Då Toradertrioen i 1982 skuvde saman belgane for godt etterlet
dei seg eit stort tomrom i durspel-Norge. Men spelemennene var heldigvis
aktive kvar for seg. Yngstemann i trioen, Jostein Sørbøen,
hadde alt markert seg som ein uvanleg dugande komponist. Dei to siste platene
til Toradertrioen var sterkt prega av Sørbøenlåttane.
Dei fleste hugsar nok reinlenderen "Uppatt og atté", polkaen
"Mikkelsplassen" og masurkaen "Buk i mjålkebu´n".
Nytt kvalitetsrepertoar for durspel er ikkje kvardagskost, verken i dag
eller den gongen, og Sørbøen-låttane vart fort reine
landeplagene i durspelmiljøet. Jostein hadde mykje på hjarta
denne tida. Låttane trilla og rann ut av toraderen i tide og utide.
Og det var berre eit fåtal som var innspelt på plate då
Toradertrioen sa takk for seg.

Oddvar Fingarsen, Martin Thue, Arne Sigurd Haugen og Jostein Sørbøen.(Foto: Ole Johs. Brye)
Ein ekte spelemann sit ikkje og rugar på eit slikt repertoar åleine.
Oddvar Fingarsen, eks-Toradertrioen og attpåtil etterkvart også
svoger, var naturleg å ty til når spelelysta vart for sterk.
Oddvar var no fast medlem i Knut Halvards, eit anna populært gamaldansorkester
i dalen. Og saman med Knut Halvards-kompet, Martin Thue og Arne Sigurd Haugen,
vart det etter kvart mange trivelege spelkveldar med Sørbøen-låttar.
Dei fleste komposisjonane var namnlause. Men karane visste råd.
Det har alltid vore grobotn for mykje kreativt og godt tullprat der spelemenn
møtes. Nett på denne tida hadde kraftkommunane i Hallingdal
slått saman dei kommunale e-verka i eit regionalt kraftforsyningsselskap,
ja, tenk det, Hallingdal Kraftlag. Det var i lys av dette at "Fest
i sikringsskåpet", "Jenta i trafokiosken", "Du
kan kji danse med stolpesko", "Den ned-demnde moltemyré"
og "Uti de små kilowatt-timer" vart til. Og gamaldansgruppa
Hallingdal Kraftlag var eit faktum.
Alle fire var travelt opptekne med kvart sitt desse åra. Kraftlaget
var difor eit overskotsføretak som livna til når karane hadde
tid og anledning til å møtast.
Men alt i 1986 var dei fire saman i studio for fyrste gong, då Knut
Halvards spelte inn "Slåttefest". Her er det to Sørbøen-låttar,
polkaen "Kilevinken" og masurkaen "I Ørvønu´n".
Fyrst i 1989 vart det tid og høve til å satse på kompis-gruppa
Hallingdal Kraftlag. Og mottakelsen i gamaldans-Norge vart overveldande.
Plata "Til verket" selde godt, og vart nominert til Spellemannprisen.
Radio- og TV-program sette ytterlegare fart i kraftlaget. I to-tre år
var gruppa svært aktive og spelte mykje til dans og konsert rundt
om i heile landet.
Etter ei lita pause bestemte karane seg for å starte turbinane igjen
hausten 1994. Ikkje minst fordi Jostein Sørbøen hadde laga
så mange nye, gode gamaldans-låttar som folket burde få
høyre. Utgjeving nummer to, CD-plata "10 års sikring"
med Hallingdal Kraftlag, kom ut i 1995.
Hausten 1996 er gruppa i full gang med å førebu ny innspeling.
Hallingdal Kraftlag ber alle abonnentar merka seg at gamaldansorkesteret
no er åleine om namnet. Den lokale el-forsyninga fann det best å
byte namn etter at dei i lengre tid vart nedringt av ymse arrangørar
av festivalar, gamaldansfestar og toraderkurs.
HALLINGDAL KRAFTLAG har hatt same besetning på begge innspelingane
sine.
Jostein Sørbøen: Torader.
Oddvar Fingarsen: Torader,
trekkspel og nyckelharpe.
Martin Thue:
Bass.
Tore Løvgreen: Trekkspel, banjo
etc.
Arne Sigurd Haugen:
Gitar.
Utgjevingar med Hallingdal Kraftlag:


Dessutan er utgjeve notesamlinga: "30 durspelslåtar av Jostein
Sørbøen"
Melodiförlaget AB, Pb. 7, S-64 600 GNESTA.
Gamaldansmusikken i Hallingdal kan du lesa meir
om på denne sida.
Har du sett og lese nok? Har du lyst til å høyra musikk?
Musikalske smakebitar
i Real Audio
Hallingdal Kraftlag har e-mailadresse: spelemenn@broadpark.no
Sidetopp