Å spela musikk er eit viktig og edelt handverk. Det er eit privilegium å få lov til å spre glede og røre ved kjenslene til folk. Uansett kva slag sjanger og stil det er snakk om, uansett anten du kallar deg spelemann, musiker , sanger eller artist. På profesjonelt - eller amatørnivå. Alle har vi kjent gleda over å gi, og over å få takksemd og varme attende.
Det tek tid å læra seg å spela eit instrument, på same måten som det tek tid å læra seg å bygge hus eller bli god i drett. Difor bør musikarar behandlast med fagmessig respekt. Musikarar imellom er respekten som regel stor og gjensidig. Anten det er felespelemenn, rockegitaristar, jazzpianistar eller korsangerar. Musikarar har ikkje noko behov for å setja kvarandre i bås eller ekskludera kvarandre. Publikum er likevel stort sett musikalsk altetande, og er du spelemann i våre dagar, har du spelt mange typar musikk, sjøl om dei fleste gjerne spesialiserar seg etter kvart.
Trass i dette, er det knapt nokon annan yrkesgruppe som blir så til dei grader trakassert i media. Det har nemleg vakse fram ei yrkesgruppe som kallar seg musikkjournalistar. Dei må ikkje forvekslast med seriøse kritikarar. Sistnemnte folk finn du som regel vurderande klassisk musikk og beslekta former. Dei har den kvaliteten at dei nesten utan unntak er kvalifisert for yrket sitt. Så er dei da også ein utdøyande rase.
Musikkjournalistane derimot, finn du i dei store riksavisene samt radio og TV. Med atskillige aspirantar plassert rundt om i lokal- og distriktsaviser. Her sit dei og fråtsar i den til einkvar tid rådande pop-kulturen og skiftar sol og vind etter eige forgodtbefinnande og lune. Og får ukritisk lov og høve til å presentere sine eigne høgst subjektive oppfatningar som evige sanningar over fem spaltar med bilde. I NRK og andre radiostasjonar har dei sin eigen variant. Her er dei same folka, gjerne med hovudfag på Bruce Springsteen som alibi frå eit eller anna universitet, plassert i eigne musikkutvalg. Formålet er å bestemme kva slag musikk som er bra nok til å spelt i radio. Fellesnevnaren for dei fleste er at dei trur skapelsesberetninga starta med Elvis Presley. Saman med repertoaransvarlege 25-åringar i dei store plateselskapa avgjer dei kva du og eg skal få høyre og sjå for lisenspengane våre.
Det er mange måtar å trakassere på . Du kan f.eks. teie nokon spent ihjel. Dette er tilfelle for det meste som har med folkemusikk, gamaldans, korsang eller korpsmusikk å gjera.
Eller du kan ofre metervis med spalteplass eller timevis med sendetid på former og uttrykk som ein eller annan gluping har definert inn i den redaksjonelle varmen. I denne svovelulmande heten kan du så vekselvis oppleva at ein utøvar blir utsett for alt frå kvalm smisk til brutale slakt. Og den einaste forbrytelsen offeret har gjort seg skuldig i, er å gi ut ein CD med musikk.
Ved sida av å trakassera ein utøvar, er dette også samstundes ei grov undervurdering av publikum. Verda er nemleg så rar vorten, at dei fleste har ein ganske breid horisont når det gjeld både musikk og andre spørsmål i livet. Det er faktisk ikkje sjeldan at eitt og same mennesket finn glede både i å danse vals, gå på Rolling Stones konsert på Valle Hovin, besøke Molde Jazzfestival, gle seg over Leif Ove Andsnes på fjernsyn og planlegge tur til Quart-festivalen neste sommar. Før dei tek fram toraderen og spelar ein springar til husbruk.
Majoriteten av dei kritikarane som skriv om populærmusikk høyrer neppe forskjell på dur og moll, mellom valsetakt og firetakt, mellom elbass og kontrabass, mellom stryk og synth eller saksofon og trompet. Og dei fleste ga opp etter første året på den kommunale musikkskulen.
Med tanke på all svada ein har lese om pop, rock og beslekta former opp gjennom åra og i djup respekt for alle som kan spela musikken sin, uansett sjanger, er det fristande å sitera Frank Zappa:
- Popjournalistikk er når folk som ikkje kan skriva intervjuar folk som ikkje kan snakka for folk som ikkje kan lesa.
Den folkekjære svenske artisten Bjørn Afzelius (+ 1999) hadde si eiga omskriving av Zappa sin definisjon: - Popjournalistik er när folk som inte kan spela tror sej kunna tala för dom som har lärt sej att spela hur dom egentligen borde spela.
Alle vi som spelar veit at både Frank Zappa og Bjørn Afzelius har rett.
Det er derfor ei glede å kunne skrive dette. Som gamaldansmusikar har eg dessutan ingenting å tapa.For trass i at vals, reinlender, masurka, og polka og beslekta former har vore ein del av det norske folket sin musikk i snart 200 år, så er desse levande uttrykksformene stort sett definert vekk både i aviser og radio/TV. Dessutan; om det skulle dukke opp ein god kritikk av ei gamaldansplate, kva er den verdt når ein som regel veit at kritikaren ikkje skjønar bæret av det han/ho skriv om? Og dessutan; Spelemennene og artistane, musikken og sangen, lever vidare i folket. Kven hugsar namnet på alle umusikalske kritikarar og musikksjefar?
Bjørn Afzelius har formulert det slik:
- Dom dyker upp från ingenstans, kan ingenting om det dom er betalda för att kunna, gnäller en tid, skriver snart bara för hvarandra, dricker för mycket sprit på inneställena i huvudstaden, istället för att studera musik eller följa med artisterna ut på vägen för att lära sej något om såväl musikernas vilkor som om sitt eget land och folk, varpå dom så småningom försvinner igjen, lite äldre, bittrare och mer uttråkade och försupna än när dom kom. Och fortfarande lika okunniga. Betydelseslösa i sin gärning, och efteråt bortglömda - saknade av ingen.
För musiken, som all annan konst, står för evigt över dess bedömare. Den lever i människornas hjärtan, och där kan ingen komma åt den.
Takk Bjørn!