SVEN NYHUS

Gamaldansmusikken i Norge har gjennom 150 år hatt mange framifrå utøvarar
som kvar på sitt vis har vore ideal- og stilskaparar.

Dei siste 40 åra er det gamaldansmusikken i slåttestil som har hatt sin store renessanse. I vrimmelen av dugande utøvarar i denne musikksjangeren er det likevel ein "æresdivisjon" som skil seg ut. Utøvarar som ut frå grundig tradisjonskunnskap og musikalsk skaparevne har klart å fornye ein musikksjanger som var i ferd med å stivne. Desse stilskaparane er naturleg nok ideal og musikalske førebilete for dei fleste norske gamaldansutøvarar på slutten av 90-talet.
Blant fleire er det nokre som skil seg klart ut; Oddvar Nygårds Kvartett frå Gudbrandsdalen, Hilmar Alexandersen og P. A. Røstads kvartett frå Inntrøndelag, Toradertrioen frå Hallingdal og Sven Nyhus kvartett med musikalsk rotfeste i Rørostraktene.
Av desse gamaldansgruppene er det i dag berre orkesteret til Sven Nyhus som framleis er aktive.

Sven Nyhus


SVEN NYHUS f. 1932 på Røros har sidan 1990 vore professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.
Sven Nyhus er kjent som ein framifrå spelemenn, ikkje minst frå eit utal radio- og fjernsynsprogram. Han er født på Glåmos ved Røros, som eldste son i ein svært musikalsk familie. Faren, Peder Nyhus , 1905-1994, var framståande spelemann og tradisjonsberar av den gamle Røros-musikken. Alt som ni-åring fekk Sven den fyrste fela si, og som 18-åring kunne han han heile repertoaret til far sin, noko over 200 slåttar. Fram til 1952 var Sven Nyhus aktiv spelemann i Rørostraktene, på dansefestar og i bryllaup. Etter Landskappleiken på Røros i 1950 tok han initiativet til å skipa Glåmos Spellemannslag, samtidig som han var i gang med nedteikning av lokal slåttemusikk på notar.
Forfattaren Johan Falkberget var ein av dei som fatta interesse for den talentfulle unge spelemannen, og oppmuntra han til å utvikle dei musikalske evnene sine vidare. Sven Nyhus reiste difor til Oslo, der han i1956 tok eksamen som orkestermusikar ved Musikk-konservatoriet. Deretter var han solobratsjist i orkestra ved Nationaltheatret, Operaorkesteret og Kringkastingsorkesteret. Frå 1961-1971 var han tilsett i Filharmonisk Selskaps Orkester.
Men i 1971 var det at professor Olav Gurvin og Eivind Groven fekk lokka han attende til folkemusikken. Arbeidet med det sju band store Hardingfeleverket var i gang, og Sven Nyhus vart engasjert med transkripsjon (nedteikning av slåttar på notar). Arbeidet med å handteikne hardingfeleslåttar ga han kjennskap til både slåttemusikken og spelemennene i heile hardingfele-Norge.
I 1978 vart han sjef for Folkemusikkavdelinga i NRK etter Rolf Myklebust.
Frå 1990 er han altså professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole. Samstundes har han arbeida vidare med nedteikning av gamalt slåttemateriale på Norsk Folkemusikksamling ved Universitetet i Oslo.
Han har gitt ut fire større slåttesamlingar : "Pols i Røros-tradisjon" i 1973, "Felklang på Rørosmål" i 1983, "Grieg-slåttene" i 1993 og "Lyarlåttene i Valdres" i 1996.
Saman med professor Bjørn Aksdal har han også gjeve ut "Fanitullen", ei innføring i norsk og samisk folkemusikk, Universitetsforlaget i 1993.
Andre utgjevingar på notar:
1. Slåtter for to hardingfeler, 16 slåttar bearbeidet og tilrettelagt av Sven Nyhus.
2. Slåtter for unge felespillere, tre felestemmer med besifring. Separate 2. og 3. stemmer.
3. 20 valser etter Karl Fant. Opptegnet og arrangert med besifring for to feler.
4. Skuddårsleken og andre gammeldanskomposisjoner. For 2 feler/hardingfeler og trekkspill.
5. Fra Bergrosa til trollsteget. 30 gammeldanskomposisjoner for fele/hardingfele med besifring.
6. Dovregubben danser. 15 gammeldanskomposisjoner for fele/hardingfele med besifring.
7. Tre komposisjoner for hardingfele solo. Originalkomposisjoner av Sven Nyhus.
8. Gro-valsen og andre slåtter etter Peder Nyhus. Arrangert for to feler.

 

Toradertrioen frå Hallingdal- Knut Halvards - Hallingdal Kraftlag
Honndalstausene - Sven Nyhus Kvartett
Fyrstesida