Butikken på Glesvær
På Handelstaden Glesvær har det alltid vore stor aktivitet.
Me trur at grunnleggaren av butikken på Glesvær var kjøbmann
av Bergen by : Henrich Wessel.
Han fekk i 1664 eit handelsprivilegium av danskekongen til å
drive handel på "et sted Glesvær kaldet."
| Me veit ikkje sikkert, men det er naturleg å tru at
handelen gjekk føre seg i "Gamlanaustet" aller
først. Dette huset vart reve i 1915. Seinare (kring
1680) etter at Wessel "hadde oppført et hovedhus
med stor møye" vart handelen flytta dit. I dette
huset har det så vore dreve handel frå omlag 1680 til
1939 då butikken vart flytta ned i nybygget der også
bakeriet var. I tidlege tider var vareutvalget noko begrensa : Salt, sukker, bakervarer frå bakeriet ( mykje kavring til skipsproviant ), mjøl, sirup, treskor, oljer og parafin, skipssaum og "bandajadn" til båtreparasjonar. Sikkert og redskapar av ymse slag. På bilete : "Svalen" - hovedhuset - "Nyanaustet" "Gamlanaustet" låg til høgre for hovedhuset. |
![]() |
KLADDEBØKER
Me har liggjande alle kladdebøkene frå 1908 og fram til kontant betaling vart den mest vanlege forma for handel. Tidlegare var det å skriva på bok.Dette vart ført i kladdebøkene til det vart betalt, eller ført inn i hovedbøkene ved årsskiftet. Stort sett vart det gjort opp etter endt "tur" då mennene fekk oppgjer for brislingfisket eller storsilda eller vårsilda. Far min (Hans A Bakke) fortalde ein gong etter at han hadde skildra storkastet med storsild dei gjorde ved Herdlevær i 1933 at "då strauk me mykje gjeld i bøkena". I kladdebøkene står også oppført storinnkjøp til bryllup og begravelsar som var dei store familiesamankomstane før. Her kan me sjå av provianteringa at begravelsar ofte var lystige lag om det var eldre folk som døydde. Utsagn som "det var den kjekkaste begravelsen eg har vøre i på lenge" kan eg huska frå min barndom.
Bakeriet vart nedlagt etter krigen då det var av den gamle typen med kolfyrte ovnar, og ein rekna med at ei modernisering ville verta for dyr og ikkje nå opp i den aukande konkurransen frå byen.
Bakkefamilien dreiv butikken fram til 1987 då han vart nedlagt for ei kort stund. Seinare har me leigd vekk lokaler til Glesvær Handel AS som dreiv butikk fram til konkurs i 1993. Etter eit år uten butikk starta Glesnes Handel AS opp som eit "bygdeaksjeselskap, og driv no som eit eineaksjeselskap.
Dagens butikk er av moderne art, og driftselskapet "Glesnes Handel AS" er eigd og vert dreven av Harald Sunde m/ familie.