Fele-Buen
Hardingfeler by Anders Buen

Felebuen@consultant.online.no

International menu

Menu:
Opp

Startside
Familietradisjon
Felene til Knut
Mi historie
Teknisk analyse
Nye instrumenter
Ombygging/reparasjonar
Artiklar
Fioliner og skrin

 

Gjermund Tjønn (1902-1992) eller "gofa", lærte meg å bygge hardingfeler. På foto til høgre ser du han sit på verkstaden. Gofa hadde lært av faren sin, Hans Johnsen Tjønn (1877-1964), foto t.h. fra Gaustadtoppen hvor han var værobservatør, og sin bror, John H. Tjønn (1899-1966), sjå foto. John var den som vart mest kjent for felene sine. Fleire av dei mest bruka felene til far har John laga.

Bestefar (Anders A Buen 1910-1977), sjå foto under til høgre, vart svigerson til Hans Johnsen og dei fann kvarandre mellom anna i interessa for feletonen. Oldefar dreiv med eksperiment og las faglitteratur, medan bestefar var ein meir kreativ "forskar". Bestefar var spelemann og slik at han kunne høyre korleis felene vart sjølv. Bestefar spelar "Eit bilde eg ber uti mitt bryst" (mp3)

Litteraturen dei hadde var Otto Möckels "Die Kunst des Geigenbaues", Lütgendorffs "Die Geigen und die Geigenmacher" og "Zeischrift für Instrumentenbau". De hadde kjennskap til akustiske målingar på fioliner i 30 åra, mellom anna av Herman Backhaus. Ei tid var og den tyske fiolinmakaren Hans Brückner, på Tjønn og dreiv i lag med Tjønnkarane. Hans Johnsen skreiv ein omfattande journal over eksperimenta sine som han ikkje fekk gjeve ut. På den tida var det Ivar Orestad som rådde grunnen i Noreg. Han har og bunde inn kommentarane sine til kapittel i Möckel, og Lütgendorffs bøker. Det finst og ei mengde brev der svigerfar og -son drøftar feletonen og metodane. Anders Buen heldt fram dette arbeidet til sin død i 1977. Onkel Hauk (f 1933) og eg har teke over.

Bestefar var oppfinnar og fann mellom anna opp ein maskin for knusing av grass, "siloratoren". Hans ensileringsmetode var utan bruk av kjemikaliar (maursyre eller amoniakk) som han meinte var reine gifta.

Han var oppteken av av å bevare naturen, men og nytte den på nye måtar, noko han arbeidde praktisk for å løyse. Eg hugsar han berre som liten gut og eit av minna eg har er at han fortalde at han skulle lage ein traktor som gjekk på møkk. Det hørtes veldig rart ut. Men som voksen skjønar ein at det må være ein motor som gjekk på metangass som var ideen. Det gjeng nokre bussar omkring med ein slik gassmotor i dag.

Bestefar hadde ikkje formell utdanning. Men han fann ut av ting med intuisjon og praktisk sans. Mellom anna har han skrive ein del om korleis han arbeidde med felene i ein journal. Han kalla metoden sin "avstemming" og han hadde stadig alternative framgangsmåtar han prøva ut, gjerne i seriar på 5 til 10 instrumenter han bygde om.

Hauk spelar Knut_Bekkjin, ein slått bestefar bruka mykje (mp3) Fela han spelar på er eit ideal for feletonen og er ei fele bestefar har avstemt. Innspelinga er gjort i ei gamal stuge slik som fela er laga for å brukast i.


Gofa på verkstaden


Oldefar som værobservatør på Gaustadtoppen. Her var det god tid til å lese og ekperimentere.


Ungdomsbilete av John Tjønn
Bestefar Buen, papa og meg som guttunge.

Sida vart sist oppdatert:  17.05.07 23:10