Jens A. Myro (1921 - 2002) var ein nestor i folkemusikkmiljøet i Hallingdal. Gjennom fleire 10-år siste halvdelen av 1900-talet spelte han ei svært viktig rolle. Som solo- og dansespelemann, viktig tradisjonsberar og ikkje minst miljøskapar hadde han på alle vis ein stor del av æra for ei periode med gode rekruttering, både av spelemenn og dansarar. Ein av dei yngre utøvarane sa det slik: Jens er goffa for uss alle i Hallingdal.
JENS A MYRO (Foto: Bård Svardal)
Samstundes var han rekna som ein av dei ypparste
danse-spelemenn på hardingfele. Han har spelt dansarar frå Hallingdal
til topps på premielistene på kappleikar eit utal gonger. I
1989 vart han utnemnt til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn.
Gjennom familie- og speltradisjon kunne Jens A. Myro trekkje direkte line
frå fleire av dei største spelemennene i Hallingdal. På
farssida finn vi spelemannsnamn som Bråta-Per og Ola Dekko.
Bråta-Per var jamgamal med oldefaren på morssida, Ola Jensen
Myro (Myreguten). Myreguten (f. 1817) var eigentleg frå Nes, men
flytta til Ål i 1850-åra og slo seg ned her for godt.
Han kunne mykje låttar etter Gudbrand-Østen og Gudbrand Skjellerud
i Nes, og etter Asle-Knut i Ål. Myreguten var ein av dei som ikkje
let seg rive med av den religiøse vekkinga i 1850-60-åra, då
fleire gode spelemenn slutta å spela og brende opp felene sine. Istaden
fekk han måla dette verset på feleskrinet sitt:
Se her er min felehytte
og mange tror den er til liten nytte
men la dem sige hvad dem sige vil
jeg vandrer ærligt med mitt spill.
Ole Jensen. »
Bråta-Per og Myreguten var blant læremeistrane då brorsonen
til Bråta-Per, Ola Dekko (1858 - 1949), tok til å spela.
Ola Dekko vart storspelemann og sentral tradisjonsberar for spelemenn i
øvre Hallingdal, og er rekna for ein av dei beste spelemenn Ål
har hatt. Som dansespelemann skal han ha vore ein meister. Han spelte i
nærare 300 gjestebod og det er ein stor slåttetradisjon etter
han. Ikkje minst takka vera sønene Knut (1885-1964) og Bottolv (1897-1973)
Dekko. Frå Ola Dekko går det rett tradisjonsline til tre av
dei viktigaste spelemennene i Hallingdal fyrste delen av 1900-talet:
Olav Sataslåtten(1891-1971), Sevat Sataøen (1892-1962) og Kristian Øvrevollseie (1910-1973).
Begge dei to fyrstnemnde budde i Satakroken, heimgrenda
til Jens A. Myro. Sevat Sataøen vart den viktigaste læremeisteren
hans. Det var eit rikt folkemusikkmiljø i Satakroken. Då Jens
A. Myro så smått tok til å fingre på fela, var det
såleis ein sterk speltradisjon å ause av, både i familien
og i bygda elles.
Jens A. Myro hadde eit naturleg talent for felespel og hadde lett for å
lære. Hardingfela hadde han under haka heilt sidan han var fire år.
Då fekk han fyrste fela, laga av sjølvaste Bråta-Per,
kjent spelemann og bror til hans eigen oldefar.
Jens spelte mykje i ungdomsåra, særleg til dans, både
åleine og i lag med andre. Han vart yrkesmilitær, og fekk arbeidsplassen
sin ved HV-skolen på Torpomoen. Ei tid på 50-talet vart det
mindre aktiv speling, men frå rundt 1960 steig etterspørselen
etter godt felespel til nye høgder, og sidan rulla hallingspringaren
jamnt og trutt frå strengene til Jens A. Myro.
Det var eit svært aktivt dansemiljø i Ål desse åra, og den veksande reiselivsnæringa i dalen vart ein ny oppdragsgjevar for folkemusikkutøvarar. På HV-skolen vart det også mykje speling. Det er nok ikkje mange som har vore på kurs eller hatt annan teneste her, som ikkje fekk høyre fela til Jens ved kursavslutningar og andre høgtidelege høve. Fleire gonger hadde han representasjonsoppgåver for Landslaget for Spelemenn og Utanriksdepartementet til ulike kantar av verda. Både i Fjerne Austen, Nord-Amerika og i fleire europeiske land fekk folk høyre korleis Myro-fela kunne syngje.
Kaptein Myro gikk av med pensjon frå Heimevernet alt i 1981. Kulturlivet
i Ål har har hatt god grunn til å takke Heimevernet og staten
for den gode pensjonsordninga.
Tida etterpå var nemleg særdeles aktive år for Jens A.
Myro. Han fekk konsentrera seg fullt og heilt om dei to fremste lidenskapane
sine; felespel og fotografering. Fotografert har han gjort støtt.
Det norske folkemusikkmiljøet er gjennomfotografert på kappleikar
og stemne gjennom meir enn 40 år, og resulterte i eit privat skattkammer
på fleire tusen bilete. Ein del av desse vart gjeve ut i bokform av
Landslaget for Spelemenn for nokre år sidan.
Sin daglege "arbeidsplass" hadde han i Bygdearkivet i Tingstugukjellaren i Ål, der han bygde opp og registrerte eit formidabelt arkiv av gamle bilete frå heimbygda og dei andre kommunane i dalen.
Som spelemann var han støtt mykje etterspurt, både i heimbygda
Ål og i Hallingdal elles. Som konsertspelemann i lyd og lag, til underhaldning
og dans, som lærar i musikkskulen og som musikalsk leiar i spelemannslaget.
Han var lett å beda og støtt godt fyribudd, vital og opplagt,
med eit smittande humør og eit optimistisk syn på det meste.
Og alltid hadde han ei god historie på lur.
I folkemusikkmiljøet var Jens A. Myro kjent som ein markant personlegdom,
solo-utøvar av rang og ein av dei beste dansespelemenn i nyare tid.
Han var ein trufast kappleikdeltakar. Og han har spelt godt ved mange høve.
Eit høgdepunkt var Landskappleiken i Bø i 1975 då han
vann NRK sin pokal for beste kappleiklått. Men sjølv om han
som regel stilte opp, likte han ikkje konkurranseforma spesielt godt. Det
var dansespelet han sette høgast. Det var den sida av kappleiken
han utvikla til ei kunstform.
- Det er ein upplevels når du kan spela låtten
og liksom skuve danseparet framma deg utpå golvet. Då er det
moro å spela, forklara han. Eit titals gonger spelte han dansarar
til topps på Landskappleiken.
Tidlegare programsekretær i NRK, Rolf Myklebust, seier det slik i
boka 50 år med norsk folkemusikk»: - Det er merkande kva
viktig rolle spelemannen har, når dei spesielle bygdedansane skal
framførast. Å sjå hallingspringaren dansa med Jens A.
Myro som spelemann, er ei harmonisk oppleving for auge og øyre. Det
er konsentrert folkelivsskildring i spel og dans, der ikkje noko er likegyldig.
Litt av ein svir, kan ein seie.
På denne CD-plata er det samla eit knippe av dei aller beste danselåttane
Jens A. Myro hadde på repertoaret gjennom eit langt liv som spelemann.
Det meste er låttar i tradisjon etter Dekko-karane og Myreguten, slik
Jens lærde dei av Sevat Sataøen og dei andre spelemennene i
Satakroken.
Opptaka er gjort i fleire omgangar på 1970-talet. Dei fleste innspelingane
er studio- og kappleikopptak frå Folkemusikk-arkivet i NRK. Men 7
låttar er henta frå Lp-plata &laqno;Me spelar til dans»
frå 1979, med Jens A. Myro og toraderspelemannen Thorleif Stave. Denne
plata vart nominert til Spellemannprisen året etter.
Foto: Per Tore Breiehagen
- Lengji sea sist, gut! Gode spelemannsvener, Jens A. Myro(t.h. +2002)
og Ola Opheim (+2003) frå Vågå i Gudbrandsdalen.
CD-plata: Hallingspel