

Spellemannprisen er den norske platebransjen sin årlege offentlege privatfest der formålet er å kåre den beste plateutgjevinga i året som er gått, på direktesendt fjernsyn.
Av: Arne S. Haugen
Nokre likar å samanlikne Spellemannprisen med den amerikanske Grammy Awards - utdelinga. Med ein dryg porsjon velvilje skal vi strekke oss til å seie ; kanskje det... Atter andre kallar Spellemannprisen ein halvkvalm bransjefest der hovudinnhaldet er plateselskapa sine forsøk på å selja enno fleire plater ved å smiske med dårleg betalte norske artistar, og skryte av kvarandre, for deretter å satse hardt reisten av året på å promotere utanlandsk superkommersielt musikalsk møl. Litt sannheit er det vel i dette også...
Sikkert er det likevel at Spellemannprisen har høg status blant musikarar og artistar innan dei fleste sjangrar. Så også for folkemusikk- og gammaldansspelemenn. Gjennom 25 år har Spellemannprisen vore eit høgdepunkt for dei nominerte og for den eller dei som til sjuende og sist står der med harpa i handa. Sjøl om du er jazzmusikar, filharmonikar eller rockekonge; denne eine kvelden i året er Spellemann-omgrepet noko å smykka seg med, jamvel om dei fleste elles i året vil betakke seg for å bli assosiert med spelemannen.
For folkemusikk- og gamaldansfolket betyr Spellemannprisen noko spesielt. Opphavet til namnet er stole frå folkemusikken sitt eige vokabular.
Sidan starten i 1972 har gamaldansen og folkemusikken vore plassert i same klasse. Frå og med 1997 vart dette endra. I to år var den tradisjonelle folkemusikken åleine i eigen klasse, medan gamaldansutøvarane vart plassert i kategorien gamaldans/danseorkester saman med svensktoppband og dess like, i ei salig blanding.
Mykje kan og burde seiast om det reint prinsippielle ved ei slik skalting og valting med utøvarar og musikksjangrar. Vi som driv med gamaldans - og folkemusikk, og faktisk er svært seriøse i det vi held på med, har likevel lært oss at dersom vi vil sitja ved bordet saman med den kommersielle elite, må vi smile pent og helst halde kjeft. Det er vel ganske enkelt berre å konstatera at det viktigaste for Spellemannpris-komiteen diverre ikkje er verken musikken eller spelemennene. Det einaste som tel er sjølve fjernsynsproduksjonen, og at plateselskapa får markedsført i beste sendetid dei artistane dei kan tene mest pengar på.
Den nye ordninga skapte likevel slik murring og misnøye at Spellemannkomiteen nå har snudd på hælen att, og gått tilbake til den gamle ordninga. Så frå og med Spellemannprisen år 2000 vil gamaldans og folkemusikk igjen bli å finne i same klasse.
Og slik blir det vel like til ein ny komite finn opp kruttet på nytt. Alle som får utdelt harpa vil bli glade for den...og så er det eit år til neste gong.
Dei som har fått prisen i klassen for folkemusikk og gamaldans
sidan den fyrste gong vart utdelt er:
1973 Oddvar
Nygaards kvartett
1974 Sven
Nyhus 'kvartett og sekstett
Tittel: Sven Nyhus kvartett og sekstett spiller opp til gammeldans»
Utøvar(ar): Sven Nyhus, fele og hardingfele
Tore Løvgreen, trekkspel
Jan Erik Kongshaug, gitar
Håkon Nilsen, kontrabass
Harald Gullikstad, fele
Olav Nyhus, fele
Plateselskap: Polydor special- 2920 125 (LP)
Innspela: Rosenborg studios 2. september 1974.
Produsent: Johnny Sareussen
1975 Sture Rogne
1976 Torader-trioen
frå Hallingdal
Tittel: Takk for sist»
Utøvar(ar): Toradertrioen frå Hallingdal:
Oddvar Fingarsen, torader
Thorleif Stave, torader
Ola Rygg, torader
Jan Erik Kongshaug, gitar
Håkon Nilsen, kontrabass
Plateselskap: Talent - TLS 3013 (LP)
Innspela: Talent Studios , august 1976
Teknikar/Produsent: Arve Sigvaldsen og Jan Erik Kongshaug
1977 Aanon Egeland/Per
Midtstigen
Tittel: I heitaste slåtten
1978 Sven
Nyhus kvartett
Tittel: Dovregubben danser»
Utøvar(ar): Sven Nyhus kvartett:
Sven Nyhus, fele og hardingfele
Tore Løvreeen, trekkspel
Jan Erik Kongshaug, gitar
Håkon Nilsen, kontrabass
Plateselskap: Talent Produksjon A/S - TLS 3043 (LP)
Innspela: 1977
1979 Bjørgum/Berg/Kvifte/Stubseid
Tittel: Slinkombas
1980 Land Spelmannslag
1981 Hørkelgaddan
Tittel: Tøffelmusikk
1982 Sondre
Bratland
1983 Tone Hulbækmo
Tittel: Svevende jord
1984 Agnes Buen
Garnås
Tittel: Draumkvedet
1985 Elisabeth Kværne
Tittel: På
langeleik
1985 Årets Bransjepris Hallvard Kvåle, plateselskapet Heilo
1986 Dalakopa
Tittel: Dalakopa
1987 Arve Moen Bergset
Tittel: Arvesølv
1988 Kirsten
Bråten Berg
Tittel: Min kvedarlund
1989 Steinar
Ofsdal/Per
Midtstigen
Tittel: Sjøfløyta
1990 Torleiv & Hallvard
T. Bjørgum
Tittel: Skjoldmøyslaget
1991 Sør-Fron Spelemannslag
Tittel: Den lykkelige frier
1992 Hauk
og Knut Buen
1993 Amund Bjørgen og Bjørn Odde
Tittel: Slåttemusikk frå Lom
1994 Knut
Buen/Leif
Rygg/Kåre Nordstoga
1995 Nye Ringnesin
1996 Arne
M. Sølvberg
Tittel: Nordfjordslåttar
1997 - Folkemusikk: Ragnhild Furholt for "Segner syng"
1997 - Gammaldans/danseorkester: Gluntan for "I
levvande live"
1998 - Folkemusikk: Hallvard T. Bjørgum/Knut Hamre/Bjarne Herrefoss for "Toneflaum"
1998 - Gammaldans/danseorkester: Piccazo
1999 - Folkemusikk: Kvarts for "Kvarts"
1999 - Hedersprisen: Sven Nyhus
2000 - Håkon Høgemo med Solo
2001 - Per Sæmund Bjørkum med Berg og Vatn
2002 - Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga med Nivelkinn
2003 - Dei nomnerte er:
Folkemusikk/Gammaldans
JAN BEITOHAUGEN GRANLI "Lite Nemmar" ta:lik
MAJORSTUEN "Majorstuen" Lindberg Lyd AS/2L
STURLA/ANDREAS
"Glimmer" Lindberg Lyd AS/2L