|
Jon Grepstad Artiklar
|
Unix for fotgjengararJon Grepstad1 InnleiingDette er ein "hugselapp" for fotgjengarar i nettverda som stundom har bruk for å logge seg inn på ein Unix-maskin. Framstillinga tek for seg dei mest grunnleggjande kommandoane.
2 Kva er Unix?Unix er eit fleirbrukars-operativsystem, som er vel 20 år gammalt, som har utvikla seg opp gjennom åra, og som finst i noko ulike versjonar. At det er er eit fleirbrukars-operativsystem vil seie at fleire brukarar kan nytte same Unix-maskinen samstundes. Operativsystemet deler ressursane mellom brukarane.På ein Unix-maskin kan ein mellom anna drive med
3 Å logge seg på og avDersom ein ikkje har ein terminal som er direkte kopla til Unix-maskinen, loggar seg inn ved hjelp av eit fjerninnloggingsprogram. Når datamaskinen har kontakta Unix-maskinen, får ein opp eit skjermbilete med mellom anna denne teksten:login: Ein skriv inn brukarnamnet, til dømes: login: gjon Etter linjeskift får ein opp denne teksten:
login: gjon Ein skriv passordet og er inne på Unix-maskinen. Som regel blir ein møtt av "dagens tekst" ("motd"), som fortel t.d. kva versjon av Unix maskinen har, og som opplyser når nokon sist var innlogga på kontoen:
login: gjon
Ver merksam på at Unix skil mellom store og små bokstavar.
4 Å få oversyn over katalogarNår ein loggar seg på Unix-maskinen, kjem ein inn i heimekatalogen. Ein får oversikt over filer eller katalogar med kommandoen ls.
oslonett.no% ls
5 Å bevege seg rundt omkringPromptet - klarmerket - på ein Unix-maskin kan ha ulik utsjånad. Ofte er det% eller $ Etter klarmerket skriv ein kommandoane. Katalogane er hierarkisk ordna. Ein får vite kva katalog ein står i (arbeidskatalogen) når ein skriv kommandoen pwd. Døme:
oslonett.no% pwd Kommandoen pwd er ei avkorting for "print working directory". Ein beveger seg til ein annan katalog ved hjelp av kommandoen cd katalognamn. Døme: cd samla_skrifter Kommandoen cd er ei avkorting for "change directory". Med kommandoen cd .. går ein opp eitt nivå. Med kommandoen cd utan parameter kjem ein alltid attende til heimekatalogen.
6 Å lage og fjerne katalogarFor å opprette ein ny katalog nyttar ein kommandoen mkdir katalognamn.Døme: mkdir posthume_skrifter Ein fjernar ein katalog med kommandoen rmdir katalognamn. Berre tome katalogar kan fjernast på denne måten.
7 Å få hjelp og rettleiingKommandoen man (avkorting for "manual") gir oss Unix-hjelp. Kommandoen må ha eit parameter, t.d. man mail.Kommandoen man -k ord listar opp overskrifter i handboka som inneheld det aktuelle ordet. -k står for "keyword". Døme:
oslonett.no% man -k talk ytalk (1) - A multi-user chat program. keyenvoy (8c) - talk to keyserver talk (1) - talk to another user talkd, in.talkd (8c) - server for talk program 8 Tid og rom. Og kven er vi?Med kommandoen pwd får vi som nemnt vite kva katalog vi står i.Med kommandoen date får vi vite dag og tid. Med kommandoen cal får vi kalenderen for månaden vi er i. Legg vi til parameter for eit bestemt tidsrom, får vi kalenderen for dette tidsrommet. Døme:
oslonett.no% cal 7 1944
July 1944
S M Tu W Th F S
1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31
Med kommandoen who får vi vite kven vi omgåst - dvs. kven som som er pålogga Unix-maskinen, når dei logga seg på, og kvar dei logga seg på ifrå.Og med kommandoen who am i får vi vite kven vi sjølve er - sett frå Unix-maskinens synsstad, dvs. brukarnamnet og dessutan tidspunktet for pålogging:
oslonett.no% who am i sinsen.sn.no!gjon ttyud Sep 20 14:25 (pc4.sprakrad.no) oslonett.no%
9 Andre eksistensielle spørsmålFor å finne ut om eit program finst på Unix-maskinen, tastar vi kommandoen which namn:
oslonett.no% which pine /local/bin/pine oslonett.no%Namnet vi tastar etter which, er kommandoen som startar det programmet vi spør etter, t.d. telnet, talk, lynx, pine, emacs.
10 Å føre ein intelligent samtale med Unix-maskinenEin kan kome langt med eitt og to ord når ein samtalar med Unix-maskinen: kommando og ev. tilleggsord. Men lenger kjem ein når ein tek i bruk heile syntaksen i Unix-språket:kommando val parameter (eng.: command option parameter) Døme: man -k mail Kva val og parameter som kan nyttast i samband med ein bestemt kommando, får ein vite med kommandoen man kommando. Spør ein man ls, finn ein mellom anna desse vala med forklaringar:
OPTIONS
-a, --all
List all files in directories, including all files that
start with `.'.
-b, --escape
Quote nongraphic characters in file names using alpha-
betic and octal backslash sequences like those used in
C.
-c, --time=ctime, --time=status
Sort directory contents according to the files' status
change time instead of the modification time. If the
long listing format is being used, print the status
change time instead of the modification time.
-d, --directory
List directories like other files, rather than listing
their contents.
-f Do not sort directory contents; list them in whatever
order they are stored on the disk. The same as ena-
bling -a and -U and disabling -l, -s, and -t.Av dette ser vi mellom anna at kommandoen ls -a listar opp alle filer, også løynde filer som startar med teiknet "." , t.d. .plan. Jokerteikn i Unix er * og ? ? står for eit kva som helst enkelt teikn. * står for ei gruppe teikn. Døme:
rm a* = fjern alle filer som byrjar på "a" i arbeidskatalogen. Ein må vere varsam når ein nyttar jokerteikn i samband med kommandoar som rm.
11 Meir om filerMed kommandoen cat> filnamn kan ein opprette ei fil. For å opprette fila poem skriv vicat> poem Deretter skriv vi teksten som fila skal innehalde. Vi avsluttar med kommandoen Ctrl + D. Døme:
oslonett.no% cat> poem Hu hei! kor er det vel friskt og lett upp paa fjellet. Her leikar vinden i kaate sprett upp paa fjellet, og foten dansar og augat lær, og hjartat kveikjande hugnad fær upp paa fjellet.For å vise innhaldet i ei fil på skjermen skriv vi cat filnamn. Er fila lang, rullar ho nedover skjermen. For å lese ein skjerm om gongen nyttar vi kommandoen more filnamn. På somme Unix-maskinar gjer kommandoen pg filnamn same jobben. For å kopiere ei fil til ein annan katalog skriv vi cp filnamn katalognamn. Døme:
cp poem samla_skrifter For å flytte ei fil til ein annan katalog skriv vi mv filnamn katalognamn. Døme:
mv poem works_in_progress For å slette ei fil skriv vi rm filnamn. Ein bør vere varsam når ein brukar kommandoen rm. Kommandoen slettar den aktuelle fila utan spørsmål. Det er fornuftig å gjere det til ein vane å bruke kommandoen saman med tillegget (valet) -i. Dermed får ein spørsmål om fila skal slettast. Ein svarar y eller n på spørsmålet. I dette tilfellet er det fila test1 som skal slettast:
oslonett.no% rm -i test1 rm: remove `test1'?
12 Kort om program på UnixPå Unix-maskinar ligg som regel ei rad program som følgjer med operativsystemet. Ein finn postprogram som mail, pine, elm, ein avansert editor som heiter emacs, nettlesaren lynx, filoverføringsprogrammet ftp, fingerprogrammet finger, fjerninnloggingsprogrammet telnet og prateprogrammet talk. Også andre program kan finnast på maskinen, t.d. archie, gopher og irc.For å finne ut om eit bestemt program finst på maskinen, skriv ein which programnamn. Programnamnet er samstundes kommandoen ein nyttar for å gå til vedkomande program, t.d. mail.
13 Ledig plassMed kommandoen du finn vi ut kor mykje plass vi har brukt på disken. du står for "disk used".Døme:
oslonett.no% du 4480 ./www_docs 4 ./test/prove 12 ./test 8 ./mail 4 ./samla_skrifter 4 ./Mail 4 ./.elm 4584 . 14 Oppsummering av kommandoar
Meir om Unix:
September 1997. Sist ajourført 25. oktober 2008. © Jon Grepstad gjon@online.no
|