk: password]

peikar
Ei lenkje eller "kopling" på ei nettside til andre dokument eller filer.

[engelsk: pointer]

plattform
Eit anna namn for eit operativsystem, t.d. UNIX, DOS, Mac osb.

[engelsk: platform]

POP(-protokoll)
Eng. POP (Post Office Protocol), ein protokoll for å hente post frå ein tenar ved hjelp av ein klient.

[engelsk: POP]

portnar
Eit datamaskinsystem som gjer det mogleg å utveksle informasjon på tvers av inkompatible nett med ulike protokollar. Døme: mange kommersielle føretak har e-post-portnarar for å sende meldingar til Internett-addresser.

[engelsk: gateway]

postbombe
Det å overfløyme ei e-post-addresse med (som regel aggressive) meldingar.

[engelsk: mail-bomb]

poste
Når abonnentar på nyheitsgrupper og postlister vil ta del i diskusjonen, sender eller postar dei artiklar eller kommentarar til gruppa eller lista.

[engelsk: post]

postfilter
Eit program som gjer det mogleg for ein brukar å sortere e-postmeldingar på grunnlag av informasjonen i meldingshovudet.

[engelsk: mail-filter]

postliste
Også kalla distribusjonsliste, listesystem eller berre liste. Eit debattforum der deltakarar kan abonnere på lista og motta meldingar som e-post.

[engelsk]

postmeister
Eit alias på ein post-tenar for å administrere ruting av e-post.

[engelsk: postmaster]

postsvarar
Ein e-posttenar som svarar automatisk på førespurnader om informasjon.

[engelsk: mailbot]

protokoll
Reglar for korleis datamaskinar skal snakke saman på eit nettverk.

[engelsk]

pålogging
Det å kople seg til eit nettverk eller ein fjernmaskin.

[engelsk: logon]

Q


R


radioknapp
Brukt i skjema for å markere ei liste med element eller postar. Ein kan velje berre ein knapp om gongen Her er eit eksempel:
    Dyr
    Plante
    Mineral


[engelsk]

redigert postliste
Postliste der meldingar først blir sende til listeeigaren før dei blir sende vidare til alle abonnentane.

[engelsk: moderated]

rutar
Maskinvare (eller programvare) som kan knyte eit lokalnett til Internett. Rutarar les mottakaradressene på datapakkana og avgjer kva veg dei skal sendast for å nå fram til adressatane.

[engelsk: router]

S


samtale i sanntid
Internett kan ein føre direkte tekstbasert samtale. Dei vanlegaste programma er Talk og IRC (Internet Relay Chat). Programma kan kallast "prateprogram".

[engelsk: chat]

server-side include
Ei fil eller ein verdi i ein systemvariabel ("environment variable") som blir teken med i eit html-dokument, slik at informasjon om siste endringar, filstorleik og forfattar kan inkluderast automatisk.

[engelsk]

signaturfil
Ei fil som blir automatisk knytt til utgåande e-post-meldingar og postingar til nyheitsgrupper.

[engelsk: signature]

skjema
Felt i html-dokument som brukararane kan skrive i. Ein kan skrive inn kommentarar, bestille varer eller søkje etter informasjon med slike skjema.

[engelsk: feedback form]

skript
I samband med WWW er eit skript eit program som ein køyrer på ein web-tenar og som behandlar førespurnader frå nettlesarar.

[engelsk: script]

SLIP/PPP
For å kople seg opp mot Internett via Serial Line Internet Protocol (SLIP) eller Point to Point Protocol (PPP) må ein ha TCP/IP-programvare på datamaskinen. Når ein er oppkopla via SLIP/PPP, blir datamaskinen ein ny node på Internett. Ein kan dermed køyre vanlege klient-program direkte. Dette er ein føremonn samanlikna med indirekte oppringd linje der ein må laste ned to gonger for å hente ei fil ved hjelp av ftp fordi dataa først går til nettverket og deretter til den lokale maskinen. Dette blir forklart nærmare i eit dokument av Harry Kriz Windows and TCP/IP for Internet Access .

[engelsk: PPP]

SMTP
Simple Mail Transfer Protocol - standard-protokollen for e-postInternett.

[engelsk: SMTP]

spamming
Å kryssposte til nyheitsgrupper utan å ta omsyn til om emnet er relevant eller ikkje for det som blir diskutert i nyheitsgruppa. Ofte er slike postingar rein reklame med titlar som Make money fast! Dette emnet blir drøfta meir i detalj på nettet i eit dokument frå Brandon University. I dag blir slik "søppelpost" gjerne send som massesendingar på e-post.

[engelsk]

stamnett
Hurtige linjer på Internett som tener som sentrale tilknytingspunkt for andre nett.

[engelsk]

støtte for skjema
Ein funksjon på mange nettlesarar - er det mogleg å vise interaktive skjema.

[engelsk]

subnett-maske


[engelsk: subnet mask]
surfe
Å søkje informasjon i nettverdaWWW ved å navigere på nettet.

[engelsk: surf]

søkjemaskin
Program på Internett som gjer det mogleg å søkje gjennom store databasar med informasjon.

[engelsk: search]

T


taggar
Taggar er formateringskodar for html-dokument på WWW. Taggar kan vere enkle eller samansette. Døme: koden for fast linjeskift er enkel, <br>, mens koden for halvfeit eller feit skrift er samansette taggar. Samansette taggar har ein startkode og ein sluttkode <b> </b>.

[engelsk: tag]

TCP/IP
Transmission Control Protocol (TCP) og Internet Protocol (IP) er protokollar som gjer det mogleg for ulike typar datamaskinar å kommunisere med kvarandre. Internett byggjer på dette protokoll-settet.

[engelsk]

tekstbasert nettlesar
Ein nettlesar som ikkje støttar hypermediefiler.

[engelsk]

tenar
Ein vertsmaskin på eit nett som svarar på førespurnader om informasjon frå tenaren. Uttrykket tenar blir også brukt om programvara som gjer dette mogleg.

[engelsk: server]

tenesteleverandør
Eit selskap som tilbyr ulike typar Internett-kontoar til organisasjonar og enkeltpersonar.

[engelsk: ISP]

tilknytingspunkt
Eng. POP (Point of Presence). Nærmaste node (knutepunkt) for ein brukar - som regel tenesteleverandøren eller telefonselskapet. Relevant når ein bestiller leigd linje fordi ein må betale for avstanden.

[engelsk: POP]

treff
I samband med WWW refererer treff til tilslag ved søking etter html-dokument på ein tenar.

[engelsk: hit]

U


under bygging
Eit uttrykk som blir brukt for å omtale nettsider som er i ferd med å bli bygde opp. Ikonet: blir ofte nytta for å fortelje at nettsidene ikkje er ferdige.

[engelsk: under construction]

URL
Eng. Universal Resource Locator. Ei adresse som fortel nettlesaren kvar bestemte Internett-dokument eller filer finst på nettet.

[engelsk: URL]

utlogging
Kommando som ein skriv, t.d. logout eller eit liknande ord ("exit", "quit" osb) for å logge seg ut av eit nett.

[engelsk: logout]

V


vertsmaskin
Datamaskin som fungerer som tenar.

[engelsk: host]

virtuell
Eit adjektiv som refererer til objekt, aktivitetar o.l. som eksisterer eller blir utførte i kyberrommet eller "nettverda". Døme: på WWW finst det virtuelle eller elektroniske varehus og utstillingsvindauge.

[engelsk: virtual]

visingsprogram
Program som blir brukt for å sjå på eksterne grafiske filer i html-dokument. Innlagde bilete treng ikkje eigne framvisarar, men blir viste av nettlesaren sjølv.

[engelsk: html]

W


web-administrator
Den personen som har ansvaret for å administrere ei samling sider på web.

[engelsk: WWW]

WWW (World Wide Web)
Eit hypermedie basert system som gir tilgang til stoff Internett . Blir ofte kalla web. Ein kan laste ned tekstfiler, lytte til lydfiler, sjå video-filer og gå vidare til andre dokument på Internett ved å klikke på hyperlenkjer.

[engelsk: WWW]

X


Y


Z


Æ


Ø


Å




All parts of the NetGlos glossary are copyright © 1995, 1996 by WorldWide Language Institute,
as well as by the many individuals who have contributed to its development. Send comments or suggestions about NetGlos to netglos@wwli.com

Document update: November 15th, 1998


Last technical update 18 February 2007.

Jon Grepstad gjon@online.no

| Home | Netglos | Glossaries of Internet and Computer Terms | Artiklar |