Otto Torvik (1901-1988) var norsk misjonær i Øst-Turkestan og i India,
og han skipa Den Norske Muhammedanermisjon (NMM) i 1940 (nå: Kristen
Muslimmisjon - KMM).
Av Nils Dybdal-Holthe
____________________________
1.1 Slekt og heimstad
1.2 Utdanning
1.2.1 Noreg
1.2.2 USA
2.1 Islam
2.2 Problemet
2.2.1 Vanskar
2.2.2 Ingen organisasjon
2.3 Misjonær
2.3.1 Øst-Turkestan
2.3.2 Noreg førebuing
2.3.3 Krigen og etter krigen
2.3.4 India
2.4 Misjonsleiar i Noreg
2.4.1 Generalsekretær
2.4.2 Predikant
3.1 I Noreg
3.2 I andre land
3.2.1 Øst-Turkestan
3.2.2 India
3.2.3 Andre land
4. Skrifter
5. Litteratur
______________________
Otto Torvik er så sentral i organisasjonen Den norske
Muhammedanermisjon, at desse to er mykje fletta inn i kvarandre. Soga om Torvik
vert difor og noko av soga til misjonen. Difor vert nokre hovudliner av
organisasjonen i Torvik si levetid tekne med.
Slekt
og heimstad
Otto Torvik var frå Romsdal. Han
vart fødd i Bolsøy sokn 12. juni 1901, og mora var
sjuk då han vart fødd. Difor bad ho Gud om å bruka guten i si teneste. Etter
folkeskulen gjekk han på Rauma folkehøgskule og fekk misjonskall den vinteren,
og det klårna etter kvart: Han måtte verta misjonær! Då gjekk turen til
Misjonsskulen på Fjellhaug i Oslo. Det norsk lutherske Kinamisjonsforbund dreiv
skulen. Far til Otto Torvik var Ingebrigt Taraldsen frå Torvik i Romsdal. Han var bonde og
lekpreikar.
Utdanning
Noreg
og USA
Etter 5 ½ år på Fjellhaug var
han ferdig – etter fire år tok dei på den tida lærarprøva. Nå var han både
lærar og misjonær. Det var i 1927. På Fjellhaug gjekk han saman med andre
kjende misjonærar, t.d. Asbjørn Aavik som reiste til i Kina.
Etter tida på Fjellhaug ville
Torvik ta meir utdaning. Difor reiste han til Amerika og gjekk på Augsburg Seminary i Minneapolis
der han tok magistergrad i teologi der eitt av bifaga
var Islam. I ferien var han vikarprest på prærien i Sør-Dakota.
Presten Hemmingsen hadde mange bøker, og Torvik las med interesse ei bok av
muslimmisjonæren Samuel M. Swemer d. 1952. Det var der han fekk opne augo for
muslimar (då vart dei kalla muhammedanarar) og kjende kallet til å arbeida
mellom dei. Swemer skreiv om muslimane i Persia og austover ved Himalaya mot
Kina og skriv: ”Me treng pionerar i Guds rike.” Nå var frøet sådd: Dette var
livsoppgåva hans. Dette kallsoppdraget heldt han fast på heile livet.
Sentral-Asia var hans arbeidsplass.
Islam
I Sentra-Asia
var det mange muslimar, og dette folket ville Torvik reisa til. I 1920-åra
rekna dei med om lag 900 000 muslimar i verda og var slik den største
religionen. Om dei rekna alle kristne kyrkjsamfunn
under eitt, vart [[Islam]] neststørst. Før vart dei kalla muhammedanarar, og har då
namn etter han som skipa religionen, Muhammed i Arabia. Han var fødd ikr. 570 e. Kr. i Mekka i det nåverande Saudi-Arabia, d. 632.
Far hans var av fin slekt, men Muhammed vart tidleg utan foreldre. 25 år gammal
gifte han seg med den 40 år gamle rike enkja Chadidja.
Då Muhammed var 40 år, vart
han profet for sitt eige folk, men dei møtte han med mistru. I 622 drog han ut
frå Mekka til byen Jatrib som fekk namnet Medina (profetbyen). Denne utferdsdagen vert kalla Hidjra som tyder brot, og er utgangspunktet for
arabisk/muslimsk tidsrekning. Der fekk han framgang, og 8 år etter tok han
Mekka med makt, og den vart hovudsetet for Islam. Berre to år etter døydde han.
Då vart det snart maktkamp mellom tilhengarane og etter kvart oppstod det to
store retningar i Islam som me framleis finn: sunnittar og shi’ittar.
Seinare har fleire andre grupper stått fram med utgangspunkt i Islam, t.d. Ahmadiya-rørsla.
Koranen er Islam si
grunnbok. Ordet tyder opplesing eller resitasjon. Boka er delt inn i 114 surer
(kapittel), men den er ikkje ordna kronologisk. Generelt kan ein seia at dei
lengste surene er plassert først og vert rekna som yngst. Dei korte og eldste
står då sist, med unnatak av Sura 1 som er kort og er ei slags inngangsbøn.
Muslimane ser på Koranen som ei heilag og ufeilbar bok, og er kopi av ein himmelsk
original.
Læra i Islam vert samanfatta
i 5 grunnpilarar eller søyler. Heile Islam kviler på dei. Truvedkjenninga er
mest kjend: Det er ingen gud utan Allah, og Muhammed er profeten hans. Den som
seier det, er ein muslim. Dei bed fem gonger kvar dag, vend mot Mekka. Ein
muslim skal gje almisse til sjuke og
fattige og fasta, særleg i månaden Ramadan. Ein
muslim bør òg dra på pilegrimsreis til Mekka minst ein gong i livet.
I Koranen står det om Jesus,
der han er kalla Isa al Masih. Han er ein stor profet
og var ein historisk person. Men han er ikkje Gud og døydde ikkje for syndene
våre. Difor er han ikkje frelsar i Islam.
Problemet
Problemet Torvik stod ovafor
var av fleire slag. Hovudproblemet var eit feil folkeslag utan Gud og frelse,
slik kristendommen ser det. Muslimane hadde sin eigen religion og sin eigen veg
til Paradis. Men førde vegen fram til målet? Det var problemstillinga.
Problemet var difor ikkje at
dei levde umoralsk eller var dårlege menneske. Og heller ikkje at alle var
fattige og trong humanitær hjelp og bistand.
Vanskar
I Noreg møtte han eit anna
problem eller vanske. Arbeidet mellom desse folk var vanskeleg og tungt.
Muslimmisjon var ein heilt spesiell misjon. Han krev kanskje meir av misjonæren
enn noko anna arbeid. Det er skilnad på folk, kor samanvakse dei er med sin
religion. Han skjøna at muslimar var meir eitt med Islam enn mange andre.
Ingen
organisasjon
Det var heller ingen eigen
organisasjon som hadde dette som sitt spesialfelt. Nokre misjonsselskap
arbeidde i land der det var muslimar. Men det var ikkje hovudsaka for
misjonane. Det kunne sjå ut som om nokre selskap faktisk unngjekk område med
muslimar. Skulle Torvik koma ut som spesiell muslimmisjonær, såg det ut som om
han måtte ha ein ny organisasjon. Nokre som såg dette som sitt spesielle kall.
Men dette såg han ikkje i byrjinga, det gjekk nokre år før det dukka opp.
Misjonær
Då Torvik kom heim frå
Amerika, var det generalforsamling i Drammen i 1930 i Kinamisjonsforbundet der
han høyrde til. Då skulle dei ta opp spørsmålet om Torvik skulle reisa ut som
muslimmisjonær. Misjonsfolket vedtok då at han skulle reisa til Øst-Turkestan
og byrja arbeid der. Berre 28 av 204 utsendingar stemde mot dette framlegget.
Det var i Himalaya-området. Han hadde folk i Noreg bak seg då han reiste.
Øst-Turkestan
Landet ligg inneklemt mellom
tidlegare Sovjet-stater, Kina, Kasjmir og Tibet. Det
var fjell-landskap med fjelltoppar på 7-8000 meter over havet. Dit skulle
Torvik. Seinare vart landet ein provins i Kina og kalla Sinkiang.
Saman med sju andre reiste han austover mot Himalaya. Det var hausten 1931.
Nokre svenske misjonærar skulle same veg, og dei vart til god hjelp for Torvik.
Det var ei strabasiøs reis.
Dei mista mange trekkdyr på vegen opp gjennom fjella
frå Nord-India. Torvik talde 80 døde dyr på ein halvtime medan dei reid
bortover ”dødsvegen”, dei kalla han. Maten minka og
stemninga var ikkje høg. Menneske hadde òg sett livet til her. 10. november
nådde dei fram til byen Kuldja etter tree månader på reis. Han sende straks rapport
heim om turen, og Torvik var flink til å skriva heim om arbeidet.
Lang tid gjekk med til
undersøkingar. Då hadde han hjelp av dei svenske misjonærane, dei var utsende
av Misjonsforbundet. Politiske tilhøve gjorde at han måtte endra planar fleire
gonger. Fire år var han i Øst-Turkestan. Før han reiste heim, fekk han døypa
ein ung kjøpmannsson, Abdulla Jan.
Fru
Wiebe
Ein ung lærar med kone og to døtre hadde flykta frå Russland av religiøse grunnar. Det
var lærar Heinrich Wiebe og
kona Helene og døtrene frå Kirgisistan. Dei var
nybyggarar i Ilidalen ikkje langt frå Kuldja. Men her døydde Heinrich i 1933.
Helene hjelpte til i misjonen,
og etter to år vart dei forlova og Torvik skreiv heim om saka. Regelen var slik
då at ekteskap måtte godkjennast av leiinga i misjonen. Begge skulle arbeida i
misjonen.
I 1935 skulle dei reisa heim.
Det var politisk uro i landet. I vest stod Sovjet og ville ta landet. Og i aust
var Kina som og var interessert. Helene var flyktning utan pass og ville få
vanskar med å koma ut. Men Torvik tok henne med gjennom Russland til Noreg på
ei dramatisk reis. Mellom anna vart dei haldne 18 dagar i arrest av
kommunistane i Alma Ata. Den norske konsulen hjelpte
dei trygt fram.
Noreg
førebuing
Torvik var nå tilsett i
Kinamisjonsforbundet i Noreg. Han var godt likt som talar der han reiste og var
mykje nytta på sumarskular og ein tid på Fjellhaug. Han stod og i rik vekking
eit par stader.
Men tanken på muslimane kunne
han ikkje verta fri. Det var samtalar med leiinga i misjonen om ny utreis.
Misjonen skulle nå teke til med arbeid i Mandsjuria. Og då meinte mange at det
var vanskeleg å byrja på endå ein ny stad. Og nå var Øst-Turkestan stengt.
Etter ei tid sa Torvik opp i misjonen frå 1. jan 1940, og eit nytt kapittel i
livet hans byrja.
Krigen
Den store vansken denne
gongen var krigen. Våren 1940 gjekk Tyskland til åtak på Noreg, og etter ei tid
vart det uråd å reisa ut. Desse fekk åra brukte Torvik til å reisa landet rundt
og samla vener til ein ny misjon som han skipa 1. jan 1940 med tanke på
muslimmisjon. han fekk nokre vener med seg i Bergen. Dei skipa ein komite som fungerte som styre gjennom heile krigen. Dei tok
og var på pengar som kom inn til arbeidet. Komiteen var Fridtjof Ludvigsen,
Hermann Østrem og Sigvald Selbak og Torvik sjølv. Dei var me di dette arbeidet heile
livet etterpå. Dei gav og ut eit blad, Lys over land – som vart stengt av NS i
1943. Frå 1945 har det kome ut.
Etter
krigen
1945 var fredsåret og nye
tider for Torvik og misjonen. 26. okt. 1945 samle dei seg i Bergen til
konstituerande generalforsamling i Fiskarheimen med 54 som hadde stemmerett.
Mange ting måtte ordnast når ein heilt ny organisasjon skulle skipast.
Hovudkontoret vart nå flytt til Oslo. Fleire meinte at det måtte liggja i
hovudstaden.
Då organisasjonen var eit
faktum, gjekk mykje arbeid for Torvik med til å finna ei ny misjonsmark i
Sentral-Asia. Fleire stader var det nå stengt mest av politiske årsaker.
India
I 1947 vart India
sjølvstendig, og det var stor spenning om korleis misjonsarbeidet ville få det
nå. 3. juledag 1947 fekk fam. Torvik visum til [[India]], og i januar 1948 drog dei dit. India var godt kjent for
norske misjonsvener. Den legendariske Lars Skrefsrud byrja arbeid her og
Santalmisjonen vart skipa i 1867. Dei var både i Santalistan og andre
provinsar. Men Torvik fann ein stad med mange muslimar der det ikkje var misjon
før – i Murshidabad i Bengal. Han byrja først i byen Dhulian
som hadde 16000 innbuarar, men der lukkast det ikkje. I 1950 byrja han for
alvor i Sajinipara. Det var ein stasjonsby med mange landsbyar ikring.
Etter fem år var det tid for
ferie i Noreg. Og i januar 1953 kom fam. Idar og Harriet Egeland
til India og tok over arbeidet der. Dei var i landet i 15 år.
Etter ferietida kom Torvik
attende til India og byrja arbeid i Calcutta. Der var han og leiar av leseværelset/velferdskontoret for skandinaviske sjømenn. Og
dei hadde ein kyrkjelyd i byen, og Torvik hadde slik kontakt både med
heimlandet og folket i India. Helene hadde ikkje sterk helse, og dei måtte dra
heim att før tida.
Misjonsleiar
i Noreg
I 1958 var Torvik attende i
Noreg. Nå tok han over som leiar for sin eigen misjon, som Generalsekretær
etter Nils Bloch-Hoell som sa opp si stilling. Nå tok ei travel tid til for
Torvik. Han reiste land og strand og tala Guds ord og om misjonen. Ofte i tre
veker kvar månad var han på reis. Den eine veka gjekk med til kontorarbeid. Han
hadde ei uvanleg god helse. Litt av kontoret hadde han i kofferten. Slik gjekk
det i 8 år. Då gjekk han over til å vera reisetalar, og han sparde seg ikkje nå
heller. Og Torvik var forkynnar. Også etter pensjonsalder reiste han mykje i
Noreg. Men då han var 75 år ville han trappa ned og vera heime. I 1973 var dei
på ei kort vitjing i India og fekk sjå arbeidet han byrja 25 år før.
I Noreg
Dei første medarbeidarane i
Noreg då misjonen vart starta, var dei som var med i komiteen i Bergen. I
tillegg var Gunnar Lislerud sekretær i byrjinga og
deretter Reidar Wang og N. Bloch-Hoell. Margit Dahle var lenge på kontoret i Oslo. Her tek me berre med
folk som var med i byrjinga: Alf Andersen, Leif Bakeng
og Alfred Dahl reiste for misjonen. Andre var mest knytt til krinsarbeidet. I
Møre og Romsdal var Ivar I. Grøtta, Leif Bakeng og Ansgar Urkegjerde akative. I Trøndelag var Jon Røed
og Ludvig Høvik aktive, og i Bergen finn me Torviks gode ven F. Ludvigsen, Berent Giil og Georg Skjetne. I Agder og Stavanger krins var Gustav Handberg den
første sekretæren, deretter Egil Møller-Jonassen og Tollak Jakobsen, som alle gjorde eit stort arbeid i
misjonen og var nære vener av Torvik. På Austlandet var Ragnar Thorstensen den første sekretæren og var sentral i alle år
der.
I andre land
Øst-Turkestan
I landet ved Himalaya hadde
Torvik kontakt med svenske misjonærar, men måtte for det meste greia seg på
eiga hand. Den første og einaste han døypte der var Abdulla Jan, som han óg skreiv eit hefte
om. Her var han óg åleine som misjonær, sendt ut av
Det norske Kinamisjonsforbund, nå Norsk Luthersk Misjonssamband. Kona Helene
hjelpte han ei tid – dette var før dei var gifte.
India
I India møtte han norske misjonærar i Santalmisjonen, der var det og
danskar og folk frå andre land. Slik sett var det lettare for han her. Han fekk
indiske medarbeidarar, og seinare for fleire norske misjonærar dit. Søster
Gudrun Sæther var ei trufast diakonisse i Sajinipara frå 1954 til 1986. Her var
og fam. Egeland og ei tid Berit Svendsen. I Calcutta
var Gerd Ognedal gift Bonarjee
lærar i mange år. Ho var tidlegare Santalmisjonær.
Andre land.
I Torvik si tid var også Arne og Päivi Rudvin i Pakistan og Lars og Anne Marie Gaustad i Kamerun.
Skrifter av Torvik:
* Guds medarbeidere. Bibeltimar utgjeve av
Misjonskurset på Fjellhaug i 1939. Nytrykk ved NMM i 1986.
* Mellom Muhammedanere. Bergen 1939 og 1946.
* Abdulla Jan. Bergen 1940 og 1942.
* Bak Himalaya. Bergen 1945.
* Muhammedanermisjon. Oslo 1961.
* Blant muhammedanere i India. Stavanger1967.
* Frelse og ansvar (Preiker. Stavanger 1971.
* Hele fra Kirgisistan. Oslo 1981.
* Artiklar i bladet Lys over land.
* Artikkel i boka: A. Tangeraas: kamp og
spenning. Oslo 1945, s. 300-314.
Litteratur/Kjelder:
* Utrykte kjelder ved NMMs kontor
(forhandlingsprotokollar, rekneskap, brevarkiv).
Torvik sine eigne bøker.
* Nils Bloch-Hoell: Muhammedanermisjon. Oslo 1954. Brosjyre.
* Jens Christensen: Islam. København 1959.
* Torben Christensen: En kirke
blir til. 1957.
* Nils Dybdal-Holthe: På troens veier.
Torviks 75-årsdag. 1976; og: På Jesu bud. NMM 50
år.1989.
* Olav Hodne: The Seed bore Fruit. Dumka 1967.
* Gunnar Melbø: Islam – et misjonskall, udat.; og: Korset kaller udat.; og: Krigerprofeten, 1951.
* O. G. Myklebust (red): Muhammedanismen som misjonsproblem. 1949.
* Norsk Misjonsleksikon 1-3. 1965.
* Geir Valle: Religionene og kristen misjon.
1973.
* A. Romarheim: Muslimenes tro og vår egen
tro. udat.
* Arne Rudvin: Evangeliet og Islam. 1971.
____________