Årets jakt fekk vel heller ein trang fødsel med to mindre
velukka jakt-kveldar, ein i "Vasslida" og ein i "Langedalen"
Deretter var det felt ein bukk på "Nonsletta"
Årets første Jakt helg starta i Langedalen og vidare til Nonsberget her skaut
Egil eit dyr, men det store resultatet utebleiv
Søndag 14. vart det av jaktsef Marius bestemt at vi skulle i "Laurdalen"
Dette synte seg å vere ein særs klok beslutning.
Før det var gått ein time var storbukken felt den første tok Kjell.
Den kom deisande utfor fjellsida og ut av syne,heldigvis hadde vi ein ung kar
med auge for detaljar, Benjamin så han fekk dirigert skyttaren fram
til dyret.
Så tok Tore ein meget flott seksgreinar
Det var eit heilt spesielt jaktver denne dagen og hjorten låg å trykte så ein
måtte nesten trakke på den førden sprang.
Før dagen var omme hadde vi heile fem bukkar og ei kolle.
Eg må seie at dette var ein meget spesiell jakt opplevelse.
Her ser vi
"Svensken" seie Der Der Der eller var det Der!!
Jau han kom litt ut av teljinga han også
Som de ser det er ein meeget nøgd gjeng.