UNGE SKOGSARBEIDARAR
"Det er det yngste kullet av kursdeltakarar eg har hatt",
seier instruktør i "Aktivt Skogbruk" Jostein Dalen, då han delte ut
diplom til dei
fem deltakarane på motorsag og hogst kurset til Bjørkedal skogeigarlag.
Av dei fem vordande skogsarbeidarane var fire i alderen sytten til tjue ein år, og ein nestor på
femti.
Kurset starta på fredag ettermiddag med stell av motorsag og teori.Laurdag morgon bar det til
skogs der alt vart set ut i praksis,under svert kyndig veiledning.
Både fagsjef Roger Nedreklepp frå kommuna og innstruktør Jostein Dalen frå
Aktivt Skogbruk var enig om at dette gjev håp om meir aktivitet i skogane våre for
framtida.
Ein av kursdeltakarane hadde jamvel fått seg jobb i skogen hjå ein lokal enrepenør.
Det vart og tid til ein god diskusjon rundt kaffi bålet, og også lokale skogeigarar dukka
nyfikne opp. Alt i alt svert vellukka kurs
Lydhør forsamling rundt kaffibålet
Og her var det bestått?