Tilbake til Honndalstausene - Sidebotn


KVINNELEGE SPELEMENN

Av Bergljot Engeset, NPK,1984.

Dei følgjande artiklane har tidlegare stått i Spelemannsbladet og Nationen.
Vi gjer merksom på at Tone Lien enno ikkje var blitt medlem i Honndalstausene då serien vart forfatta.

1. Kvinner skal lytte og danse!
Honndølene spelar godt - men syndig
15 føregangskvinner

2. Hornindalsområdet med landsrekord!
Samulinespringaren
Kvinner tidleg med lagspel
Honndalstausene

3. Utdrag av artikkelen:
Jenter med fele ikkje lenger synsbedrag!
Vi skal spele og leika for Vårherre


Ikkje fele for Vesle Anne:

Kvinner skal lytte og danse!


Den vidgjetne spelemannen, Loms-Jakup hadde fem born, tre jenter og to gutar. Sønene spelte litt fele, men hadde ikkje faren sine evner. Yngste jenta hadde godt lag med fela, men ho fekk ikkje lov å drive med det. "Dei andre kan gjerne låte, for dei lærer ikkje likevel, men ho Anne vil kome til å lære ho, " sa han. Jakup vil ikkje at fela skulle bli til freisting og ulivnad for dottera.
Dette var i 1850, og det skulle gå nærare hundreogtretti år før jentene for alvor våga seg fram med felene sine. Lagnaden til vesle Anne vart delt av mange andre unge spelemannstalent over heile landet: dei var jenter, og jenter og feler høyrde ikkje saman. Spelemannslivet var oftast eit hardt liv, der både familielukke og gard og grunn måtte bytast bort med fela. Og det var mang ein spelemann som ikkje ynskte borna sine denne uvisse framtida; korkje gut eller jente. Dessutan var felespel i store delar av landet rekna som synd. Folk knytte lett brennevin og festing til spelemannsyrket, og det er vel naturleg når ein veit at dei mest ettertrakta spelemennene kunne spele i opptil 40 bryllaup i året; bryllaup og spel som ikkje varte berre ein dag - men tre dagar og netter. Og spelemennene skulle stå til teneste heile tida.

Folkemusikk-kjennaren Hans Geitvik fortel om Vika-Petter i Austefjorden (f. 1821): "Tvo spelemenn i bryllaupet so sant dei var å få, soleis var skikken. Det vart endå ei stri tørn. At Vika-Petter spelte sovande såg ikkje eg. Men eg såg at han "dubba" so spelet glapp for han ein augneblink, og eg såg fleire gonger at dei kom og bar han inn i stova og sette han på benken. Han hadde gøymt seg vekk og skulde få sova ei stund."

Hønndølene spelar godt, men syndig!
So mykje om sjølve yrket, ikkje rart at gode fedre ville vare døtrene sine for eit slikt liv - men heller ikkje rart om det finst mange uforløyste kunstnarsinn i kjøkkenkrokane i norsk spelemannssoge, mykje lengt og forsaking: fela var for kvinna berre å lytte til, og til å danse etter. Men så tok dei sitt monn att når det galdt andre folkemusikkinstrument, først og fremst langeleiken. Og dei tralla. Dei tralla slåttar som det skulle gode spelemenn til å gjere etter. Og gamle spelemenn døydde vekk, utan kanskje å ha lært slåttane frå seg. Men dei levde "på munnen" kvinner som hadde høyrt slåttane, anten av spelemenn eller i trallar-tradisjon frå mor og bestemor, berga dei vidare. Ofte har slåttane namn etter desse kvinnene: I Skjåk er det slåttar etter Blind-Siri, i Vågå etter Blind-Marit, etter Blind-Kjersti lever det slåttar og etter Blind-Kari ein halling.

Med dette har vi kome inn på ei anna side i den kvinnelege folkemusikk-soga, dette at så mange kvinner som hadde mist synet prøvde å skaffe seg eit levebrød gjennom musikken. Men dette fenomenet skal vi ikkje ta opp her og no. Berre nemne at ho "Blind-Sigrid Skaare", "Blind-Siri" som ho og vart kalla, frå Stryn, spelte fele. Dei frakta henne omkring i distriktet, og ho gjorde fullverdig jobb som spelemann, fortelst det.

Og har vi først kome til Nordfjord, til Stryn og Hornindalstraktene, ja Sunnylven og Søre Sunnmøre med, då vrimlar det av kvinnelege spelemenn; frå ho Spelar-Synneve, Synneve Rasmusdotter Offerdal, f. Frislid omlag 1719, til årets unge damer i "Honndalstausene", og småjenter som har vist seg som storspelemenn på fleire kappleikar: med knapt 14-årige Annbjørg Lien frå Mauseidvåg i spissen, og stadig nye Nordfjord-talent.

Kva er det som gjer at nett dette distriktet har fostra så mange felespelande kvinner?
For det første har her alltid vore uhorveleg mykje folkemusikk i det heile - spelemenn, slåttediktarar, og mange gode songarar, kvedarar, både menn og kvinner. Rolf Myklebust, som har kome med mange opplysningar til denne artikkelserien, seier om folk og spel frå Hornindal: - Honndølene har alltid vore sterke og medvitne folk som aldri har skjemst over kulturarven sin. Dessuten har det i den vesle bygda, gjennom fleire hundreår, alltid vore ein person som har bore tradisjonen vidare. Honndølene har eit livsfriskt spel, som tenner hjå dei som høyrer på. Dei har appell, og det er viktig når ein skal skape , miljø. "Dei spelar godt, honndølene, men dei spelar so syndig", heiter eit gamalt ord!

15 føregangskvinner
I jakta på kvinnelege spelemenn, har eg gått etter desse kriteria: Dei må ha spelt offentleg, til dans, i bryllaup, eller på kappleikar, og elles vere kjende som gode spelemenn.
Eg har her kalla dei kvinnelege felespelarane for spelemenn, fordi dette er ein godtatt "yrkestittel", og spelemannslaget ein institusjon. Eg trur eg kan seie det så sterkt som at når det gjeld kvinner og felespel, finst det ikkje maken, og har det heller aldri funnest maken til miljøet i dei indre traktene på Nord-Vestlandet.
Som dokumentasjon for påstanden hjelper det godt at ein framsynt mann som Sivert H. Geitvik, son til Hans Gjeitvik, i 1952 ga ut ei bok om spelemenn, der han listar opp dei kvinnelege felespelarane som var kjende i distriktet frå år 1700 til 1800, 15 namn. Dette i ein periode då dei mest sentrale folkemusikkfylka kan vise til berre eitt og anna kvinnenamn på spelemannssida, og Hardanger Spelemannslag med sine rike speltradisjonar, ikkje har eitt kvinnenamn i ei liste på heile 270 spelemenn frå år 1722 og fram til 1900!
I standardverket "Og fela ho let -, " som no har kome i 2. utgåve, finst det berre ei kvinne nemnt i heile den norske spelemannstradisjonen.

Det er i bolken om den eldste tida: "Hallingdal nemner dei Helga Hågeseter (1732-1820) frå Hol og Knut Skøro (1720 - oml. 1800) frå Ål. Det var "dei beste spelemennene" for si tid der. Desse få linene seier kanskje litt, likevel? Når kvinnene er så usynlege i spelemannshistoria, kjem det nok ikkje berre av at dei var så få; dei vart ikkje heilt rekna med heller, med nokre unntak. I dei sterkt avgrensa, avstengde, bygdelaga kring Hornindal fanst eingong desse spelemennene, alle bryllaupsspelarar: Sofie Solheim 1766-1819, 53 år, Lars Brendefur 1782-1879, 97 år, Johanne Frislid 1786-1883, 97 år, Margrete Maurset 1798-1888, 99 år, Lise Jyvall 1791-1873, 82 år, Synneve Seljeset 1791-1861, 70 år, Marte Bjørdal ("Mari i Lidene")1797-1885, 88 år, Samuline Seljeset, 1804-1872, 68 år, Lars Kroken 1807-1889, 82 år, Anders Tufte 1817-1892, 75 år, Per Solheim 1823-1893, 70 år, Magne Maurset 1824-1915, 91 år, Ole Hjellbakk 1850-1936, 86 år.
Sju av tretten spelemenn er kvinner i denne hundreårsperioden i Hornindalsområdet. Geitvik går og litt vidare og får med namn på spelarkvinner i dei sunnmørske grannebygdene: Spelar-Synneva, Synneve Rasmusdotter Offerdal, 1719, Ingeborg Eriksdotter Heggen, f. Ofredal 1772, Brit Aurstad, f. Otredal 1775, Kari Rørhus, f. Otredal 1777, Margrete Rasmusdotter Mårstøyl, f. Rossetvik 1776, Ingeborg Andersdotter Raftevold, f. Kirkhorn 1790, Spelar-Birte, Berte Spjelkevik, f. omlag 1800. Med desse 8 namna, har ein 15 kjende kvinnelege spelemenn i distriktet - og det skulle halde til historisk landsrekord!

Geitvik sjølv fann ikkje svar på kvifor det var så mange kvinner som var felespelarar der i bygdene. Men han nemner at sambandet med utanverda saknast ikkje den tida heller. Det var byturar til Bergen, og det var utanlandske skip som kom inn Sunnmørsfjordane. I 1600 var fela kjend mange stader. Og han siterer P.M. Gjærder: "Det er kvinnene som hev laga folketonane våre. Karane var jamt ute på røvarferder og slosting, og kvinnene - dei sat heime. So song dei, og so gret dei, og soleis vart folketonane våre so vedkjømelege og fulle av mollklang."



Hornindalsområdet med landsrekord!


Utan at ein har funne svaret på kvifor det er slik, kan ein slå fast at det er Hornindal og bygdene rundt som har den sterkaste tradisjonen når det gjeld kjende, kvinnelege spelemenn, og det er også her ein i våre dagar har sett største rekrutteringa. Det siste veit ein meir kvifor - her står skulen og folkemusikkkundervisninga sentralt. Dei femten kvinnelege bryllaups-spelarane på 1700 og 1800-talet, får tilskrivast eit miljø med mindre pietisme og meir livsglede enn mange andre stader.

At det i Hardanger, og mange andre delar av landet, ikke finst ei kvinne som spelar fele fram til år 1900, meiner sume kan ha med sjølve feletypen å gjere. At det kanskje har vore fleire som spelte vanleg fele, enn hardingfele. Det er lite som tyder på at dette er rett - når ein ser bort frå dei gamle Hornindalskvinnene. Her i bygda spelar dei no vanleg fele og hardingfele om kvarandre. Rolf Myklebust fortel at den vanlege fela rådde grunnen til først på 1900-talet, då storspelemannen Ivar Kjellstad frå Sunnylven gjekk over til hardingfele. Han vart reine meisteren på dette instrumentet óg. Ikkje lenge etter gjekk også Hornindals-spelemennene over til hardingfele.

Sporadisk var instrumentet brukt i Nordfjord før den tid. Den første kjende hardingfela i Nordfjord er frå 1784, laga av Anders Almenning frå Davik herad. Anders laga fela til dotter si, Marta. Den siste som brukte fela var Kristi på Stia, seier Myklebust. Han Loms-Jakup frå Ottadalen, som ikkje ville at yngstejenta hans, ho vesle Anne, skulle få ta i fela "for ho kunne kome til å lære" - ja, han måtte då bli litt undren når han seinare vitja bygdene rundt Hornindal for å lære slåttar, og fann så mange kvinner som spelte fele på lik line med menn?

Og det fylgde vel ikkje meir ulivnad med desse, enn med andre kvinner? Ein veit døme på at konene både har stemt felene til spelemanns-mennene sine, og dei har måtta ta over heile spelet når mennene deira vart for påsegla i bryllaup!

Samulinespringaren
Det er særleg to omvandrande spelemenn som har hatt mykje å seie for spelet i Hornindalsområdet. Den eine er Blinde-Rasmus, som var læremeister til Rasmus Moldsvor. Samuline Seljeset vaks opp på Moldsvor. Medan karane dreiv og spelte, gjekk jenta omkring og lydde på, og det var ho som vart den verkelege felespelaren.

Også Lukris Vik, som sjølv var felespelar og kjende mange felespelarar og slåttane deira, snakka om Blinde-Rasmus. Ho hadde sett han som småjente, seier S.H. Geitvik. Den andre omvandrande spelemannen Geitvik nemner, er Loms-Jakup, lausungen frå Lom", som han sjølv kallar seg:

- I våre bygder teiknar seg Loms-Jakup som ein sårhuga, ofte uglad mann, men ein hjarteleg god mann og ein grunnærleg musikar. Alle spelemenn er på leiting etter nye slåttar, men det synest å bu ei djupare interesse hjå denne stillfarande mannen der han går sin veg åleine - til Samuline Seljeset, til Lars Brendefur, "for å høyre felespel og slåttar", seier Geitvik. Første gongen Loms-Jakup traff Samuline gjekk det slik føre seg: Den gamle spelemannen reiste og som skreppehandlar. På Seljeset hang det ei fele på veggen, og Loms-Jakup spurde om nokon spela? Kona på garden, Samuline, sa at ho gnika litt. Dette trudde ikkje Jakup. "Ja, kan du spele meg ein god springar så skal du få dette storeplagget, sa han, og tok det ut av skreppa. Samuline spelte ein god springar, ein av Loms-Jakup sine eigne slåttar, og storeplagget var hennar.
Det har vore fortalt av fleire at Samuline spelte mykje likt ein av storspelemennene i bygda, Kroka-Lars, men at ho Samuline spelte finare.

Dei to eldre systrene til Samuline, Ingeborg fødd 1790, og Synneve, fødd 1791, var og felespelarar. Når Samuline skulle ut på speling var mannen hennar sur og gretten. Han likte ikkje sjølv å skulle stelle huset og passe ungane.

Også andre spelemenn kjende seg truga på mannsområdet: Han Kroka-Lars hadde tenkt å få spele i eit bryllaup på Brendefur, men då han høyrde at Samuline og skulle dit, vart han fornærma, seiest det.
Samuline Seljeset ga elles liv til ei stor folkemusikkslekt: ho er bestemor til songaren Elling Seljeset, og oldemor til fire brør Hjellbakk, som alle spelar fele. Mest kjend er Lars Hjellbakk (1889-1976). Synnøve Hjellbakk, som m.a. spelar i "Honndalstausene", stammar og frå henne Samuline.

- Her var eit bryllaup, fortalde Lars Hjellbakk, - då høvde det slik at mor til brura og mor til brudgomen var spelemenn begge to. Den eine var Samuline Seljeset. Då folket kom heimatt frå kyrkja, var det begge konene som spelte brurefølgjet til gards; dei kom stigande her oppover vollane og spelte med fynd og klem!
Samuline-springaren er ein slått som blir spela oppatt og oppatt av stadig nye skot på det Honndalske spelemannstre!

Kvinner tidleg med lagspel
Sivert H. Geitvik er frå Austefjorden, ei sunnmørsk grannebygd til Hornindal. Han fortel at første felespelaren dei høyrer tale om der, er Brit Aurstad. Ho sat alltid på sjølve langbordet medan ho spelte, der sat ho og trødde takta med sine sølvspente sko - "ho Brit Aurstad med sine sølvspente sko", sa folk alltid når talen var om henne. Brit Aurstad var frå Otterdal (Hornindal), ho var døypt i Eid år 1775. Dei var sju søstre som alle lærde felespel medan dei var småjenter.

Til spelemannen Magne Maurset, fødd 1824, er det knytt mange soger. Folk seier at spelet hans, med mykje krusedullar, var eit slags underjordisk spel, eller huldrespel. Dei var felespelarar både mora og bestemora til Magne. Bestemora, Suffi (Sofie) Olsdotter Solheim, er døypt 1766, og mora Margrete Maurset, har fødselsår 1789. Margrete var gift med Gabriel Støverstein. Søster hans, Mari i Lidene eller Bø-Mari fødd 1797, var og felespelar. Margrete og Bø-Mari fann ofte høve til å vere i lag, dei spela saman og lærde av kvarandre.

- So er det Lise Maurset, den 2 år yngre grannejenta til Margrete - ho vart gift til Dybevold eller Jyvall som vi seier her. Om Lise Jyvall heiter det at ho sat på hesteryggen og spela brudefylgje til kyrkja. Ho kom ridande over Tverrfjellet, den vanlege vegen den tida mellom Markane og kyrkjestaden i Stryn.

Når Lisa spela i bryllaup hadde ho barnet sitt liggande i koven. So var det andre som såg etter barnet medan ho sjølv spela.
Stundom drog Margrete og Lise til Bø-Mari på Støverstein, og då vart det mykte spel! seier Geitvik.

"Honndalstausene"
Framleis kjem kvinner i bygdene rundt Hornindal saman for å spele i lag.
Unge, dyktige jenter markerer seg i stadig større grad, både på kappleikar og i andre samanhengar, i solo og lagspel, med hardingfele og vanleg fele.
- Eg er odelsjente, "ungkar og spelemann", så då har eg vel ikkje fleire "heidersitlar" å hente i spelemannsmiljøet, smiler Gunnhild Sindre, ei av dei første småjentene som tok fela fatt, då bølgja med kvinnelege spelemenn byrja rulle att for vel ti år sidan.

Ja, det har vore generasjonar i Hornindal utan kvinnelege felespelarar, men då vart det sunge! Soga om desse framifrå folkemusikkutøvarane og tradisjonsberarane får skrivast ein annan gong.
Vi skal attende til 1975, Til ein fjernsyns-serie som vart tatt opp på dei kantar, kom det fire små spelemenn, to gutar og to jenter: "Småhonndølene". Særleg vekte dei 10-års gamle jentene oppsikt med felene sine! - Vi vart lagt merke til, ja - og vi hadde speleoppdrag i heile distriktet. På Landskappleiken på Lillehammer to år seinare, var vi fire deltakarar i yngste klasse, og det var oss fire! No er det rekord-deltaking i denne rekrutteringsklassa, og det blir fleire og fleire jenter, seier Gunnhild Sindre, som var den eine av "Småhonndølene". Torunn Raftevold var og med, og no er dei begge å finne i spelemannslaget "Honndalstausene". Det einaste spelemannslaget i landet som stiller på kappleikar med berre kvinnelege felespelarar. Og på førstepremielista hamnar dei jamnt! Utanom dei to nemnde, er også Gunn Sølvi Gausemel, Synnøve Hjellbakk, Bente Tomasgård og Marianne Tomasgård med i dette pionerlaget. Lagspel-instrumentet deira er vanleg fele, men kvar for seg spelar dei både fele og hardingfele.
- Det er skulen og dyktige og interesserte lærarar vi kan takke for den siste oppblomstringa av folkemusikken i Hornindal, seier Gunnhild.
- Alle som ville fekk lære å spele fele frå om lag 3. klasse, og dei var flinke til å sjå på oss som likeverdige, anten vi hadde "røtene" i orden, eller om vi kom frå ei slekt utan det minste sporet av spelemenn! Heller ikkje dyrka dei talenta, og gløymde resten.

Og dei gode, gamle felespelarane i Hornindal Spelemannslag tok imot oss med opne armar. No er det tre kvinner og tre menn i styret der, seier Gunnhild - som er med på å halde fast det som må vere historisk landsrekord: Av tretten kjende spelemenn i Hornindalsområdet frå omlag midt på 1700-talet og hundre år fram, var det sju kvinner!



Jenter med fele ikkje lenger synsbedrag!


Brita Eldegard Nesje (1909-1977) frå Årdal, blir ståande i historia som den einaste kvinneleg spelemannen i Sogn fram til "nytida". Også syster hennar, Johanne Eldegard, f. 1906, spelte litt i ungdomen, men så la ho fela vekk.
Med slike solide spelemenn i ryggen, som bestefaren Sjur Eldegard, og broren, Sigurd Eldegard, er det kanskje ikkje rart at dei to jentene våga seg i veg med fela. Første gong systrene spelte offentleg, var til eit turdanskurs som Klara Semb heldt. Brita var då nett konfirmert. Same året, 1923, reiste Brita til Bergen og var med på den første kappleiken då Landslaget for Spelemenn vart skipa.
Både 14-årige Brita, og den eitt år yngre Sigbjørn Bernhoft Osa fekk "umframpremi" i yngste klasse, og dei var i godt selskap: Dreng Ose, Arne Bjørndal, Lorents Hop, Halldor Meland, Anders Kjerland og andre storkanonar var mellom deltakarane på denne kappleiken.

Vi skal spela og leika for Vårherre
Edvard Os, den tid skrivar i Noregs Ungdomslag, var festtalar på denne første kappleiken i Landslaget sin regi: - Det er ikkje for domarane vi skal spele, sa han. Verda er full av "domarar" som verdset oss og arbeidet vårt etter sjablongar og mål og vinklar, som helst er i samsvar med fastgrodde meiningar i tida. Det beste i oss, det guddomelege, kan ikkje målast. Den kunsten vi dyrkar, spelet og dansen, skal i fyrste rekkje vere til å hyggje og glede oss sjølve med. Vi skal spela og leika for Vårherre! sa Os.
Når vi no går inn i nye spelemannstider, der også det gamle spelemannsidealet naturleg nok må stå for fall - blir det spanande å sjå korleis det framtidige idealet vil arte seg. Kva vil den veksande flokken av kvinnelege spelemenn føre med seg inn i folkemusikkmiljøet?

Spør ein i dag etter særdrag, om det er nokon måte jentene skil seg ut på som felespelarar, blir det gjerne svara: Dei tek seg sjølve og spelet sitt mindre høgtideleg. Dei er mindre bundne av konkurransemomentet på kappleikane. Det å møtast og ha det moro, ser ut til å telje meir enn poeng og plassering.
Då blir det kanskje jentene som for alvor kjem til å fylgje den seksti å gamle oppmodinga: Vi skal spela og leika for Vårherre!

Sidetopp - Honndalstausene - Fyrstesida