Toradertrioen frå Hallingdal - Knut Halvards - Hallingdal Kraftlag - Honndalstausene - Sven Nyhus Kvintett - Fyrstesida
Arne Sigurd Haugen

Har spelt til dans sidan fyrst på 70-talet. Medlem frå starten i Knut Halvards og sidan fast gitarist for Honndalstausene , Hallingdal Kraftlag og Sven Nyhus kvartett. Ein del år også engasjert innan organisert arbeid med folkemusikk og dans.
Saman med spelemennene Øyvind Brabandt og Knut Fauske var han med på å starte Hallingdal Juniorspelemannslag, seinare Hallingdal Låtelag.
Har vore leiar både for Aal Spel - og Dansarlag og Buskerud Folkemusikklag. I åra 1986 -1989 var han ansvarleg for Folkemusikkdagane i Ål (Den norske Folkemusikkveka), saman med Arne Moslåtten. Arne Sigurd Haugen er dessutan ein av forfattarene til læreverket "Kvint og Kvart", ei lærebok i folkemusikk for grunnskulen i Buskerud. Dei andre forfattarane er Arne Moslåtten og Anne Svånaug Haugan. Boka vart utgjeve i 1996.
Arne Sigurd Haugen er journalist. Han har tidlegare arbeidd i Fremtiden i Drammen, samt i mange år i Drammens Tidende og Buskeruds Blad, det meste av tida ved Hallingdalskontoret på Gol. Dessutan har han arbeidd fleire år i avisa Nationen, som vaktsjef, nyhetsredaktør og webredaktør.
I dag pendlar han mellom Ål i Hallingdal og Oslo, der han er jobbar som redaktør i Nynorsk pressekontor.