| Eit av feleskrina til papa, Knut
Buen (f 1948) Dette er
eksempel på nokre feler som papa har bruka og brukar (bileta er frå
tidleg på 90-talet) Kva feler som er i bruk vil variere noko over tid. Felene
har namn:
"Fjellmannjenta"
laga av Ola Ranvik 1920 dekorert og lakkert av far. Mor
har tegna far på ryggen av fela. Lydeksempel fra denne
fela med stålstrenger og stemt heilt nede i A. Tussebrureferda
på Vossevangen (MP3) etter Ola Mosafinn (1828-1912). Frå
"Slåtter Op 72" Knut Buen og einar Steen Nøkleberg
SIMAX 1988.
"Den Beinlagde"
av John H Tjønn ca 1955. Lydeksempel:
Fyrispel etter Svein Løndal (1864-1949) i Tuddal (MP3) Far spelar. Frå CD-en "Fykerud´n"
Buen Kulturverkstad 1992.
"Den mørke fela"
av John H Tjønn ca 1955. Håvards
Sorg (MP3)
"Krokskell'n"
av John H Tjønn ca 1940. Bøkår
rennar, ein danseslått etter Håvard Gibøen (MP3) Ein
bøkår er ein hannsau, gjerne med horn. Han kultar, tek
fart og stangar. Ein høyrer det i slåtten. Papa spelar
på Krokskellen
Alle desse felene er
ombygde av Anders A Buen (bestefar).
|