Knut Halvards - Hallingdal Kraftlag - Honndalstausene - Sven Nyhus Kvartett
Fyrstesida


TORADERTRIOEN FRÅ HALLINGDAL

I miljøet rundt det nystarta Aal Spel- og Dansarlag var det kraftig aktivitet fyrst i sytti-åra. Munnharpespelar, dansar og seinare stortingsmann Hallgrim Berg var ein av dei som ivra sterkt for å blåse nytt liv i durspel-tradisjonen i bygda. Det var enno mange, både eldre og yngre, som spelte på torader. Og ut av dette miljøet var det at "Toradertrioen frå Hallingdal" dukka opp. Oddvar Nygaards kvartett frå Gudbrandsdalen hadde 10 år tidlegare slått kraftig gjennom på landsbasis med sin gamaldansmusikk i slåttestil. Og gamaldansorkester med den samansetninga som sidan har vore vanleg, byrja å dukka opp rundt om i heile landet.

Alt var med andre ord lagt til rette for noko nytt og friskt. Men ingen kunne vel spådd at dette skulle skje i form av eit landsomfattande "toradersjokk".



Oddvar Fingarsen,Jostein Sørbøen, Arne Moslåtten, Arne Sandum, Tore Løvgreen
og Thorleif Stave (sit ved bordet)

I 1975 kom fyrste plata til Toradertrioen. Det var noko nytt, det var frisk og feiande glad musikk. Med nerve og originalitet. Det vart Spellemannpris, og dei fem LP-platene Toradertrioen ga ut selde tilsaman ca. 100.000 eksemplar. Ein rekord som det skal verta vanskeleg å slå innan denne musikksjangeren.

Dei tre spelemennene, banksjef og bonde Torleif Stave, lensmannsbetjent Ola K. Rygg og pelsdyrrøktar Oddvar Fingarsen, vart i løpet av kort tid kongerikets nye durspelkongar. Radio, fjernsyn og tallause arrangørar over heile landet og i Sverige med, ville ha tak i desse karane.
Plateinnspelingar fylgde på rekkje og rad. I 1976 kom "Takk for sist", året etter "På fest med Toradertrioen". Kompet på desse fyrste platene vart henta frå hovudstaden. Håkon Nilsen, bass og Jan Erik Kongshaug, gitar, faste musikarar i Sven Nyhus kvartett og med årelang erfaring frå dei fleste leirar i musikklivet, utgjorde det stødige kompet til durspeltrioen.

Så skjedde det endringar. Ola K. Rygg vart lensmann i bygda, og fann å måtte prioritere det sivile livet i større grad. Toraderen vart, om ikkje pakka ned, så i alle fall sett på hylla for ei tid.
Ny medlem i Toradertrioen vart Jostein Sørbøen, ung spelemann som hadde fått det meste av si opplæring hjå Oddvar Fingarsen, etter at dei var naboar på søre Sundre ei tid. Tore Løvgreen, trekkspelar i Sven Nyhus kvartett, utvida trioen til kvartett. På bass og gitar dukka det opp to tidlegare pop-musikarar frå Satakroken i Ål, Arne Sandum og Arne Moslåtten. Med denne besetninga kom fjerde LP-plata til Toradertrioen, i 1980, "Me dreg i gang att". To år seinare runda Toradertrioen av med den femte og siste, " Uppatt og atte".

Kva som har skjedd etterpå veit alle. Toraderen har spreidd seg som ein farang i by og bygd over heile landet, i ein ustoppeleg flaum. Dei fleste stader var toradermusikken gått ut av bruk og var gløymt. No blomstra interessa opp att. Lokale "toradertrioar" har dukka opp i alle bygder og vorte til ein slags "folkebevegelse". Dette er vel det viktigaste bidraget Hallingdal har gjeve til norsk gamaldansmusikk.

Discografi: