I lyd og lag, samver og gjestebod, på kappleikar og til framsyning,
i oppdrag heime og ute, alle stader der det skal spelast springar eller
laus.....han Jens sviktar ikkje! Han har spelt mangfaldige tusen slåttar
til dans. Det er han me vil ha når det skal dansast skikkeleg!

Takten er så fjellstø som berre ein
djup og lang tradisjon kan forklare. Tradisjonen ligg både i slekta,
i slåttane og i eit tett knippe med spelemenn i bygda. Den rette takten
fær difor ein spelemann i eit miljø langt på veg gratis.
Rytmen derimot, er det spelemannen sjølv som må drive fram.
Spelhandverket er til god hjelp, men mang ein "storspelemann"
er ofte ikkje så rare dansespelemannen. Rytme kan som alt anna vera
ei øvingssak, eit stykke på veg. Men det er også ein
særleg givnad. Han Jens har utvikla denne evna til perfeksjon. Gjennom
desse hundrevis av dansekveldar og desse tusenvis av slåttar har han
Jens poda inn og skapt rytme og liv i mang ein dansar. Slåtteformene
er som hogde i stein, men han Jens gjev dei nytt liv kvar gong. Han fær
slåtten til å renne og flyte. Ola Dekko, Olav Sataslåtten,
Sevat Sataøyn og resten av Satakroken......her koma dei att!
Du blir sterk på golvet; du veit ikkje kor i musikken kreftene kjem
frå. Blir du dregen rundt golvet, blir du skuvt, blir du lyfta - eller
alt på ein gong?
Det er frå femte eller sjette springaren det verkeleg blir moro. Då
fær du framdrift, tyngde, lyft og bakskuv samstundes! Ja, pass deg!
Når han Jens først tak i deg, held han deg fast, driv deg,
styrer deg - med tuppen av felebogen!
27.3.1997
Hallgrim Berg

Jens spelar , Maria Høgetveit og Hallgrim Berg dansar. Landskappleiken på Lillehammer i 1977.
CD-plata:
Hallingspel
CD-plata "Hallingspel" er produsert med økonomisk støtte frå Norsk Folkemusikkfond, Hallingbanken, Ål Kommune, Ål Spel- og dansarlag, Hemsedal Spelemannslag, Nes Spel- og Dansarlag, Gol Spel- og Dansarlag, Geilo Spelemannslag, Aal Mote, Ola Perstølen A/S og Ål Hyttebygg.
HALLINGSPEL - HEILO - HCD 7130 - 1997