| Are you looking for
a hardanger? Please choose the international
version.
Hei! Eg er 41 år og kjem i frå Tuddal i Telemark, ei fjellbygd
like under
Gaustatoppen. No bur og jobbar eg i Oslo. Eg bygger og reparerer hardingfeler og fiolinar i familietradisjon. Eg spelar og
litt hardingfele og dansar telespringar og -gangar. Fyrste
læremeisteren min var fars onkel, Gjermund Tjønn (1902-1992) som eg vaks opp på garden
saman med. Me kalla han berre for "Gofa". Han lærte av
sin far, min oldefar, Hans Johnsen Tjønn (1877-1964) og broren John H. Tjønn
(1899-1966).
Eg har og lært ein del av far min, Knut Buen (f. 1948) og av onkelen min, Hauk
Buen (f. 1933). Båe er spelemenn og Hauk har drive med felemakari i dei siste
20 åra.
På
linkane i menyen kan du sjå kva eg kan gjere for deg.
I dei siste fire åra har eg delteke på
the Violin Society of America sitt Oberlin Violin Acoustics Workshop.
Der møtest felemakarar og forskarar frå fleire kantar av verda som har
interesse for å koma lengre i fele- og bogemakariet i høve til
toneforhold og forståing. Eg er aktivt medlem på the
Maestronet og eit anna lukka diskusjonsnett. Ein har diverre ikkje noko likande nettverk eller kurs i
Noreg. For å koma vidare lyt me dele kunnskap og samarbeide
i team.
Fela til høgre spelar nokon på i USA. Ho vart seld i 1997. Du finn eksempel på
lyden av nokre av felene mine på sidene menyen peikar til.
E-mail: mailto:felebuen@consultant.online.no
Linkar:
Tekniske linkar:
Linkar til familie og vener:
Eg har sju systar og frem brør, to av dei har eigne heimesider:
Mor mi, Hanne Kjersti Yndestad (f.
1951) jobbar som musikklærar i ein ungdomsskule i Uppsala, ein by i Sverige. Ho er god
til å synge og likar å skrive. Hennes weblogg
om de
usynlige og blogg med fiksjon.
Desse har støtta forskinga økonomisk:
- TEKNA
Teknisk-naturvitenskaplig forening,
2004
- Solofondet
"Muligheter for deg mellom 15 og 25 år med gode idear", 1986
- Telemark
Fylkeskommune - Eit stipend for unge folkekunstnarar i 1987
- Far min, Knut Buen
|

Amplitudeplot frå TV-holografi målingar av den
første viktige strukturelle resonansen i ei fele, T1. Di kvitare di
meir svingar det. Botnsida er til høgre i ein skråstilt spegel. 
Faseplott av resonansen du ser over. Mørk grå er
på veg frå deg, lys grå på veg ut mot deg. Botnen og store deler av loket
svingar som om fela hadde "pusta". Dette er frå ei
hardingfele eg har laga.
|