|
Ein kostnadseffektiv måte å få et godt
instrument på er ved å bygge om ei fele du allereie har. Er det
ved nok i lokket vil man normalt få et godt instrument ut av det.
Lydeksempel
fra ombygd fiolin
(Mp3)
Fiolinen til høgre er ein omlakkering og ombygging som eg gjorde for
Aly Bain. Han brukar ho mellom anna til å spele
folketonar på i eit fjernsynsprogram på BBC. Hardingfela under er no i eige
hjå ein spelemann i Heddal i Telemark. Såg bilete av fela i lokalavisa Telen i
desember 2002, spelemannen bruka ho på ein konsert .

Figuren du ser over er resonanskurven til ei av felene til Vidar
Lande før- (raud) og etter ombygging (blå). Største endringa er i resonansen
kring 400 Hz som er omlag tonen giss. Dersom fela er stemt i "h" vil
dette tilsvare tonane øvst på tersen. Nokre stadar har det og vorte noko
mindre lyd, m.a. like over 1000 Hz som gjer tonen mindre nasal.
Hør orginallyden: Vidars_Barth before
rebuild.wav Og etter ombygging: Vidars_Barth
after.wav
Du kan også kjøpe et rimelig instrument, gjerne
av ein ukjent felemaker med låg pris og levere det til forbetring
av tonen. Dette gjer ein mellom anna ved å stemme av platene i fela på ein
spesiell måte. Under ser du ein reparasjon av ei fele
som hadde ligge ute ein vinter etter eit innbrot. Fela og skrinet var heilt i
bitar som du ser og fela vart bra til slutt.
|