Tida nermarseg no for den årlege "Hjortejakta" på Bjørkedalen.
Eg er med i to jaktvald her på dalen og det er meininga å få med begivenheitene i begge valda.
Kvar sesong startar alltid med den obligatoriske skyte prøva for storvilt, og då er den lokale skytebana god å ha
Her er det Dag Inge som prøver seg 
Dei som har mest å seie for resultata er dei som styrer anvisinga i grava
.Den store jakta starta i dag kl.10, med eit strategimøte i " jakobs
skotet"
Der vart det bestemt at vi skulle prøve "Långedalen" og "Nonsberget".
Her ser vi,Jaktsjefen med ein gjest like før avmarsj i jaget.
Når ei sit på post kan utsikta verte svert so einsformig.Her er eit døme på ein liggar plass i "Lissje Laurdalen"
Som ein kan sjå ikkje akkurat det mest interesante panorama.
Det vart desverre ikkje noko stort resultat i dag, det vart skote bomm på ei kolle på veg over Laurdalselva.
Det var då Saxe sa at "dei ste jaggu djupt i år".
Det var det heile.
Totalt vart det sett fire dyr.
og då skal det sjølvsagt forklarast og utgreiast
I dag var det "Stigedalen " som stod for tur, det vil seie Løset mark.
Men fyrste og andre jaget gav ikkje noko resultat.
Det var fyrst når vi starta i "Øggarsmarka" at utellinga kom. Det vart skote tre dyr der, ein koffar og to koller,
det var han Hans, som var ansvarleg for det.
Det er vått og kaldt i dag , og det vart bestemt at vi skulle prøve "Fannene",og det kan ein seie var ein skikkelig
suksess, det vart nemelig i alt sju dyr i dette jaget. Tre bukkar , tre koller ,og ein kalv.
Mykje skyting , stor spenning og svert blide jegerar.
Her er frå ein av postane ved "Sandviks elva"
Som sagt var det mange blide jegerar,Jørn Olav fekk seg ein
"Tregreinar " i dag

Så bar det avstad til Jakobsskotet for flåing og Godt prat.
Når ein er på jakt på Bjørkedalen må ein vere godt utrusta med våpen ,
her er ein typisk bil for ein Bjørkedalsjeger.
Neste helg vert det meir jakt stoff.
LAURDAG.23.09.
I dag var det Laurdalen som skulle prøvast.Dette viste seg å ikkje vere det heilt store
Fyrste jaget gav slett ikkje noko resultat, det var faktisk ikkje dyr der.
Kaffi pausa var det mest minne verdidige.

Andre jaget "Skarbakkane" der var det observert ei kolle på veg til Dalsbygda.
Tredje jaget "Grøvrene" måtte til før noko skjedde
Då skaut Odvin, ein fin "tregreinar". 
SØNDAG.24.09.
No er det Løset mark som skal jagast. Fyrste etappe er i frå "Stien" i Stigedalen .
Her skaut Jakob ei kolle.
Været var i alle fall betre enn resultatet,og utsikta like så,
Som vanleg er det pausene som vert nytta til fotografering
Den 15. 10 . vart fyrste jakt dag i andre periode,og med noko redusert manskap
vart det jaga "nonsberget" , dette gav faktisk to spissbukkar,
begge to skotne av Odvin Sandvik.